En person i rød jakke, olabukse og støvler holder en paraply. Det sludder. Personen står i en hage dekket av slaps, og ser på en fluktstol som er satt ut til sommeren.
SOMMARLENGT: Ein einsleg fluktstol gjer ingen sommar. I alle fall ikkje når det sluddar. Arkivbilete frå 2023. Foto: Heiko Junge / NTB

Rauddag ein fredag, med sommarlege temperaturar. Det er kva mange nordmenn har i vente denne veka.

I Bergen er det venta 18 grader 1. mai, rett nok med litt merkbar sønnavind, men det skal bli sommarkjensle, ifølgje meteorologane.

I Oslo er det venta 22 grader, og dei fleste stader i Sør-Noreg kan venta seg temperaturar på mellom 18 og 20 grader pluss.

Et blomstrende tre står ved et vann. Treet har rosa blader, og i bakgrunnen ser man flere hus.
VÅR: Blomstringa har kome langt i Bergen til no i vår. Foto: Nina Kausland / NRK

– Sludd ned i fjæresteinane

Me ringer Meteorologisk institutt for å høyra om dette kan vare. Svaret frå vakthavande meteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganæs er «nei».

– Frå Sognefjorden og nordover til Tromsø vil det sludda ned i fjæresteinane langs kysten. I høgda blir det snø. Nattefrost kan folk også venta seg, seier ho.

Nett no er det eit høgtrykk i Europa som pressar vekk lågtrykka frå Noreg. Men no trekkjer dette høgtrykket seg lenger sørover, noko som opnar døra for at lågtrykka frå nord kjem sigande inn over landet.

Dame med paraply som går langs gaten
SURT: Det er berre å finna fram paraplyen att neste veke. Foto: Kristin Almeland Manger / NRK

– Mange stader i landet får nedbør måndag. Det blir regn, sludd eller snø, alt etter kor ein er, og temperaturen vil gå ned. Austlandet og Sørlandet blir liggande litt i regnskuggen, fortel Auganæs.

Kald og våt veke

Det er ikkje berre måndagen det kan bli surt. Meteorologane seier nokre høgtrykk prøver seg, men:

– Det ser ikkje ut til å bli noko futt i desse høgtrykka. Så det blir sporadiske påfyll av nedbør utover veka. Særleg Vestlandet, Møre og Romsdal og Trøndelag tek støyten, seier Auganæs, og held fram:

– Temperaturane på kring 20 grader må me nok sjå lenge etter. Nord-Noreg kan rekna med ein blanding av snø, sludd og regn.

Kan hende det blir sluddfri 17. mai

Når liene har byrja å grønka som hagar, og det lavar av blomar på strå kan det verka som ei personleg krenking at vinterjakka kanskje må fram att. Og det er meteorolog Auganæs samd i.

– Det kjennest jo litt surt at det skal bli kaldare att når me har hatt så fint ver i Sør-Noreg. I Sør-Noreg må me nok venta før ut i andre veka av mai før det blir varmare att. Også Nord-Noreg får litt stigande temperaturar frå rundt den 11. mai, seier ho.

17. mai i Bergen 2019
HÅP: Bergensarar og andre i landet kan framleis håpa på opplett 17. mai. Foto: Kjell Jøran Hansen

Meteorologisk institutt seier det framleis er for lenge til 17. mai til at varselet er heilt sikkert. Men trenden er at temperaturane er stigande utover mai.

– Det kan hende det ikkje blir sludd. Det er noko positivt å gle seg til, trøystar meteorologen.