I Noreg er det Rikshospitalet i Oslo som gjennomfører alle organtransplantasjonar.
Organa kan komme frå alle dei 29 donorsjukehusa i landet, i tillegg til utanlandske samarbeidsland gjennom ordninga Scandiatransplant.
– Dette samarbeidet har enorm verdi, og gjer at vi reddar fleire enn det vi elles ville gjort, seier informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.
– I fjor fekk vi fire lunger frå Sverige. Det redda fire kritisk sjuke pasientar, legg han til.
Det omfattande samarbeidet er mellom dei største sjukehusa i:
- Noreg
- Sverige
- Danmark
- Finland
- Island
- Estland
– Dersom sjukehusa i Noreg har nokon organ som ikkje passar nokon av dei som står på venteliste her i landet, kontaktar dei Scandiatransplant og tilbyr organa til nokon andre som kan få nytte av dei, seier Sekowski.
Samarbeidet blei stifta i 1969, og reddar om lag 2000 menneskeliv kvart år.
Nysgjerrig på lungetransplantasjon? Les meir om det her:
30 operasjonar i året: Slik fungerer ein lungetransplantasjon
Kronprinsessa med livstruande sjukdom
Fredag blei det kjent at kronprinsesse Mette-Marit er sett på venteliste for å få nye lunger.
Ho har lungesjukdommen lungefibrose, som no har utvikla seg til å bli livstruande.
Kronprinsessa var først open om sjukdommen i 2018. Det siste året har helsetilstanden forverra seg, og sidan april har ho vist seg offentleg med oksygentilførsel.
– Kronprinsessa har det siste halve året hatt ei betydeleg forverring av sin lungefibrose. Vi ser på bileta at det i løpet av det siste året har oppstått mykje meir arrvev.
Det sa overlege Are Holm ved lungeavdelinga på Rikshospitalet på ein pressekonferanse.
– Og på lungefunksjonsundersøkingar ser vi at ho har falle betrakteleg berre dei siste tre månadane. Dette er farleg, seier han.
No er det ni personar på ventelista for lungetransplantasjon – inkludert kronprinsessa.
Ventelista er ikkje nummerert, det ettersom pasientar som ventar på nye lunger må vere ein match med dei tilgjengelege lungene.
Det er uvisst når ei lunge som vil passe til kronprinsessa blir ledig.
Organa som får nytt liv
Vegen frå eit tilgjengeleg organ til transplantasjon går raskt.
– Dersom vi er på eit donorsjukehus og ei intensivavdeling har ein døyande pasient der det ikkje er noko håp, vil donorpersonell kontakte Rikshospitalet som har ein transplantasjonskoordinator, forklarar Sekowski.
Deretter vil koordinatoren sørge for at sjukehusa snakkar saman.
Vidare blir avdøde, dersom vedkommande er organdonor, undersøkt for å finne ut mest mogleg informasjon som Rikshospitalet treng.
Med riktig informasjon kan Rikshospitalet byrja arbeidet med å finne ein match.
– Klaffar alt, seier ein «go». Då blir ein heldig pasient ringt frå Rikshospitalet og får beskjed om å innfinne seg snarast mogleg. Bur vedkommande eit stykke unna er det berre å hoppe på første fly, seier Sekowski.
– Tida går, og med lunger har ein rundt seks timar på seg, legg han til.
Dersom norske donorsjukehus har eit organ som ingen på venteliste er ein passande mottakar av, blir Scandiatransplant kontakta for å sjekke om dei har ein pasient som er eigna til organet.
Det er også mogleg å sende ut eit «nødrop» for kritisk sjuke pasientar som berre har veker igjen å leve.
Scandiatransplant kan då varsle medlemslanda i håp om at pasienten kan få livsnødvendig hjelp.
Dette er einaste gongen ein pasient som er på venteliste blir prioritert, og det skjer svært sjeldan, ifølge Sekowski.
May Solfrid Lunde fekk operert inn ei ny lunge for 20 år sidan. Les meir om hennar historie her:
Friske lunger har gitt May 20 nye år: – Mette-Marit er knalltøff