Hildegunn Nordum med dundyne fra ærfugl
HEILT KONGE: Ei slik dyne søv dronning Sonja under. Ho og kong Harald fekk dei i 70-årsgåve frå Helgeland. Men grunna mellom anna klimaendringar legg produksjonen no ned. Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Selskapet melder sjølv om nedlegginga på Facebook, og oppgir nedgangen i ærfuglbestanden som hovudårsak.

Det markerer slutten på ein æra for ein av dei mest unike tradisjonane langs kysten vår.

I generasjonar har øyfolka på Helgeland levd i eit tett og livsviktig samspel med ærfuglen, populært kalla «ea».

Menneska har bygd reir og verna fuglane mot rovdyr i hekketida, og som takk har dei kunna sanke dei verdifulle edderduna når fuglane forlét reira utpå sommaren.

No er derimot fuglebestanden i så stor nedgang at drifta til selskapet ikkje lenger er berekraftig.

Ærfugl
Foto: Fredrik Steen Røstad

Luksusdyner til dei kongelege

– Dei siste åra har talet på ærfuglar som kjem til Lånan gått mykje ned. I år hadde vi berre halvparten så mange fuglar som i 2018, seier fuglevaktar Hildegunn Nordum.

Konsekvensen av at det blir færre fuglar på reir, er at det blir mindre edderdun og dermed færre dyner å produsere og selje.

Ærfugl med krok i munnen. Vardø, mars 2010
På Lånan har dei i over 1000 år handheva tradisjonen med å sanke dun frå ærfugl. Men nå må dunbedrifta legge ned. Foto: Knut-Sverre Horn

Edderdun frå ærfugl blir rekna for å vere verdas varmaste og mest eksklusive duner. Det krevst dun frå omtrent 60 reir for å lage éi dyne av vanleg størrelse, og ei slik handlaga dyne har hatt ein prislapp på godt over 100.000 kroner.

Dynene blir rekna som ei investering som kan vare i fleire generasjonar. Blant dei som søv under desse dynene dronning Sonja. I 2007 gjekk kommunane på Helgeland saman om å gi slike dyner i 70-årsgåve til kongeparet.

Arbeidet med å reinse duna går føre seg tradisjonelt for hand på ein såkalla dunharpe for å skilje ut støv og rask, og er eit tidkrevjande arbeid.

Ærfuglvokter, Øystein Ludvigsen, viser sommerarbeiderne i 2025 hvordan de renser ederdun.
Ærfuglvokter, Øystein Ludvigsen, viser sommerarbeiderne i 2025 hvordan de renser ederdun.

– Det er nesten eit halvt års arbeid for å få ferdig duna til éi dyne, forklarer Nordum.

Tradisjonen med å la fuglevaktarar bygge små hus og reir til ærfuglane, for så å sanke duna når fuglane forlèt reiret, strekker seg heile 1500 år tilbake i tid.

Dette unike samspelet mellom fugl og menneske bidrog sterkt til at Vegaøyane i 2004 hamna på UNESCOs liste over natur- og kulturarven i verda.

Varsla katastrofe: – Det ser f* meg mørkt ut

Nedlegginga av Utværet Lånan AS speglar ei dramatisk utvikling som lenge har prega Helgelandskysten.

Forsking bekreftar at ærfuglbestanden i verdsarvområdet er meir enn halvert berre dei siste ti åra.

På Hysvær har fuglevaktarane Snefrid Jakobsen og Øystein Ludvigsen nyleg slått alarm om situasjonen.

Snefrid Jakobsen og Øystein Ludvigsen er ærfuglvoktere på Hysvær utenfor Vega.
Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

– Vi reknar med cirka 80 prosent tilbakegang, kanskje meir, sidan 90-talet, seier Jakobsen om utviklinga.

Ludvigsen har uttrykt frykt for at ærfuglen på Vega kan vere heilt borte om 10–15 år viss trenden fortset.

– Det ser f*** meg mørkt ut.

Øystein Ludvigsen er ærfuglvokter på Hysvær utenfor Vega
Foto: Ine-Sofie Bruhaug / NRK

Årsakene til tilbakegangen er ifølge forskinga samansette, og kjem av ein kombinasjon av klimaendringar med varmare hav, dårlegare næringsinnhald i maten deira, menneskelege forstyrringar frå båttrafikk, og dessutan auka press frå rovdyr som oter, mink, havørn og kråke.

– Kvar einaste fugl vi klarer å berge og hjelpe trygt ut i havet, er ein siger, seier Jakobsen.

Hysvær på Vega
Hysvær i Vega består av eit par hundre øyar. Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Det skjer stort sett overalt der ein har noko data. Einaste unntak, ironisk nok, ser ut til å vere indre Oslofjord. Der har det vore ein auke over dei siste åra

Det seier sjøfuglforskar Jan Bustenes i Norsk institutt for naturforsking (Nina) som nettopp har vore i felt på Vega med prosjektet «Allianse for ærfugl».

Bustenes er einige med vaktarane i at det blir ekstremt vanskeleg å få bestanden tilbake til historiske høgder.

– Spørsmålet nå er om ein i det heile klarer å berge bestanden og stabilisere han på eit nivå der han klarer å halde oppe seg sjølv, seier han.

Transportproblem gav nådestøyten

På Lånan har dei merka desse miljøendringane på nært hald gjennom dei 20 åra selskapet har eksistert.

– Det er lite mat til fuglane. Vêret har også forandra seg. Eg håpar verkeleg praten om dette kan bidra til at det blir meir forsking på kva som skjer, for det er kjempeviktig, understrekar Nordum.

Men for Lånan AS var ikkje mangelen på fugl det einaste problemet.

Den andre medverkande årsaka til avviklinga er at båtturane mellom Vega og Lånan fall bort.

Selskapet prøvde ein periode å organisere eigne turar til Lånan etter at dei faste båtturane, som i dei første åra hadde tre anløp i veka, stansa.

Lånan i Vega, på Unescos verdensarvliste
Foto: Verdensarv Vegaøyan

– Nå må vi erkjenne at vi ikkje har moglegheit for å drive dette vidare. Det lønner seg ikkje, seier Nordum.

Dette skjer sjølv om selskapet tidlegare har fått økonomiske tilskot frå blant anna Innovasjon Noreg, Nordland fylkeskommune og Riksantikvarens verdiskapingsprogram.

Sjølv om selskapet nå set punktum, vil ikkje ærfuglane på Lånan bli overlatne til seg sjølve.

Ærfugl
Foto: Fredrik Steen Røstad

– Vi skal fortsette å vere fuglevaktarar. Ea og ærfuglen er det viktigaste for oss, så den kulturarven fortset vi å ta vare på, seier Nordum.

– Men formidlingsbiten blir borte. Vi er jo det ekte, vi er jo kulturarven. Det blir borte for folk å oppleve og sjå.

Så lenge det er ærfugl og dun på øya, vil fuglevaktarane fortsette å lage så mange dyner dei kan.