en person med rød hatt og svart jakke som holder et vikinghorn foran en folkemengde (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Då Noreg møtte Sverige til treningskamp før VM, dukka eit vikinghorn opp på tribunen. Det var langt meir enn ein billig suvenir frå ei bakgate i Oslo. Foto: David Gutman / CAID Media

– Vi ville ha noko som skaper identitet.

Det seier Torstein Hamran, styremedlem i supportergruppa Oljeberget, om det spesiallaga hornet dei tar med seg til USA.

En mann slår på en stortromme og smiler mot kamera.
Torstein Hamran i Oljeberget trur Noreg vil markere seg som «moderne vikingar» i USA. Foto: David Gutmann / Caid Media

Då det blei klart at Noreg var tilbake i det gjævaste fotballselskapet etter 28 år i bakgarden i fotballen, hadde supportergruppa eit drodlemøte med NFF.

Kva kunne fotballforbundet og Oljeberget finne på saman under temaet «den moderne vikingen»?

Dei kom fram til mange ting. Éin av dei er at supporterane skal «ro» på tribunen. Og kva skal sette i gang roinga?

Dette:

Ikkje som ein vuvuzela

Hornet er spesiallaga av ekte oksehorn og messing.

– Det finst vel berre to personar i heile Noreg som lagar sånne typar instrument, seier Erik Helmersen i NFF.

Et oksehorn omgjort til blåseintrument, med sølvdetaljer i den breiste enden og på midten.
Mykje arbeid frå mange ligg bak vikinghorna som skal synkronisere dei norske supporterane i VM. Foto: Karstein Grønnesby / Blåsemaker Grønnesby

Og det var blåsemakar Karstein Grønnesby som fekk oppdraget. Han set pris på at NFF gjorde dette grundig.

– Dette er ekte vare, rota i verkelegheita og i historia. På mange måtar tar det blåseinstrumentet tilbake til originalfunksjonen: organisering og skremming, seier Grønnesby.

I tillegg til ein proff blåsemakar har også andre blitt kopla på for at ting skal bli historisk rett.

– Vikingar på tokt blåste i horn. Vi har vore på Vikingtidsmuseet og snakka med folk der for å få det historisk korrekt. Dessutan er det ein naturleg link der med VM i USA og vikingar på tokt i Nord-Amerika, forklarer Helmersen.

Hornet er vanskeleg å spele på, omtrent som ein trompet. Det vil først og fremst bli brukt som eit signal for å samle supporterane til felles rop og rørsle, som roinga.

Då Norge spelte treningskamp mot Sverige på Ullevål 1. juni fekk vi ein prøvesmak på roinga.TV2
Då Norge spelte treningskamp mot Sverige på Ullevål 1. juni fekk vi ein prøvesmak på roinga.TV2

– Hornet skal ikkje fungere som ein slitsam, kontinuerleg lyd. Det er ikkje ein vuvuzela, den skal berre brukast for å sette i gang enkelte rop. Den blir brukt med måtehald, seier Hamran i Oljeberget.

Han fortel at Oljeberget sine to forsongarar er tenkte som brukarar, og begge har fått høve til å øve med hornet før VM.

Fem horn er produserte. NFF vil ikkje avsløre prisen.

Supporter-cruise i New York

Fotballforbundet anslår at mellom 7000 og 10.000 norske supporterar drar til VM for å heie på Noreg.

Dei kjem ikkje til å kjede seg, seier leiar for Oljeberget, Sebastian Husvik.

– Det blir flest kule arrangement og treffpunkt, og garantert sinnssjuk stemning. Vi skal ha supportercruise og greier, 600 nordmenn på ein båt utanfor New York.

– Skal de ro, eller?

– Det hadde vore gøy om vi måtte ro, men eg tippar båten har motor.

Mann sitter på trappa foran en hvit dør med hettegenser, caps og et rødt, hvitt og blått supporterskjerf og smiler.
Oljeberget-leiar Sebastian Husvik heime i Fredrikstad. Her blir han også under heile VM. Foto: Mathias Nordhus-Kristoffersen / NRK

Oljeberget kjem ikkje til å ha noko offisielt supporterarrangement heime i Noreg. Det betyr sjølvsagt ikkje at stemninga blir noko dårlegare her enn i USA, seier Husvik.

– Det ordnar seg sjølv. Det er berre å lese lokalavisa di, det er eufori og arrangement over heile landet.

– No håpar vi heile Noreg skal ro, frå Lindesnes til Nordkapp, med dei som sit på tribunen i USA!

Har ikkje returbillett

Tomas Tuen er éin av dei som skal vere på tribunen.

Han er klar for å ro, og skal sjå alle Noregs tre gruppespelkampar. Minst.

– Eg har ikkje bestilt returbillett, for å seie det sånn. Eg er rimeleg klar.

En arbeider i gul refleksdress og hjelm graver med en spade i en grøft. Gul isolasjon og kabler ligger i grøften. I bakgrunnen sees en gravemaskin og en bygning. Det er et utendørs bilde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
I juni byter Tomas Tuen ut refleksgult med Noreg-raudt. Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Tua var fire år sist Noreg spelte fotball-VM. Det hugsar han ikkje så mykje av. No vil han få mest mogleg ut av opplevinga, sjølv om det kostar.

– Pengar er ein bagatell, det er ikkje kvart år det er VM.

– Blir det poteter resten av året no, då?

– Hehe, ja, kanskje. Det er ei prioriteringssak!

Oljeberg-leiar Sebastian Husvik sjølv blir derimot heime i Fredrikstad under heile VM. Grunnen?

– Jentene i familien ville heller til «Granka» i år. Og eg skal gifte meg. FOMOen blir brutal, men eg har blitt lova fotball-EM 2028.