– Det ein kan lese frå Koranen, er at det ikkje er tillate med homofile handlingar i islam.
Det seier Yasir Mushtaq Ahmed. Han er talsperson for World Islamic Mission (WIM) som er eitt av dei største muslimske trussamfunna i Noreg.
Samstundes seier han at homofile kjensler ikkje er forbodne etter muslimsk tru, haram. WIM forkynner òg at alt hat mot og trakassering av homofile er forbode, ifølgje Ahmed.
I tillegg seier han at homofile muslimar er velkomne i moskéen deira:
– Me er ein open moské, og her er det rom for alle – det har det alltid vore.
WIM er eitt av over 280 muslimske trussamfunn i Noreg. Som i alle religionar, finst det ulike tolkingar av tru og skrifter blant ulike trussamfunn.
I denne saka har NRK teke kontakt med fem av dei største for å spørje om korleis dei ser på homofili.
Berre to av dei har svart oss.
Me har i tillegg spurt om intervju med paraplyorganisasjonane Islamsk Råd Norge (IRN) og Muslimsk Dialognettverk (MDN).
Dei har ikkje villa stille til intervju, men viser til pressemeldingar og tidlegare fråsegn.
I denne saka kan du lese svara frå dei to trussamfunna som har svart oss. Du kan òg lese spørsmåla me har sendt.
Fleire etterlyser openheit
Tidlegare i sommar tok ein islamistisk terrorist eitt liv og skada fleire då han køyrde ein bil inn i ein folkemasse under eit pride-arrangement i Berlin.
I etterkant har fleire bede om meir openheit rundt haldningar til skeive i norske muslimske organisasjonar og trussamfunn.
Først ute var Høgre-nestleiar Ola Svenneby som bad venstresida ta eit oppgjer med det han kallar ein berøringsangst for konservative haldningar blant muslimar.
Kort tid etter følgde Arbeidarpartiet-politikar Hashim Abdi og Høgre-politikar Arina Aamir. Dei er båe muslimar og har bede om at norske muslimske miljø tek oppgjer internt.
World Islamic Mission
WIM held til på Grønland i Oslo og har 4336 medlemmar, ifølgje SSB.
Talsperson Yasir Mushtaq Ahmed er klar på at Koranen har ein bodskap som seier at homofile handlingar ikkje er greitt, men at homofile kjensler ikkje er haram.
– Ein vil alltid få ein bodskap om kva som er bra og ikkje bra i moskeen, og ein har alltid ein invitasjon til å følgje reglane frå Gud. Men det er opp til kvar enkelt person, seier Ahmed på telefon til NRK og legg til:
– Ingen har makt til å peike på nokon og seie: «du er ein dårleg muslim». Det er opp til Allah.
– Kva vil ein imam hjå dykk seie om ein medlem fortel at han er homofil?
– Då trur eg han vil gjenta bodskapen frå Koranen. Gud påtvingar ingen menneske islam, og det er ikkje forbode med kjensler. Men det kan vere mogeleg å omarbeide kjenslene, ha ein dialog, så vil imamen prøve å hjelpe han.
– Meiner de at det er mogeleg å endre ein person si seksuelle legning gjennom bøn?
– Det er vanskeleg å seie. Det er eit personleg spørsmål. Dersom ein går nærare Gud og ber om rettleiing frå Gud, kan ein få resultat. Om det endrar ei legning, veit eg ikkje. Men mange kan endre kjensler gjennom bøn, ein kan få ro i sjela. Andre klarar det ikkje, seier han.
WIM er einaste trussamfunn som ville gje eit intervju til NRK. Ifølgje Ahmed er det bodskapen om at hat og trakassering av homofile aldri er greitt, som står høgst:
– Kvart år under pride er det nokon medlemmar hjå oss som har bekymringar. Men då gjentek me den same bodskapen: Hat og trakassering er ikkje greitt, og at ein skal møte menneske med respekt.
Central Jamaat-e Ahl-e Sunnat
CJAS er det fjerde største muslimske trussamfunnet i Noreg med 5898 medlemmar, ifølgje SSB.
Ingen hjå CJAS kunne stille opp til intervju med NRK, men talsperson Mohammed Assad Nasir har gjeve følgjande svar på tekstmelding:
- «I Central Jamaat-e Ahl-e Sunnat er alle velkommen, uavhengig av kjønn og legning. Vi stopper ikke folk fra å komme til moskeen og be. Menigheten legger seg heller ikke opp i hvordan folk lever sine liv, det har vi ingenting med. Moskeen har daglig hundrevis av besøkende, og Ramadan mangedobles besøkende til moskeen. Vi stopper ingen fra å delta i verken bønn eller andre aktiviteter, så lenge man er kledd sømmelig og utviser vanlig kutyme og høflighet, slik det er vanlig i en moske. CJAS er åpen og inkluderende moske. Vi praktiserer heller ikke noen form for konverteringsterapi.»
Desse har fått spørsmål på e-post
NRK sende førre veke same spørsmål til tre andre av dei største muslimske trussamfunna i Noreg. Desse er:
- Det islamske fellesskap Bosnia og Hercegovina med 9048 medlemmar
- Tawfiiq Islamsk Senter med 7476 medlemmar
- Islamic Cultural Centre (ICC) med 6132 medlemmar.
NRK har vore i dialog med Det islamske fellesskap Bosnia og Hercegovina og ICC, men ingen av dei har hatt høve til å svare.
Hjå Tawfiiq Islamsk Senter er det ingen som har gitt svar verken på telefon eller e-post.
Talsperson i ICC Ayusha Awan skriv fredag i ei tekstmelding til NRK at dei i samarbeid med paraplyorganisasjonen Muslimsk Dialognettverk (MDN) arbeider med ei pressemelding dei seier vil gje svar på fleire spørsmål om homofili og islam.
NRK har òg vore i dialog med Muslimsk Dialognettverk. Onsdag førre veke hadde me avtale om eit intervju med styreleiar Faruk Terzic, men det vart avlyst grunna sjukdom.
I etterkant har NRK sendt spørsmål på e-post til MDN utan å få svar.
Dagleg leiar i MDN Sajid Raheem skreiv torsdag til NRK at styret har vorte samde om å publisere ei pressemelding.
Måndag har det ikkje lykkast NRK å få svar på når pressemeldinga vert send ut.
– Ikkje vanskeleg for oss å prate om homofili
Torsdag førre veke sa leiar i MDN Faruk Terzic til avisa Klassekampen at det ikkje er vanskeleg å snakke om homofili.
Samstundes seier han til avisa at dei jobbar kontinuerleg med homofili, både når det er krise og når det ikkje er krise.
– Moskéane samarbeider mellom anna med andre religiøse trussamfunn og organisasjonar gjennom Samarbeidsrådet for trus- og luvsynssamfunn (STL), sa Terzic som òg er imam ved Det islamske fellesskap Bosnia og Hercegovina.
NRK har også spurt paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge om intervju, men ifølgje pressekontakten deira er alle talspersonane på ferie.
Dei viser samstundes til pressemeldinga dei publiserte førre veke. Der står det mellom anna:
«Islam tillater ikke å skade eller drepe et eneste menneske, uansett religion, livssyn, legning eller bakgrunn. Koranen er utvetydig: den som dreper ett uskyldig menneske, er som om han hadde drept hele menneskeheten. Å ta et uskyldig liv er en av de største synder i vår tro.»
Vidare skriv dei at dei ikkje kjenner seg att i påstanden om at muslimske miljø er prega av berøringsangst.
«Tvert imot har vi gjennom mange år arbeidet systematisk for å forebygge ekstremisme, styrke kunnskap og bidra til et tryggere samfunn», skriv dei.