blomsterbukettar på ein stein
Blomsterbukettar vart lagt ned på Den blå steinen i Bergen for å minnast jenta. Foto: Noah Midtskogen Barbati / NRK

– Den mellombelse obduksjonsrapporten viser at det ikkje har skjedd noko kriminelt, og at jenta truleg har tatt sitt eige liv.

Det fortel politiadvokat Farzad Izadi i Vest politidistrikt til NRK måndag føremiddag.

I byrjinga av august overtok barnevernet omsorga for den unge jenta, etter bekymringsmeldingar om familien.

Foreldra vart sikta for mishandling i nære relasjonar, og dottera vart plassert på ein statleg barnevernsinstitusjon i Bergen. Foreldra nektar straffskuld.

Etter dødsfallet har Statsforvaltaren i Vestland opna tilsynssak mot det kommunale barnevernet og mot den statlege barnevernsinstitusjonen til Bufetat.

Samtidig har politiet oppretta undersøkingssak.

Tenåringsjente døydde under barnevernets omsorg medan foreldra sat fengsla

– I den førebelse obduksjonsrapporten går fram det at antatt dødsårsak samsvarer med det som undersøkingane til politiet har vist så langt, nemleg at barnet tok sjølvmord på institusjonen, seier Izadi.

Den endelege obduksjonsrapporten vil truleg vera klar om eit par månadar.

Politiet har til nå gjennomført fleire åstadundersøkingar på institusjon. I tillegg er det gjort nokre avhøyr av dei tilsette der, og andre som jenta har vore i kontakt med.

mann med svart hår og skjegg i politiuniform
Politiadvokat Farzad Izadi seier politiet ikkje har avgjort om det blir formell politietterforsking mot barnevernstenesta eller barnevernsinstitusjonen etter dødsfallet. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Undersøker om oppfølginga svikta

Statsforvaltaren varsla fredag institusjonen til Bufetat og barnevernstenesta i Bergen om at det er opna tilsyn mot dei. Dei har fått svarfrist midt i oktober.

– Først etter det gjer me ein full gjennomgang av saka for å sjå om det eventuelt er sider ved oppfølginga jenta har fått som vi skal gå enda tettare inn i og undersøka, seier seksjonssjef Øystein Breirem Jacobsen hos Statsforvaltaren.

Han understrekar at førebels er det viktige framleis å vareta alle dei ramma på ein god måte, så kjem tilsynssaka i andre rekke.

– Er nøkkelspørsmålet korleis eit sjølvmord kunne skje på ein barnevernsinstitusjon?

– Det er nettopp dei tinga vi skal sjå på: om det har vore ein svikt frå barnevernstenesta eller barnevernsinstitusjonen si side, knytt til oppfølginga dette barnet har fått.

Tenåringsjente i barnevernet døydde: – Går inn på oss alle

Fulltids overvaking ikkje ønskeleg

Han seier det viktige er at barnevernet generelt finn balanse mellom nødvendige tiltak og inngripande overvaking.

– Det er forferdeleg leitt når barn går bort. Dersom ein er kjent med at det er spesiell risiko knytt til for eksempel sjølvmordsfare med barn som bur på institusjon, må ein setta inn tiltak som er tilpassa den risikoen ein kjenner til.

Men dette må vegast opp mot at ein barnevernsinstitusjon er heimen til barna som bur der.

– Dei skal kunna leva liva sine der utan å vera gjenstand for kontinuerleg overvaking. Me ønsker som samfunn ikkje at barn eller nokon andre skal utsettast for overvaking 24/7, seier Jacobsen.

– Det me skal vurdera er nettopp om dette er balansert på ein rett måte opp mot eventuell risiko ein har vore kjent på med i forkant.

Ikkje starta formell etterforsking mot barnevernet

Politiet planlegg fleire avhøyr, og held på å gå gjennom dei elektroniske einingane til avdøde opp mot digital aktivitet før hendinga.

– Kvifor skal de halda fram med saka viss obduksjonsrapporten viser at det var sjølvpåført?

– I saker der barn døyr uventa, skal politiet etter lova gjennomføra undersøkingar. Det viktigaste for oss er å forstå kva som skjedde, og kvifor. Og me innhentar informasjon om korleis institusjonen har handtert saka.

Izadi seier politiet kjem til å utveksla informasjon med Statsforvaltaren.

– Det er naturleg for oss å sjå kva vurderingar Statsforvaltaren gjer. Men det er så langt ikkje tatt noka avgjerd om å starta formell politietterforsking mot barnevernstenesta eller barnevernsinstitusjonen.

– Har skjedd noko på barnevernsinstitusjonen som tilseier at dei ikkje har følgt rutinane, eller ikkje gjort det dei skal?

– Nei, det er ingen haldepunkt for det foreløpig, men me er tidleg i undersøkinga og har ikkje det fulle bildet.

  • Mental Helse har døgnopen, gratis telefonteneste for alle som treng nokon å snakka med. Du kan vera anonym, og dei du snakkar med har teieplikt/tausheitsplikt.
  • Telefonnummer: 116 123.