Talet på døde har passert 1000. Framleis er nesten 4500 menneske sakna, skriv AFP.
Skular, heimar og vegar er skylt vekk. Gjenoppbygginga kjem til å koste landbrukslandet milliardar av dollar, trur myndigheitene.
Dette er det forskarane meiner skjedde dei dramatiske minutta.
Sju minutt
Is- og breskredet i Nepal var så stort og kraftig at det gav utslag på seismiske rørsler tilsvarande eit jordskjelv på 5,2.
– Massane fall truleg ned i eit stort vassbasseng. Truleg knuste det ein naturleg demning der nede, slik at ein fekk ei stor flodbølge og flaum ut av et stort vassmagasin i tillegg.
Det forklarer Bjørn Samset til NRK. Han er forskar ved Cicero, Senter for klimaforsking.
Der elvane Lende Khola og Bhote Koshi møtest, møtest også grensa mellom Kina og Nepal. Over elva var vennskapsbrua som batt dei saman. Det tok berre sju minutt frå breen brast til brua og grensestasjonen blei tekne av flaummassane.
På dei sju minutta hadde rasmassane reist 20 kilometer og falle 3000 høgdemeter.
Vidare nedover elva hadde vassmassane ein fart på mellom 120 og 190 kilometer i timen. Folk langs elvebreidda fekk i praksis inga tid til å kome seg unna.
– Det blei verre ved å bygge seg opp med meir vatn frå avrenning frå fjellet, fortel Samset.
Han kallar det ei «enorm hending av ein unik type».
No ser fleire stader langs elvebreidda slik ut:
Satellittbileta viser korleis få sekund endra landsbyen Syabrubesi.
Kartlegg framleis
Statsministeren i landet Balendra Shah seier dei framleis jobbar med å kartlegge øydeleggingane etter flaumen.
– Dette var ingen vanleg flaum, seier han.
Shah konstaterer at dei jobbar med utgangspunkt i at raset utløyste flaumen.
I ein tidlegare versjon omtala vi grensa mellom Kina og Nepal som grensa mellom Tibet og Nepal. Dette er ei folkerettsleg anerkjent grense mellom to statar, Kina og Nepal, og dette er no retta. Rettinga blei gjort 2. september 2026 klokka 14.42.