Nokre av våre største friidrettsprofilar kjempa om pallplassar under torsdagens Diamond League-stemne i Zürich.

Karsten Warholm håpa å tukte rivalen sin Alison dos Santos på 400 meter hekk. Nordmannen hadde tapt fire av fire duellar mot brasilianaren frå før. Men i kveld vart han parkert.

Dos Santos sprang inn til 45.80, ny verdsrekord.

– Eg er litt sjokka over at han tok den verdsrekorden i dag. Det var ikkje på bingoblokka mi, men ein kan ikkje anna enn å bøye seg i støvet. Det var fantastisk bra, sa Warholm til NRK etter løpet.

Warholm hadde den gamle verdsrekorden på 45.94. Løpet kom under OL-finalen i Tokyo i 2021.

Karsten Warholm
SJOKK: Karsten Warholm trudde ikkje dos Santos kom til å halde heile vegen inn. Foto: Beata Zawrzel / AP,NTB

Allereie før siste sving var dos Santos forbi nordmannen.

– Kva tenkte du då han kom forbi deg der borte?

– Først tenkte eg at no kjem han til å sprekke, fordi eg opna ganske fort og heldt eigentleg rytmen heile vegen. Han fekk det litt mellom ni og ti, men framleis så gjekk han enormt bra i dag. Det var rett og slett ein heilt spesiell versjon av han sjølv som kom ut der i dag, fortsette Warholm som enda på andreplass med tida 46.69.

Sjå verdsrekorden her:

Dos Santos med verdensrekordDu trenger javascript for å se video. – Det kan bli betre

– Vi klarte det. Vi har snakka så lenge. Det var på tide å komme og gjere det. Eg er glad, stolt av meg sjølv og laget mitt. Eg er begeistra, det var eit godt løp, sa dos Santos etter løpet.

– 45,80 og ny verdsrekord. Kva trur du om det?

– Eg er berre glad og begeistra, stolt. Det var eit bra løp, men eg veit at det kan bli betre. Så eg ser fram til neste, fortsette den ferske verdsrekordhaldaren.

To løpere klemmer på friidrettsbanen etter et løp, mens en annen utøver sitter i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VINNAR: Alison dos Santos vann også løpet førre helg i Polen. Foto: WOJTEK RADWANSKI / AFP,NTB

Meir overraska var NRK sine kommentatorar.

– 13 hundredelar under rekorden til Warholm og det forklarar kor langt han var bak. Det er eit heilt fullstendig vilt løp. Dos Santos robber Warholm for verdsrekorden. Han har ikkje vore i nærleiken tidlegare, kommenterer Jann Post.

– Det var eit heilt enormt løp. Vi trudde ikkje det vi såg då Warholm løp under 46 sekund i Tokyo, så eg må nærmast sei at han knusar denne tida. Det var ein dos Santos som hadde bestemt seg for å gå for noko heilt eksepsjonelt i dag, sa ekspertkommentator Vebjørn Rodal.

Etter gullet på miksstafetten og 400 meter hekk i EM vart det ein skuffande andreplass i Polen sist helg. Då vart han også slått av Alison dos Santos.

Det vart sett enda ein verdsrekord i Zürich torsdag. Amerikanske Masai Russell sprang 100 meter hekk på 12.09 sekund. Den tidlegare rekorden hadde Tobi Amusan med 12.12.

Masai Russell feirer ny verdensrekord på 100 meter hekk med et amerikansk flagg på en friidrettsbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
NY REKORD: Masai Russell tok ny verdsrekord på 100 meter hekk, med tida 12.09. Foto: Denis Balibouse / REUTERS,NTB

Ingebrigtsen med lite grunnlag

Jakob Asserson Ingebrigtsen ville slå tilbake etter fjerdeplassen på 1500 meteren sist helg. Lenge låg han bak i feltet før han avanserte før siste runde. Men han klarte aldri å hevde seg i spurten.

– Eg merker at eg har lite grunnlag. Eg føler eg løper på eit ok nivå, men har ikkje så mange triks på lur. Så det er litt sånn det er med såpass tynt grunnlag, sa Ingebrigtsen etter løpet.

Dette var hans tredje løp etter akillesoperasjonen.

Han enda på ein femteplass på tida 3:32.16. Cole Hocker vann på tida 3:31.71.

I etterkant av løpet la Ingebrigtsen ut eit innlegg på Instagram, for å vise støtte til kongen.

«Dette er ingen dag for feiring eller skuffelse. Hans Majestet Kong Harald V er alvorleg sjuk og mine tankar går til han og kongefamilien. Eg vil uttrykke stor respekt for vår kjære «sportskonge». Du har alltid heia på oss utøvarar. I dag heier vi alle på deg.»

Iuel tenkte på kongen

Amalie Iuel jakta å kome under 54 talet for første gong på 400 meter hekk

Men det vart berre nesten. Ho hamna litt bak dei beste frå start og vart nummer sju, på tida 54.12.

– Det kjentest ganske bra med tanke på at eg løp i bane éin og har hatt ofte litt utfordringar med det, men eg er ganske fornøgd med tida. Eg følte eg måtte få litt revansj frå bane éin i Birmingham, seier Iuel til NRK.

Ho har hatt kongen i tankane gjennom dagen.

– Og så vil eg legge til at vi har hatt ein spesiell person i tankane våre i heile dag. Tankane våre går ut til kongen og heile familien, og eigentleg heile folket der ute.

Amalie Iuel i Birmingham
NÆRE: 12 hundredelar var Amalie Iuel bak målet om å klare under 54 sekund. Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Det er likevel det tredje beste løpet i karrieren. Hennar personlege rekord er 54.05, som ho sette i juni.

– Det er godt gjort på tampen av ein lang, hendingsrik og travel sesong for Amalie sin del, rosar NRKs ekspert Vebjørn Rodal.

Amerikanske Anna Cockrell vann med 52.13, som er beste tid i verda.

Iuel hadde ikkje løpt sidan EM i Birmingham, der ho vann 4x400 miksstafett og kom på sjuande plass på 400 meter hekk.

Guttormsen på pallen

Sondre Guttormsen er også i aksjon i stavkonkurransen, men det er ikkje ein Diamond League-øving i kveld.

Sondre Guttormsen gjekk lett over 5.50 og 5.80 i første forsøk. På 5.90 starta han med riv og valde då å stå over for å satse alt på neste høgde, som var 6.00 meter. Det klarte han på andre forsøk og rista av seg mange av konkurrentane.

Sondre Guttormsen
PALL: Sondre Guttormsen enda på tredjeplass i kveld. Foto: AP

Han klarte derimot ikkje å kome seg over 6.10. Det heldt til tredjeplass. Armand Duplantis vann framfor Emmanouil Karalis.

– Nok ein veldig bra konkurranse, eg er enda nærmare 6.10 enn eg var førre veke, og så blir ein jo litt irritert når ein ikkje klarer det. Det er litt uverkeleg at eg har gått frå seks meter til at det ikkje er nokon grunn til at eg ikkje skal klare 6.10, sa Guttormsen etter konkurransen

Guttormsen har løfta seg etter sjetteplassen i EM med ein fjerdeplass og ein andreplass i etterkant før torsdag.