Helse Møre og Romsdal står framfor milliardkutt. I psykiatrien i Nordmøre og Romsdal skal det sparast 20 millionar kroner i år.
Eitt av forslaga var å slå saman behandlingstilboda i Molde og Kristiansund til ei avdeling. Det har vekt sterke reaksjonar.
No har helseføretaket snudd, og konkludert med at begge skal halde fram.
– Vi har arbeidd med ulike løysingar, men konklusjonen er at vi ikkje går vidare med å samle døgnsengene ved eit DPS, seier administrerande direktør Olav Lødemel i ei pressemelding.
Helseføretaket har ikkje peika konkret på kva som skal kuttast i staden.
Gret av glede
I dag er det jubelstemning ved DPS i Kristiansund. Flagga er heist og det blir kake seinare i dag.
Laila Gudrun Nilsen, som er tillitsvalt for sjukepleiarane ved DPS i Kristiansund er enormt letta over beskjeden. Ho forklarar at nedleggingsfrykta har vore ei stor påkjenning for dei tilsette.
– Folk gret i dag. Kollegaer gret av glede, faktisk, seier Nilsen.
Ho fortel at dei tilsette har kjempa for å behalde arbeidsplassen sin, og dei har kjempa for at pasientar og pårørande ikkje skulle miste tilbodet.
– Det kjennest heilt riktig at dei tok til fornuft, seier Nilsen.
Miljøterapeut Susanne Herré er også glad.
– Det var ei lette, og veldig fint for oss alle. Ikkje minst for pasientane, seier Herré.
Fekk telefon frå direktøren
Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard (Ap), har vore kritisk til ei samanslåing, og i dag kunne han puste letta ut då han fekk telefon frå sjukehusdirektøren.
– Eg hadde eit håp om at dei skulle snu i forhold til nasjonale føringar og satsingar. Eg vart veldig glad da han ringde meg i dag tidleg, seier Neergaard.
Han meiner nærleik til behandlingstilbodet betyr mykje for pasientane, og at dei slepp å reise langt unna heimplassen. Ordføraren vil fylgje nøye med vidare på prosessen der psykiatrien framleis skal spare enorme summar.
Han trur motivasjonen til dei tilsette er større når dei no slepp å kjempe for kvar sine avdelingar.
Lovde å auke sengeplassane
Regjeringa har sagt at talet på døgnsenger skal auke, ikkje kuttast.
Sidan tiltaket rører ved det nasjonale oppdraget innan psykisk helsevern, har dialog med Helse Midt-Norge vore ein nødvendig del av utgreiingsarbeidet, opplyser Lødemel.
Sjølv om tilbodet ikkje blir slått saman, står innsparingskravet på 20 millionar kroner likevel fast.
Framleis bekymra for innsparingskrav
Føretakstillitsvald Siri Næs i Psykologforeininga har vore svært bekymra for vedtaket om å greie ut å bygge ned senger i distriktspsykiatrien, noko som går på tvers av nasjonale føringar.
– Det er difor godt at Helse Møre og Romsdal har landa på å ikkje ta DPS-senger, sjølv om det er knytt stor bekymring til kravet om innsparing som framleis ikkje er borte, seier Næs.