– Nokre av oss likar å sitte og skrive, medan andre lærer best praktisk, seier Sverre Myklebust Hauge (15).
Han og ein gjeng tenåringsgutar i Sunnfjord er i siste kategori.
No er dei utstyrte med drill i handa og konsentrerte blikk.
Det som starta som ein minimodell av eit drivhus, er no blitt eit fullskala bygg som gutane har bygd.
15-åringen seier dei lærer matte betre ved å bygge framfor å bruke penn og papir.
To dagar i veka det siste skuleåret har gjengen jobba praktisk i staden for å sitte i eit klasserom. Alt frå arbeid innan elektro, helse, kokk og industri.
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord kommune, Førde vgs. og opplæringskontora for å halde ungdommane i skule.
80 prosent av elevane som har vore med sidan oppstarten i 2023, er anten i skule eller i lære.
- Eg vil påstå at det er særs vellukke. Forhåpentlegvis kan vi gå frå å kalle det eit prosjekt til eit fast tilbod, seier Cecilie Udberg-Helle i Sunnfjord kommune.
Stor auke i elevar som slit på ungdomsskulen
Dei ti siste åra har talet på elevar som slit med å kome seg gjennom grunnskulen, dobla seg, syner ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
8 prosent av ungdomsskuleelevane gjekk ut utan grunnskulepoeng i fjor.
Det er ei dobling frå 2015, då talet var nede i 4 prosent.
Å mangle grunnskulepoeng betyr at ein elev ikkje har tilstrekkeleg med karakterar på vitnemålet i 10. trinn til at det blir utrekna ein samla poengsum.
Ingeborg Kool har jobba med rapporten, som syner at det er ulike grunnar til at elevar slit med å få karakterar.
For innvandrar-elevar har det ofte med at dei har budd kort tid i landet.
For elevar som er født og oppvaksne i Noreg, er høgt fråvær og behov for tilrettelegging vanlege årsaker, fortel ho.
Særleg går born i familiar med låg inntekt, og foreldre med berre grunnskuleutdanning, att i statistikken.
Rapporten viser også at sjansen for å fullføre vidaregåande utdanning er betydeleg lågare for denne gruppa samanlikna med dei som har grunnskulepoeng.
Det same gjeld sannsynet for å kome seg ut i arbeidslivet.
Slik skal utviklinga snuast
– Dette er alvorlege tal, seier statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) i kunnskapsdepartementet.
Mykje av auken skuldast at fleire elevar har høgt fråvær, seier han.
Det har vore ein kraftig auke i bekymringsfullt skulefråvær sidan 2020, ifølge Utdanningsdirektoratet.
Divisjonsdirektør Monica Sydgård peiker på moglege årsaker som at eleven er utrygg på skulen, manglar relasjonane der eller slit fagleg.
Denne veka kom det nasjonale retningslinjer for å førebyggje og følge opp skulefråvær. Desse retningslinjene har vore etterspurde, seier Jacobsen.
Han rosar fråværsprosjektet i Sunnfjord.
Jacobsen kallar det eit glimrande eksempel på samarbeid for å gi elevar som strevar fleire moglegheiter til å oppleve meistring.
– Mange elevar lærer best gjennom praktisk arbeid, og slike tiltak kan bidra til auka motivasjon, mindre fråvær og betre overgangen til vidaregåande opplæring.
– Kva gjer regjeringa for å få ned talet på elevar som manglar grunnskulepoeng?
– Vi er i gang med å endre den stillesittande, teoritunge og skjermbaserte skulen. Vi vil lage ein skulekvardag med meir meistring gjennom praktisk undervisning, meir fysisk aktivitet og meir fellesskapsfremmande læring.
Samstundes som at færre elevar får grunnskulepoeng, fortel fleire at dei kjedar seg på ungdomsskulen.
Dei siste ti åra har stadig fleire ungdommar eit negativt forhold til skulen, syner tal frå Ungdata.
Ser elevane blomstre
I Førde er drivhuset snart klart for at barneskuleelevar ved Førde barneskule kan ta over.
Cecilie Udberg-Helle i Sunnfjord kommune jobbar med fråværsprosjektet. Ho seier elevane som er med kjenner på meistring.
– Det har vore eit veldig godt opplegg og det har vore ein suksess for elevane som er med.
Espen Kvamme frå eit av dei ti opplæringskontora som er med, stemmer i:
– Det er veldig kjekt å sjå dei blomstre når dei brukar nevane og jobbar praktisk.
Tenåringsgutane er samde om at dei lærer mykje og kjenner på meistring.
Jørgen Johan Birkeland er godt nøgd.
– Det betyr veldig mykje for meg. Eg kunne ikkje ha vore meir nøgd, seier han.