– Det er djupt tragisk. Sjølvsagt for dei råka, og for dei pårørande, klubben og ikkje minst bygda. Det er sju lokale syklistar som har vore i ei ulykke.
Det seier Mads Løvaas, styreleiar i Driv IL. Han møter NRK langs vegen der ulukka skjedde under eit døgn tidlegare.
– Det påverkar langt utanfor Driv IL også. Dette er fedrar til både små og store barn og unge vaksne.
Fem ambulansar, to helikopter og Røde Kors rykka ut då meldinga om ulukka kom ca. 18.25 tysdag kveld.
To bilar var involvert i ulukka. Opplysningane så langt indikerer at ein av dei køyrde inn i det lokale sykkelfølget.
Ein av syklistane, ein mann i 50-åra, mista livet.
Seks andre vart sendt til sjukehus med ambulanse og luftambulanse. Ein av dei vart tysdag kveld skildra som kritisk skadd.
– Ei tung tid
Løvaas skildrar sykkelgruppa som erfarne syklistar, som var vande med å vere ute på vegen.
Sjølv om Driv IL ikkje er det største idrettslaget, er det ein del som syklar, sett ut frå medlemsmassen. I tillegg nyttar klubbar frå andre delar av Follo og Oslo vegane der også.
– Det er klart vi er veldig fokuserte på at vi som syklistar skal vise ro og omsyn til andre trafikantar, seier Løvaas.
– I dette tilfellet møtte dei ein bil, og da hjelper det ikkje om du er ein erfaren syklist eller viser omsyn sjølv.
Christopher Leiknes, ordførar i Enebakk kommune, seier kommunen har tilbod til dei som har behov for det.
– Eg vil seie til innbyggarane: vi er på jobb. Vi skal ta vare på dei som har behov for det, og utover det håpar eg folk vil ta vare på kvarandre. Det er ei tung tid.
Sikta for aktlaust drap
Begge sjåførane fekk førarkortet beslaglagt etter ulukka.
Ein av dei, ein mann i 40-åra, er sikta for aktlaust drap. Den andre, ein mann i slutten av tenåra, er sikta for aktlaus køyring og ruspåverka køyring.
– Éin av dei sikta er avhøyrd, mens den andre vil kallast inn på eit seinare tidspunkt, seier Eirik Skjeldrum, jourhavande politijurist i Aust politidistrikt til NTB.
Det er den 18 år gamle mannen som er avhøyrd.
Skjeldrum forklarar at ulukka skjedde i samband med ei forbikøyring, der det skal ha vore eit samanstøyt mellom bilane som førte til påkøyrselen av sykkelfølget.
Samling på klubbhuset
Det var mange vitne til ulukka.
Follo legevakt etablerte krisevakt hos seg tysdag, og fleire blei køyrd dit og blei tatt vare på der.
Onsdag kveld blir det samling i klubbhuset til idrettslaget, slik at dei som ønskjer kan snakke saman.
Der vil kommunen sitt kriseteam vere til stades.
– For oss er det viktig å ta vare på heile medlemsmassen. For nokre er det snakk om å møtest, for andre er det å oppretthalde aktiviteten som normalt. Å få ein viss grad av normalitet i denne situasjonen.