Sophie Cunningham
I SØKELYSET: Sjølv Donald Trump har hatt sitt å seie om Sophie Cunningham. Foto: CHRIS GRAYTHEN / CHRIS GRAYTHEN / AFP / NTB

Donald Trump er ikkje ukjent med kontroversielle utspel når han held folkemøte i USA.

Tidlegare denne veka heldt presidenten eit møte i Ohio i samband med mellomvalet i haust, og da valde han å snakke om ein kvinneleg basketballspelar.

Kvinna det er snakk om er Sophie Cunningham, som tidlegare har meldt seg på i debatten om transpersonar på kvinnesida i basketball. Ho har stilt seg kritisk til å inkludere transkvinner i idretten, hovudsakleg for å verne jenter.

– Ei vakker, ung kvinne

Dette er ei sak der både Cunningham og Trump har vist seg å stå på same side. Og sistnemnde valde altså å rose basketballspelaren.

– Sophie er ei vakker, ung kvinne. Du ville sikkert ikkje hatt noko imot å ha henne på laget – ikkje for å hjelpe deg med poeng, men for å hjelpe deg med tilskodartalet, sa presidenten om Cunningham på eit folkemøte.

Donald Trump
KONTROVERSIELT UTSPEL: Donald Trump meinte at Sophie Cunningham hjelpte laget – ikkje med poeng, men med fleire tilskodarar. Foto: Evan Vucci / REUTERS,NTB

Han heldt fram med å kommentere og rose utsjånaden hennar:

– Mange liker å sjå på henne. Ho er vakker. Men som politikar får ein ikkje seie dette lenger. Ver så snill, la meg ta det tilbake. Når ein politikar seier at ei kvinne er vakker, er det ofte slutten på den politiske karrieren hans, sa Trump.

Bakgrunnen for utspelet han kom med om Cunningham, er altså korleis ho har uttala seg om transpersonar i idretten.

– Eg vil beskytte unge jenter i garderoben eller unge jenter i idretten som ikkje vil konkurrere mot biologiske menn, sa Cunningham til ESPN i sommar, noko som skapte stor debatt i USA.

Sophie Cunningham
BASKETSTJERNE: Sophie Cunningham speler til dagleg for Indiana Fever. Foto: Ellen Schmidt / AP,NTB

I intervjuet blir omtalt ho som «Maga-Barbie».

Trumps utsegner har vekt avsky hos fleire.

– Det finst ikkje eit botnpunkt for denne fyren, skriv forfattar og aktivist Amy Siskind på X.

– Trump seier at Sophie Cunningham er elendig i basket, men at han liker henne fordi ho er fin, skriv den politiske kommentatoren Ron Filipkowski.

Tidlegare har ho blant anna delt TikTok-videoar der ho stiller seg kritisk til ulovlege innvandrarar.

Sophie Cunningham
GÅR VIRALT: Sophie Cunningham har blitt ein mykje omtalt idrettsutøvar dei siste månadene. Foto: ETHAN MILLER / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Har fått mykje merksemd

Civita-rådgivar Eirik Løkke fortel at dette er ein debatt som har blitt mykje omtala i USA.

– Saka har nådd toppen av den nasjonale diskusjonen. Ho har blitt ein offentleg person og temaet kjem ofte opp. Det har skapt ein debatt på nett allereie, og det har fått mykje merksemd, seier Løkke til NRK.Les også Slår insektalarm om Trumps spinnville fest: – Eg tenkte «fy f**n»

Han fnyser av utsegnene til Trump, men meiner det er typisk den amerikanske presidenten å komme med slike utspel.

– Det er veldig lett å oppfatte utspelet som sexistisk. Det passar godt til han, for han er veldig sexistisk, så det er ikkje så veldig overraskande. Han berre snakkar utan å tenke, meiner Civita-rådgivaren.

– Han undergrev støtta og saka ved å fokusere på utsjånaden hennar, seier Løkke.

USA-ekspert Eirik Løkke
USA-EKSPERT: Civita-rådgivar Eirik Løkke. Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Andre tema i valkampen

Han seier vidare at Cunningham har fått mykje merksemd og at ho har uttrykt eit ønske om å beskytte kvinner i idretten. Saka har nådd Trump-administrasjonen fordi ho har eit syn som han deler.

Løkke meiner likevel at det ikkje vil få for mykje merksemd i sjølve valkampen. I haust skal det gjennomførast mellomval, der det skal veljast representantar i senatet og kongressen.

– Det er eit eksempel på korleis idrett blir brukt aktivt. Akkurat det hadde ganske mykje potensial og dynamikk i 2024, men det er ikkje like mykje av det nå. Demokratane er meir opptatte av økonomiske spørsmål, fortel han. Les også Reagerte på VM-klapping på Norges hotell: – Ganske patetisk