Flere sportsbutikker over hele Norge rapporterer om «drakttørke», tomme hyller og fortvilte kunder som må gjøre vendereis med uforrettet sak.
DRAKT-TØRKE: Den lunkne responsen på dei nye landslagsdraktene er gløymd. No er problemet at det knapt finst drakter å oppdrive før fotball-VM. Dette bilete er tatt før lagera vart tomme. Foto: Heiko Junge / NTB

– Folk ringjer, kjem innom og sender meldingar på både SMS, Facebook og Instagram. Men det er rett og slett ikkje levert nok drakter til Noreg, seier Steffen Tysse Sandvoll ved Intersport Sogndal.

Då NRK er innom butikken, heng eitt einsleg eksemplar i storleik XXL.

Om alt hadde gått etter planen, skulle dei hatt 70 drakter i alle storleikar tilgjengelege.

Når, eller om dei kjem, kan ikkje butikken seie.

Fleire av dei ledande sportsforretningane i landet opplyser til NRK at dei berre har teke imot ein brøkdel av draktene som skulle vore leverte frå Nike.

– Mellom 5 og 10 prosent, anslår den eine.

Han karakteriserer dialogen med draktprodusenten som skjør og anstrengt, og ønskjer derfor ikkje å stå fram med namn.

Steffen Tysse Sandvoll ,
Medan VM-feberen herjar, melder sportsbutikkar over heile landet om drakttørke. I Sogndal merkar butikksjef Steffen Tysse Sandvoll pågangen frå fortvila kundar som vil ha drakter til både gåver og eige bruk, men hyllene gapar tomme. Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Ei mindre sending via luftvegen

NRK sine kjelder sporar problema tilbake til månadsskiftet februar – mars, rett før lanseringa av den nye landslagsdrakta.

Då skulle den «rekordstore» leveransen på 250.000 drakter kome med skip til Noreg. I staden kom ei mindre sending via luftvegen.

Dette er draktene som norske forhandlarar og kundar sidan har kjempa om.

På toppen vart Hormuzsundet blokkert i mars, og sende sjokkbølgjer inn i den globale varehandelen.

NRK har kontakta draktprodusenten Nike, men har ikkje fått svar på spørsmåla våre.

I mellomtida må sportsbutikkar over heile landet sende VM-tørste kundar på dør med uforretta sak.

– Uheldig for både sportsbutikkar og supporterar

Administrerande direktør i Norsk Sportsbransjeforening, Trond Evald Hansen, er godt posisjonert til å «snike i køen», men er blant dei som ikkje har lukkast med å skaffe seg den nye drakta.

– Eg står på venteliste for ei drakt i storleik medium, seier han.

Han karakteriserer det kommersielle suget etter den nye fotballdrakta som «enormt».

– Det er sjølvsagt uheldig for både sportsbutikkar og supporterar at drakter ikkje er tilgjengelege når etterspurnaden er på topp.

Flere sportsbutikker over hele Norge rapporterer om «drakttørke», tomme hyller og fortvilte kunder som må gjøre vendereis med uforrettet sak.
250.000 drakter skulle svara ut den norske VM-feberen, men berre ein brøkdel av rekordbestillinga har faktisk kome fram.Grafikk: Intersport.no

– Vi er like lei oss som kundane

Anders Fjeld er sjef i Sport Holding AS, som kontrollerer fleire av dei mest kjente sportskjedene i landet.

– Vi er like lei oss som kundane for at draktene ikkje har kome, og kryssar fingrane kvar dag for at dette løyser seg, seier han.

Medan andre nasjonar lanserte VM-draktene allereie i fjor haust, kom den norske varianten først for nokre veker sidan.

– Det er lett å seie det no, men timingen på lanseringa har vore eit tema, og den ser dum ut i ettertid, seier Mikkel Frodahl i Avery Dennison, som trykkjer logoar, namn og nummer på draktene.

Han meiner at alle partar i verdikjeda burde ha kjøpt seg meir tid og teke høgde for forseinkingar i varehandelen i ei uroleg verd.

Hormuzstredet
• Geografi: Forbinder Persiabukta og Omanbukta. 33 km bredt på det smaleste.
• Økonomi: Verdens viktigste oljeåre. 20–30 % av verdens olje fraktes her.
• Geopolitikk: Strategisk brennpunkt mellom Iran og Oman/Emiratene. Ofte preget av høy militær spenning.
Hormuzsundet er kanskje mest kjent som verdas viktigaste transportåre for olje, men uro i dette området (og det nærliggjande Raudehavet) forplantar seg raskt til heile den globale skipsfarten. Foto: Lokman Ghorbani / NRK

NFF: – Kjekt å sjå den store interessa

NFF svarer at det er Nike som har ansvaret for lanseringstidspunktet, då dette inngår i ein stor portefølje av landslagsdrakter frå den same produsenten.

– Det er utruleg kjekt å sjå den store interessa rundt draktene og landslaget om dagen, seier sponsoransvarleg i NFF, Jan Ove Nystuen.

Han legg til:

– At butikkane er utselde, skuldast forseinkingar i sendingane frå fabrikkane, ikkje at det er tomt hos leverandøren.