For tilhengarane er han eit monument over nasjonal vilje, ingeniørkunst og ei nødvendig oppreising for ei kystbefolkning som føler seg gløymd av Oslo.
SELJE, STAD: Lokale krefter feirar at finansieringa av Stad skipstunnel vart sikra på oppløpssida. – No kan flagget heisast, seier tilhengjarane. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Fleire gonger har Støre-regjeringa prøvd å skrinlegge planane om ein skipstunnel på Stadlandet.

Og like mange gonger har den same regjeringa blitt tvinga til retrett.

Så seint som i mai peika finansminister Jens Stoltenberg på skipstunnelen som sjølve symbolet på uansvarleg politisk styring, men søndag blei han på ny tvinga i kne.

40 timar på overtid i budsjettforhandlingane fekk «hestehandlarane» i Senterpartiet det som dei ville:

Det blir giganttunnel gjennom Stadlandet, koste kva det koste må.

Måndag drog ordførarar frå fjern og nær til Selje i Stad for å markere tunnel-sigeren med kake og fest.

Ingen av budsjettpartnarane vil seie nøyaktig korleis budsjettforliket kom i stand, men i sum har NRK nok opplysningar til å danne oss eit bilete.

Dette er historia om kva som skjedde i kulissane då den skrinlagde tunnelen enda ein gong vakna til liv.

Slik kom skipstunnelen inn i varmen

– Det var beinharde forhandlingar, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

Han vil ikkje røpe kva som skjedde på kammerset, men NRK er kjent med at skipstunnelen først blei «landa» på oppløpssida av forhandlingane – søndag ettermiddag.

I mellomtida skjedde to ting.

Det første var at Høgre lanserte sitt eige alternative statsbudsjett – med løyvingar til skipstunnelen.

Tunnelen har også vore omstridd i Høgre, men laurdag morgon gav Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide ei heilhjarta tilslutning til prosjektet.

– Tunnelen er viktig for kysten, for næringsliv og for folk, sa ho til NRK.

Det ho ikkje sa var at det sette Arbeidarpartiet i ein skvis, som vakna opp til at dei ville gå på endaeit audmjukande nederlag i Stortinget om tunnel-tilhengarane i Sp, Høgre og Frp slo seg saman.

Dermed var gode råd dyre. Om tunnelen uansett ville bli vedtatt, var det betre for Arbeidarpartiet å «eige» saka enn å dra beina etter seg.

Tuva Moflag og Trygve Slagsvold Vedum i NRK-studio
– I ei forhandling handlar det om å gje og ta. Eg meiner at Stad skipstunnel ikkje skulle vore bygd. Men det er eit stort fleirtal på Stortinget for å byggje han, seier Tuva Moflag (Ap), som leiar finanskomiteen på Stortinget. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Puslespelbrikka som berga tunnelen

I tillegg til dei politiske risikovurderingane var det eit ope spørsmål kva Senterpartiet skulle ha igjen for å gå med på klimagjennomslaga til MDG.

I sum gjorde dette at skipstunnelen melde seg som den manglande puslespelbrikka som kunne få forhandlingane til å gå opp.

Søndag ettermiddag kom derfor dei første diskre signala til omgivnadene om at skipstunnelen var i spel og kunne vakne til live igjen.

Nokre timar seinare, i tid til at alle kunne rekke landskampen, kalla partane inn til felles pressekonferanse.

Der kunngjorde dei at Stad skipstunnel blir tilgodesett med 150 millionar kroner i oppstartsmidlar.

Sjå nokre av reaksjonane under.

Vedum: – Eit løft for heile kysten

– No kan flagget heisast. Dette blir eit stort løft for heile kysten, og dei som har spådd prosjektet nord og ned kan gle seg når dei ser at det blir ein suksess og ikkje ein fiasko, seier Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

– Av alle gode formål, kvifor er det så viktig å bruke dyrebar politisk kapital på akkurat denne saka?

– Dette er eit heilt unikt prosjekt i verdssamanheng. Det gjer at det blir tryggare å ferdast langs kysten, og tryggare å komme seg rundt Stadlandet i kvardagen. I tillegg vil prosjektet tiltrekke seg internasjonal interesse, bidra til meir turisme og aktivitet, og skape verdiar både lokalt og nasjonalt.

– På Vestlandet jublar dei i dag. Er Senterparti-veljarar i andre delar av landet like overtydd om at denne tunnelen er verd 9 milliardar kroner?

– Senterpartistar er opptatt av å bygge Noreg, og her bygger vi landet steg for steg. Sjølv om eg bur på Stange, langt unna Stad, er eg veldig glad for at vi endeleg har fått på plass dette prosjektet.

Stad skipstunnel
Det har storma rundt kostnadene, men i siste sekund fann politikarane den siste puslespelbrikka som gjer skipstunnelen til ein realitet.Grafikk: Kystverket/Snøhetta