Drammens Tidende: Politiet trur uhell eller sjølvtenning forårsaka brannen
Politiet trur eit uhell eller sjølvtenning forårsaka brannen i Krokstadelva, melder Drammens Tidende. – Vi meiner at vi har lokalisert kvar brannen starta. No jobbar vi med å innhente bilde og video frå området for å kunne danne oss eit best mogleg bilde av korleis det såg ut då brannen starta. Det seier avsnittsleiar ved Drammen politistasjon, Simon Gerhardsen, til avisa. Politiet etterforskar brannen for fult, men foreløpig er ingen mistenkt eller sikta i samband med brannen. Når NRK kontaktar operasjonsleiar i politiet, Espen Reite, oppfordrar han til å ikkje spekulere i årsaka. – Politiet er i ein tidleg fase av etterforskninga, og det er for tidleg å konkludere med korleis og kvar brannen starta, seier Reite.