Drikkevasskjelde.
LØYSINGA: Aluminium i reinseprosessen er truleg årsaka til dei høge mengdene. Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

I juni vart det slått alarm i sognebygda Kyrkjebø. All bruk av drikkevatnet vart forbode etter funn av høge aluminiums-verdiar. Etter kvart skulle det vise seg at drikkevatnet har vore farleg i 15 år.

Framleis får ikkje dei 900 innbyggjarane drikke vatn frå springen.

– Det er blitt ein stor del av kvardagen vår, seier Siv Hellen Lillehauge Bjørsvik ein månad etter drikkeforbodet.

Et bilde av en kvinne med briller og mørk jakke. Kvinnen står foran en busk med hvite blomster. Bildet er et fotografi. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Siv Helen Lillehauge Bjørsvik trur det må meir til for at vatnet på Kyrkjebø skal kunne samanliknast med andre vasskjelder i kommunen. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

– Vi reiser til vasstankane regelmessig og sørger for å fylle opp mest mogleg vatn.

No er vatnet ikkje lenger farleg. Likevel held kommunen att, inntil vidare.

Drikkeforbod ut sommaren

Ei prøve teken 6. juli viste 68 mikrogram aluminium per liter. Ei ny prøve frå 13. juli viste 53 mikrogram per liter.

Tiltaksgrensa i drikkevassforskrifta er 200 mikrogram per liter.

– Det er sjølvsagt svært positivt, og det er der vi ønskjer å vere. Men med tanke på alvoret i saka ønskjer vi fleire slike prøver over lengre tid før vi friskmelder anlegget, seier ordførar i Høyanger Petter Sortland (Ap).

I slutten av juni hadde Sortland og kommunen eit folkemøte om den alvorlege situasjonen.

Sidan folkemøtet har kommunen samarbeidd med eksterne rådgivarar og eigne driftsoperatørar om å optimalisere vassverket.

Petter Sortland
Petter Sortland fortel at det ser lysare ut for vassverket på Kyrkjebø. Her ifrå folkemøtet i juni. Foto: NRK

– Det ser veldig lovande ut. Vi har fått den ønskte effekten. Men vi må sjå at dette held seg over tid, seier han.

Dersom dei framtidige analysane også viser gode tal kan dei framleis bruke vassverket på Kyrkjebø.

Men doseringane på reinsemiddelet må bli endra.

– Ikkje nok

Siv Helen Lillehauge Bjørsvik seier ho set pris på arbeidet kommunen har gjort for å handtere saka.

Men ho er usikker på om det er nok å berre fjerne aluminium frå vatnet.

– Vatnet her er kjent for å ikkje vere så fint og godt som frå dei andre vassverka.

Ho fortel at borna vart overraska over den gode smaken frå vatnet som dei no hentar frå tankar rundt i kommunen.

På folkemøtet som fann stad i juni, var det også fleire som fortalde at dei ikkje opplevde vatnet som godt, uavhengig av aluminiumet.

– Folk i forskjellige plassar av bygda opplever misfarga vatn og myrlukt, seier ho og legg til:

– Det er fint at det ikkje lengre er så mykje aluminium i vatnet, men det må nok meir til for å gjere drikkevatnet like bra som dei andre vatna.

Ho meiner kommunen må sjå på om dei burde skifte ut vasskjelda.

Må bygge opp tillit

For Bjørsvik er det viktig at kommunen ikkje forhastar seg med å gjere drikkevatnet tilgjengeleg igjen.

– Det må vere heilt trygt før det er drikkbart.

I 15 år drakk bygdefolket på Kyrkjebø vatn som kommunen garanterte var trygt. Så kollapsa tilliten.
På folkemøtet i juni var det fleire som var bekymra for effektane frå det høge aluminiumsnivået i drikkevatnet. Foto: NRK

Ordføraren seier at dei framleis skal ha vasstankar tilgjengelege sjølv etter drikkeforbodet.

Bjørsvik seier ho kjem til å nytte seg av tankane til det er blitt gjort fleire prøvar og alt er sikkert.

– Kommunen har ein jobb med å bygge opp igjen tilliten.

Spyling og reingjering

Sortland seier at noko av problemet med dårleg drikkevatn kan vere knytt til rutinane for reingjering av leidningsnettet.

– Svaret frå fagfolka våre er at vi må spyle og reingjere anlegget med hyppigare intervall, seier ordføraren.

ein mann fuller vatn frå ein tank bakpå ein bil
Frå desse tankane må dei lokale på Kyrkjebø hente vatn. Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Tek fleire prøver

Sortland kan førebels ikkje seie nøyaktig kor mange godkjende prøver kommunen krev før drikkeforbodet blir oppheva.

– Eg trur vi må bruke sommarvekene til å teste anlegget og sjå at det fungerer optimalt og held seg innanfor tiltaksgrensa.

– Først når vi er heilt sikre vil vi starte opp att leveransen av drikkevatn til innbyggjarane, seier han.

Han legg også til at dei skal gå gjennom rutinane hos alle vassverka i kommunen.

Fleire folk i ein gymsal.
Dersom prøvane framleis ikkje viser raude tal på aluminiumsmengda blir drikkevassforbodet truleg fjerna. Her er frå folkemøtet i juni. Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Meldt til politiet

I juni vart Høyanger kommune meldt til politiet for at det har vore høge verdiar aluminium i vatnet i over 15 år

Ordførar Sortland seier dei er i dialog med politiet og at dei legg fram mest mogleg informasjon.

Politiet opplyser at saka framleis er under etterforsking.

Kvar kjem aluminiumet frå?

I kommunen sin eigen vassplan blir råvasskjelda til Kyrkjebø skildra som krevjande og varierande gjennom året.

Et vakkert landskap viser en fjord med fjellsider i bakgrunnen. Flere hus ligger spredt i terrenget, noen i en liten landsby. Fargene er dempede, men sterke gule blomster lyser opp i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Råvasskjelda på Kyrkjebø blir omtala som krevjande og varierande. Det seier også dei lokale. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Paul Sverdrup Cappelen, fagleiar for geoteknikk og miljø i Noregs Geotekniske Institutt, fortel at aluminium kan finnast naturleg i berggrunnen.

Kyrkjebø har bergartar som inneheld aluminium.

– At berggrunnen inneheld aluminium, betyr likevel ikkje nødvendigvis at stoffet blir løyst opp i vatnet. Kor mykje som blir frigjort, kan mellom anna vere avhengig av surleiken, forvitring, nedbør og årstidsvariasjonar.

En demning med fossefall. En grønn bygning står ved siden av demningen. Det er et gjerde på toppen av demningen. Skog dekker bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Aluminium blir brukt som ein del av fellingsprosessen i vassverk. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Cappelen seier at dei høge verdiane mest sannsynleg kjem frå doseringa av reinsekjemikaliar som ikkje er godt nok tilpassa råvatnet.

Ifølgje kommunen sjølv har dei høge aluminiumsverdiane vore knytte til prosessane i anlegget for å halde vatnet reint. Mellom anna dosering av det aluminiumsbaserte fellingskjemikaliet, kontroll med pH og sjølve fellingsprosessen.