– Det var veldig spesielt. Berre det faktum at du spelar fem kampar utan å tape, og få sparken, høyrer med til det sjeldne, seier Drillo til NRK.
Egil Olsen (84) førte Noreg til to VM-sluttspel på 1990-talet.
I 2007 gjorde han comeback som landslagssjef då han takka ja til jobben i Irak.
Det blei fem hektiske månader før han og assistent Otto Ulseth fekk sparken.
– Ville ikkje reise inn i Irak
Fasiten blei to sigrar og tre uavgjort, før han blei avsett utan grunn, ifølge Drillo.
Natt til onsdag møter Ståle Solbakkens menn nettopp Irak i lagets første kamp i VM.
– Nei, eg veit ikkje kvifor eg fekk fyken. Om det hadde noko anna enn med fotballen å gjere – det veit eg ikkje.
Ifølge pressemeldinga som blei sendt til nyheitsbyrået Reuters den gangen kom følgande forklaring frå irakiske fotballforbundet:
– Iraks fotballforbund beslutta i dag å kvitte seg med Olsen fordi han nekta å reise inn i Irak og trene laget der, sa visepresident Basem al-Rubaie.
Men grunna omsyn til tryggleiken spelte Irak sine kampar utanfor landets grenser.
Difor åtvara UD den gangen Drillo mot å reise til Irak.
Og sjølv fekk OIsen altså ingen personleg forklaring. 18 år seinare er han like rådvill, og han har også ein annan teori.
– Eg trur dei var litt forundra over at eg ikkje trudde på Gud. Det var ganske uvanleg der nede, humrar ateisten Drillo.
Autoritær stil
Den norske trenarlegendenes møte med Midtausten blei ein gedigen kulturkollisjon.
Han måtte mellom anna forhalde seg til fastemånaden ramadan i perioden han regjerte over landslaget.
Fordi spelarane ikkje kunne ete eller drikke på dagtid, måtte Drillo og teamet hans flytte øktene til klokka elleve om kvelden.
Han møtte også ei anna haldning til trenaren – enn han opplevde i Noreg.
– Med det norske landslaget kunne du diskutere ting med spelarane.
– Det var til og med spelarar som var ueinig med det eg gjorde. Slik var det ikkje i Irak. Dei var innordna i ein meir autoritær stil, fortel Drillo.
– Kva førte det til?
– Nei, vi spelte bra landskampar og det funka «alright» på banen. Dei trudde på det eg snakka om, og gjorde som eg sa, seier Drillo.
– Korleis ser du tilbake på den tida?
– Eg ser på det med glede på det som skjedde. Og ville ikkje vore det forutan. Det var litt av ei oppleving, seier han.
Snakkar med Solbakken
NRK møter Olsen heime i Storkenebbveien i Oslo.
Frå verandaen på Sogn kan han så vidt skimte Ullevaal stadion.
Arenaen der han endra norsk fotball for alltid, og førte landslaget opp til den berømte andreplassen på FIFA-rankinga. Og det to gongar, i 1993 og 1995.
– Eg pleier å skryte litt, men vi spelte 36 kampar på rad på Ullevaal utan å tape.
– Kva tenker du om den prestasjonen sånn i etterkant?
– Det rare var at vi tapte tre på rad i 1991 på Ullevaal stadion. For Sverige, Nederland og Sovjetunionen. Og etter dei tre tapa så spelar vi altså 36 på rad på 1990-talet utan å tape.
Nattas oppgjer mot Irak skal han sjå frå godstolen. Og før kampen skal han også prate med landslagssjef Solbakken.
– Eg har ein del kontakt med Ståle. Vi snakkar bra saman vi. Eg har stor tillit til Ståle. Han gjer ein bra jobb.
– Kor mykje kontakt har de?
– Vi har gjerne ein liten prat før kampar. Eg kjem ikkje med nokon råd. Han klarar seg sjølv. Vi snakkar litt om motstandarar og litt om kampen som skal spelast.
Han er framleis «glødande interessert i fotball» som han seier.
– Eg følgjer nøye med og registrerer naturlegvis at ting går veldig mykje fortare enn det gjorde på min tid. Fortare og betre.
Drillos skrekk
Men sjølvsagt, ein ting er det framleis som irriterer. Drillos store skrekk.
– Eg gremmast ofte over unødvendige støttepasningar. Det verste eg ser er når eit lag har motstandaren i ubalanse, og i staden for å utnytte ubalansen så kjem ei støttepasning som gjer at motstandaren er i balanse igjen. For meg er det heilt ubegripeleg. Eg ser det i kvar einaste kamp. Både i internasjonal og norsk fotball.
– «Possesion»-orienteringa har blitt veldig mykje større enn det var på min tid. Det er ikkje akkurat slik fotball eg likar. Eg var jo oppteken av å utnytte ubalanse for alt det var verdt.
– Saknar du å vere trenar?
– Nei, eg gjer ikkje det. Eg er 84 år og har levd eit langt liv. Eg veit at eg er inne i ekstraomgangane
– Kva synest du om det?
– Livet tek jo snart slutt når du er 84 år. Men eg meiner eg har lest ein statistikk ein gang at dersom vi blir 85 år så har du 50 prosent sjanse til å bli 90.
– Så då kan vi jo håpe at eg får ein del år til, smiler Drillo.
Han er klar for både ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.