– Det er slike situasjonar vi må vere førebudde på at kjem til å skje igjen og igjen. No står vi i denne situasjonen, og Noreg er dårleg førebudd.
Det seier leiar i Yrkesorganisasjonane sitt Sentralforbund (YS), Hans-Erik Skjæggerud.
Olje, gass og andre viktige varar har blitt halde tilbake i Hormuzsundet etter krigen i Midtausten.
Mangelen på drivstoff har avdekka ei sårbarheit i Noregs beredskap.
Mens Sverige og Finland har 90 dagar med beredskapslager på drivstoff, har Noreg berre 20.
– Utan drivstoff stoppar alt opp. Til dømes må mat bli frakta rundt i landet, folk må kome seg på jobb og forsvaret er også heilt avhengige av drivstoff, seier Skjæggerud.
– Det er eit beredskapsparadoks at Noreg produserer mykje råolje, men ikkje klarar å raffinere det til drivstoff. Vi har lagt ned eitt raffineri, no har vi eitt igjen.
Fram til 2021 hadde Noreg to oljeraffineri, eit på Slagentangen og eit på Mongstad.
No er Mongstad i Vestland det einaste igjen.
– Utan drivstoff får vi ikkje produsert råolja heller, og mykje anna i samfunnet vil ikkje kunne bli gjennomført utan drivstoff, meiner Skjæggerud.
YS påpeiker at mangelen vi i dag kan få på drivstoff, også kan ramme andre sektorar.
– Tilsette hos oss melder at det er mangel på beredskapslager av nødvendige varer innanfor mange sektorar. Det som skjer no på drivstoff bør vere ein vekkar på andre område også. Styresmaktene må trappe opp arbeidet med å lage robuste beredskapslager, seier Skjæggerud.
– No ser vi kva resultatet kan bli dersom situasjonen i Midtausten utviklar seg i ein framleis negativ retning, legg leiaren i YS til.
Noreg skal bli betre
Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) har forståing for bekymringa til YS.
– Dette er ein global situasjon som er krevjande også for Noreg. Det er viktig å seie at det ikkje er mangel her til lands akkurat no, men me har planar for korleis handtere dette på kort og lang sikt, seier Myrseth.
Sidan det er mangel utanlands seier Ap-statsråden at det vil ta tid å få på plass eit norsk beredskapslager på drivstoff.
– Me skal betre beredskapen i Noreg på sikt, slik at vi også kan vere endå betre rusta i ei krise eller krigsliknande situasjon, fortel næringsministeren.
Medan YS hevdar Noreg ikkje er førebudde på krisesituasjonar, meiner Ap-statsråden at regjeringa har kontroll på situasjonen i dag.
– Men vi lever i ei meir uroleg verd, som påverkar samfunnet på mange ulike måtar. Folk i Noreg skal vite at beredskap og tryggleik, har aller høgste prioritet for regjeringa. Derfor skal vi gjere det vi kan for å vere så godt rusta som mogleg for utfordringane framover, seier Myrseth.