Dronning Mette-Marit må under observasjon hos helsepersonell.
Det skjer på grunn av komplikasjonar etter lungetransplantasjonen hennar i juni, opplyser kongehuset i ei pressemelding.
– Dronninga har hatt komplikasjoner ved nokre tilfelle sidan operasjonen, også i dag. Som fylgje av dette må dronninga verta observert gjennom dagen, uttalar lungelege Are Holm ved Rikshospitalet i ei pressemelding.
Må avlysa
Dronning Mette-Marit skulle eigentleg vera til stades når kong Haakon skal avlegga eid i Stortinget seinare tysdag.
Det kan ho no ikkje delta på.
Kronprinsesse Ingrid Alexandra, dronning Sonja og prins Sverre Magnus vil likevel delta som planlagd, ifølge kongehuset.
Fekk nye lunger
I juni fekk dronning Mette-Marit nye lunger. Då var ho framleis kronprinsesse.
Årsaka er at ho er råka av sjukdomen lungefibrose, som hadde vorte verre.
Tommelfingerregelen for å kunna få nye lunger, er at pasienten berre har eitt år igjen å leva utan ein slik operasjon.
Operasjonen var vellukka, meldte Slottet i juni. Dronninga var likevel innlagd i fleire veker etterpå for oppfølging.
Ikkje uvanleg med komplikasjonar
Sjølv om operasjonen gjekk bra, har fagfolka vore klare på at det kan oppstå komplikasjonar i etterkant.
Til dømes kan kroppen prøva å støyta frå seg dei nye lungene. Det kan skje kort tid etter transplantasjonen, men òg i tida etterpå.
– Det kan ein behandla, og sluttresultatet vert vanlegvis bra, skriv Oslo universitetssjukehus på nettsida si.
Ifølge Marthe Gundersen, helsefagleg rådgjevar i LHL, er kan det vera ulike komplikasjoner som oppstår etter ein slik transplantasjon.
– Det kan mellom anna dreia seg om infeksjonar, avstøytingsreaksjonar, at dei nye lungene ikkje fungerer optimalt eller problem med helinga i luftvegane. Alvorsgraden kan variera mykje, så ordet «komplikasjonar» åleine seier lite om dronningas konkrete tilstand, uttalar ho i ei pressemelding til NRK.