Kvinne holder roser med norsk sløyfe foran Slottet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SPESIELL DAG: – Eg får gåsehud av å tenke på at det er bryllaupsdagen deira, seier Elisabeth Lauritzen. Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

På slottsplassen går Elisabeth Lauritzen og Anne Mette Volden med kvar si rose klare for å bidra til blomsterhavet.

En folkemengde i en blomsterhage (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Men det er spesielt éin annan dei vil gi merksemd til denne laurdagen.

– Vi har jo vakse opp med kjærleikshistoria deira, altså for ei sterk historie, seier Lauritzen.

Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja kommer ut av Oslo domkirke etter å ha blitt viet
– Ho har betydd alt for meg, sa kong Harald da han gifta seg med Sonja 29. august 1968. Foto: NTB scanpix

Laurdag er det 58 år sidan kong Harald og dronning Sonja gifta seg, men i år er dronninga aleine på bryllaupsdagen for første gong.

– Eg får heilt gåsehud og tårar i auga av det her. Og tenker på den talen kongen hadde for ei tid tilbake, det med at ein skal få lov til å elske kven ein vil, seier Volden.

en person med en blomst i håret (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Anne Mette Volden håper dronning Sonja blir tatt godt vare på. Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Ei kvinne av folket

Kong Harald venta ni år på å få lov til å gifte seg med sin Sonja, som var ei kvinne av folket.

– I dag er det 58 år sidan dei gifta seg. Gratulerer med bryllaupsdagen, kjære mamma, sa ein rørt kong Haakon i den første talen sin som konge.

Tårane finn vegen til Volden og Lauritzen før dei seier saman:

– Vi får frysningar av at det er bryllaupsdagen deira i dag. Vi finn ikkje ord, eigentleg.

I den augneblinken bestemmer dei seg.

Ei hand held ein blomst
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Dei skal legge blomstrane sine på statuen av dronning Sonja i Slottsparken heller, som ei ekstra støtte til den tidlegare dronninga.

– Vi tenker veldig mykje på deg, Sonja. Vi håper at du blir tatt vare på. All varme til deg, helser dei.

Bronzestatue av kvinne med blomsterbuketter plassert i en park. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Statuen av dronning Sonja i Slottsparken er overfylt med roser frå folket. Foto: Krister Sørbø / NRK

Må ta vare på minna

Også familien Moen-Larsen har tatt turen for å vise støtta si.

Åtte år gamle Kristoffer er knapp i orda, men står klar med ein stor blomsterbukett.

Gutt med briller og caps holder en bukett med lyserosa roser i en folkemengde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Kristoffer Moen-Larsen er klare med blomstrane. Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Eg trur når ein står i det, når det stormar som verst, er det vanskeleg å sjå for seg at livet ein gong blir lettare, seier mamma Natalia om sorga som dronning Sonja må bere på.

Dottera Aleksandra teiknar ein tåre i ansiktet, mens mamma legg ned blomstrane.

Kvinne gir en rose til jente i rullestol. Jenta holder en bamse og har solbriller. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Samtidig vil ho ha alle desse minna frå åra ho har hatt med Harald. Dei har jo gjort så utruleg mykje saman og vore så mange stader. Så eg trur minna må varme ho no.

Kong Harald og dronning Sonja vinker foran Slottet med en gardist i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Her er dronning Sonja og kong Harald under kunngjeringa av forlovinga. Foto: NTB

Tenner lys for Sonja

Men det er ikkje berre slottsplassen som er fylt opp av bukettar. Utanfor Bygdø Kongsgård ligg blomstrar, helsingar og ei lyslenke nedover vegen.

Gravlys plassert på rad langs en gangvei ved en vei med biler. En person sitter bøyd lenger fremme. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Og der sit Karina Hoffgård, som bur i nabolaget.

– Det er vemodig. Eg tenker på ho, seier Hoffgård.

Kvinne med langt, grått hår og skinnjakke står utendørs foran grønn vegetasjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Karina Hoffgård håper fleire vil hjelpe til å sørge for at vegen er opplyst framover. Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Ho har gått gjennom alle lyslyktene og tent dei for dronning Sonja.

– Det er til ho. Eg bidrar der eg kan, seier ho og tenner det siste lyset.