Varslar dyr straumsommar: Magasina 40 prosent under normalen
GLISNE MAGASIN: Vassnivået i fleire kraftmagasin er uvanleg lågt for årstida. Lite snø i fjellet gjer at den store vårflaumen blir borte, noko som pressar sommarprisane på straum oppover. Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

I Stårheimselva i Nordfjord er det lite som minner om ein buldrande vårflaum når NRK er på besøk.

Men for dei 29 grunneigarane som akkurat har opna sitt eige småkraftverk, er vassmengda gode nyheiter.

– Akkurat no er det gode prisar. Då ser det lyst ut for at dette skal vere eit leveleg prosjekt, seier Ole Martin Rafshol, som er leiar i det lokale elveeigarlaget.

Lite vatn betyr nemleg høge prisar.

Og akkurat no er det uvanleg tomt i fjellmagasina som forsyner Noreg med straum.

– Akkurat no er det gode prisar. Det ser eigentleg lyst ut for at dette skal vere eit leveleg prosjekt, seier Ole Martin Rafshol, leiar i det lokale elveeigarlaget.
– Vi tener pengar med ein gong, seier Ole Martin Rafshol. Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

40 prosent under normalen

– Den samla magasinfyllinga er 40 prosent under normalen. Det er unormalt, seier Eivind Samseth i Volt Power Analytics.

Berre to gongar dei siste 30 åra har den hydrologiske balansen vore så låg, viser tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Konsekvensen kan vere at folk i Sør- og Midt-Noreg må førebu seg på ein dyr straumsommar.

Samseth anslår at prisane vil halde seg stabilt høge, og berre falle marginalt i sommarmånadene.

– Kanskje berre 20 øre under det nivået vi har sett no i mai, seier kraftanalytikaren.

Statkraft og Eviny: – Ikkje kritisk enno

Hos dei store kraftgigantane er tonen meir avdempa. Dei minner om at halvtomme magasin er ein naturleg del av årssyklusen før snøen i fjellet smelter. Les også Dramatisk fall i vannkraftproduksjonen: Myndighetene følger situasjonen tett

– Det er lågare enn det var i 2025, men at vassmagasina er låge på denne årstida er heilt normalt. Årsaka er ein kombinasjon av ein kald vinter og at snøsmeltinga kjem noko seinare i gang enn ho pleier, seier seniorrådgivar Thomas Kallevik i Statkraft.

Han slår fast at det er lite snø i fjellet i heile Sør-Noreg, men vil ikkje forskottere sommarprisane:

– Det er ikkje vår rolle å meine noko om.

Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund la fram planer for havvind for regjeringen for olje- og energiminsteren 25. april 2023
– Med lite snø i fjellet må vi vere forberedt på at prisane kan bli høgare til sommaren, sa direktør Kjetil Lund i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tidlegare i vår. Foto: OED

Kristina Lysen i Eviny seier at Vestlandet trass alt er velsigna med mykje regn:

– På denne tida skal det vere lågt, for då skal ein ha plass til å ta imot snøsmeltinga.

– Får vi nedbør, kan dette snu.

Dette er drivarane bak straumprisen. Sjå under.

Kraftig vekst for norgespris

Om regnet blir borte, vil «norgespris»-avtalen skjerme mange norske hushald.

Ordninga garanterer ein makspris på 50 øre per kilowattime, men er ikkje tilgjengeleg for bedrifter og næringsliv.

– Indirekte påverkar dyr straum oss alle. Næringslivet må betale det straumen faktisk kostar, og dei rekningane vil merkast, påpeikar Lysen.

Sidan Europa produserer enormt med solkraft på solfylte dagar, vil kundar i Sør-, Øst- og Vest-Noreg (prisområda NO1, NO2 og NO5) også oppleve dagar og timar der spotprisen går mot null (og under).

Fleire norske straumselskap har likevel oppfordra kundane til å vurdere å teikne kontrakt på «norgespris».

Grafane viser straumprisprognosane til straumselskapet Fortum ved inngangen av mai 2026 og ut året i alle prisområda i Noreg. Prisane i grafen er oppgitte utan mva.
Grafane viser straumprisprognosane til straumselskapet Fortum ved inngangen av mai 2026 og ut året i alle prisområda i Noreg. Prisane i grafen er oppgitt utan moms. Foto: Fortum

Bakgrunnen er prognosar som viser at prisane vaker mellom 100 og 130 øre/kWh på forsommaren – avhengig av kor langvarig konflikten rundt Hormuzsundet blir.

Tilbake på Stårheim vart timinga på det nye småkraftverket perfekt.

– Det går fint, smiler elveeigarleiar Ole Martin Rafshol.

– Vi tener pengar med ein gong.