I stua til Egil Skurdal på Sagene har pianoet fått sentral plassering ut mot den rolege bakgarden der vindauget ofte står ope når han spelar inn nye videoar.
– Det er jo kanskje ikkje så mange som har visst at eg har drive med musikk på den måten.
Lenge var nok Egil mest kjent for å vera han morosame som spelar piano. Han er eigentleg utdanna pianist, men har dei siste åra vore mest aktiv som komikar.
– Etter studia blei eg berre standupkomikar. Men så har eg jo eigentleg hatt ein draum om å gjera meir musikk og ikkje berre sitta og laga revylåter med ting som rimar på sjaman Durek.
Løysinga blei det som no har blitt ei rekke duettar med suksess i sosiale medium.
Fleire av dei relativt enkelt produserte duettane har over 300.000 visingar på Instagram.
Egil har alltid bruka musikken aktivt i humoren sin. No synest han likevel det er stas at han begynner å få meir anerkjenning for dei «seriøse» sidene av det han held på med.
– Det har vore ei spennande reise. Det å skulla levera noko utan ein punch, utan «bada-bam» eller «Jazz Hands».
På mange måtar har heile prosjektet med Instagram-duettane hjelpt Egil med å finna tilbake til kvifor han held på med dette.
– I fjor då eg blei spurd om å vera med i ein TV-reality så måtte eg tenka litt på kvifor eg eigentleg er i denne bransjen. Så innser eg: Det var jo musikken som gjorde at eg eigentleg ville starta med TV og scene.
– Det er noko med det å ha eit hjartebarn som eg gler meg til å komma heim for å jobba med.
Referansehimmel
I den vesle leilegheita til Egil på Sagene er det ikkje spara på noko som helst. Her er det Svampebob-spel på hylla, ei signert Kikki Danielsson-plate og eit Rema 1000-skilt frå Ringebu hengande over sofaen.
– Når eg først hadde pussa opp med berre beige jordfargar og nypolert kjøkken så tenkte eg: Eg må få opp noko som er litt meir meg.
Med ei gamal Ken-dokke på hylla og eit bilde av Roy Narvestad over vasken er ingen referanse for snever for «Sageneguten».
– Stygge ting er jo gøy. Mykje av det eg har synest eg jo berre det er så gøy at det er laga, ler Egil og nikkar mot «Mot i brøstet»-spelet på veggen.
«Kjendis-Egil»
– Det er klart at når lokalavisa må presisera at du er kjendis i overskrifta, så er du ikkje akkurat verdskjend.
Det Egil siktar til er eit nyleg «heime hos»-intervju frå Sagene Avis der han i overskrifta blei omtala som «Kjendis-Egil».
– Eg er jo ikkje Sissel Kyrkjebø liksom, ler Egil før han held fram:
– Eg trivst veldig godt i mitt eige narrativ om at eg er ein veksande kunstnar, at eg er ein fyr som gjer mykje og er på veg opp.
Han er glad for at han i kjendis-tilværet likevel er ein fyr som har noko å koma med og falla tilbake på.
– Eg håper iallfall at folk får med seg at eg er litt her og der, og prøver meg på nye ting og sånn. For det synest eg er gøy.
– Eg blir stressa når eg ser kjendisar som berre er kjendisar.
Instagram-suksess
Duettvideoane til Egil har ikkje berre vore ein måte for Egil å finna tilbake til musikken. Dei har òg skapt stort engasjement i sosiale medium.
– Eg trur eg har fått 15 000 nye følgarar dei siste vekene. Eg har ikkje fått nye følgarar sidan 2021.
I tillegg merkar Egil at han får utteljing for videoane i anna enn berre sjåarar og klikk.
– Det kjekkaste med heile konseptet er jo at eg plutseleg har fått kontakt med publikummet mitt.
– Plutseleg hadde eg 500 kommentarar frå folk som spurde om når låtene kom ut på Spotify.
I ein av dei siste videoane til Egil, syng han «Händerna mot himlen» av svenske Petra Marklund saman med Oslokoret.
– Då kom eg heim til dei for ein gongs skuld. Det hadde ikkje vore plass til 120 menneske her inne, seier Egil medan han peikar rundt seg i den vesle leilegheita.
Videoen er den heilt klart mest sette av duettane til Egil med over 740.000 visingar.
Dette skjer samstundes med at fenomen som pubkor trekker fulle hus i fleire byar over heile landet, der folk kjem saman for å synga og vera sosiale.
I tillegg har låta frå 2012 har fått ny aktualitet etter at det norske herrelandslaget bruka ho i garderoben etter sigeren mot Italia på San Siro då det blei klart at dei hadde kvalifisert seg til VM.
– Det er berre så sjukt gøy å sjå at det framleis går an å engasjera folk. Du kan jo sjå videoar på TikTok som har 500 millionar visingar, men så har han berre 29 kommentarar. Då er det ikkje noko engasjement der.
– Eg elskar «We Are The World»-stemning
Sjølv har Egil lenge vore interessert i fotball, særleg når det er store meisterskap.
– Kanskje ikkje like mykje som Markus Neby då, ler Egil.
– Eg elskar «We Are The World»-stemning der alle står og voggar og har henda opp.
For Egil er det nok det sosiale rundt fotballen viktigare enn resultatet.
– Men det er klart viss Noreg skulle finna på å gå til kvartfinale eller noko, då begynner nok det gamle fotballblodet mitt å bobla med ein gong.
At «Händerna mot himlen» kom midt i VM-oppkøyringa beskriv Egil som mest tilfeldig. Likevel har han òg sunge duett med Nicolay Ramm i tillegg til sin eigen versjon av NRK si VM-låt «Sammen for Noreg».
– Men det blir nok ikkje duett med «Drillo» med det første.