Dei siste vekene har det vore mange hendingar på øvste nivå der vaksne menn og kvinner luggar kvarandre.
– I Premier League skjer det jo nesten i annankvar kamp, seier Sebastian Holm Mathisen til NRK.
Mathisen spelar fotball for Sandefjord, og viser stolt fram dei gylne krøllane sine.
Foreløpig har Mathisen sine lokkar fått vere i fred, men han har lagt merke til trenden som spreier seg som ein pandemi i fotballen:
Lugging har blitt eit stort problem.
Det har vore fleire episodar i engelsk fotball ogMeisterligaen for kvinner.
Laurdag kveld skjedde det igjen. Da sat superstjerna Wayne Rooney i fotballstudio til BBC og sa oppgitt:
– Eg kan ikkje tru at eg sit her og snakkar om at spelarar blir utviste for lugging. Det erlatterleg. Reglane må endrast, seier Rooney ifølge BBC.
Springskalle og lugging blir straffa likt
Så langt er dei fleste luggerane straffa med raudt kort. Det går under nemninga «valdeleg framferd» saman med slag og nedskalling.
Det får fleire til å reagere.
Manchester United-manager Michael Carrick meiner blant anna at eit raudt kort for lugging var «det verste han hadde sett».
Sidan har det engelske fotballforbundet (FA) vore knallharde i sin dom: Lugging er valdeleg oppførsel.
– Andre typar valdeleg framferd utset motspelaren for større fare. Men i fotballen si interesse kan ikkje lugging aksepterast, og må derfor straffast strengt, seier FA i ei fråsegn ifølge BBC.
Fleire tvilsame situasjonar
Her heime i Noreg er det også ueinigheit.
Fleire spelarar påpeikar at det går an å ta tak i drakta, og i staden ende opp med å bli ein luggande syndar.
– Om du ser at det er med vilje, så synest eg det er greitt med raudt kort. Men er du uheldig, og ein situasjon som ikkje er med vilje, så er det noko anna, seier Lillestrøms Gustav Nyheim.
– Litt lugging er ikkje så farleg. Gult kort er greitt. Raudt er hardt, seier Kristiansunds Leander Alvheim.
– Om du luggar ein spelar, så skal det vere raudt. Så er det nokon tvilsame situasjonar. Det er skjønn, dommarane må vurdere det, seier Sebastian Holm Mathisen i Sandefjord.
Han meiner bevisst lugging må straffast hardt.
– Då bør det bli fleire kampar med karantene.
Undervegs i intervjuet med NRK klekker han ut ein lur plan.
Nå skal håret gro for å freiste motstandarar til å nappe han i krøllane.
– Kanskje eg blir lugga etter kvart, seier han med eit smil.