Vegkant med planter og blomster
BLOMSTER: Det er lagt ned blomster og lys der ulykka skjedde. Foto: Øystein Bjerkeland / Romsdals Budstikke

Dei pårørande er kjende med at politiet går ut med namnet på den omkomne.

Totalt tre personar var i bilen som var involvert i ulykka på Julsundvegen i Molde torsdag morgon.

Alle dei tre blei skadde i ulykka, som politiet har beskrive som alvorleg. Dei involverte blei frakta til sjukehus på Hjelset i Molde etter hendinga.

– Livet til den eine passasjeren, ei 16 år gamal jente, stod ikkje til å redde, melder Line Kjernli Karlsen, operasjonsleiar i politiet, torsdag ettermiddag.

Politiet i Møre og Romsdal melde om trafikkulykka først klokka 05.39 torsdag morgon.

Trafikkulykke Molde
Ulykka skjedde tidleg torsdag morgon. Foto: Øystein Bjerkeland/Romsdals Budstikke

Sat fastklemt

Føraren av bilen sat først fastklemt etter ulykka, men blei etter kvart frigjort.

– Vedkomande har alvorlege skader, sa Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i politiet, til NRK torsdag morgon.

Føraren av bilen, ein mann på 18 år, blei etter kvart frakta til St. Olavs hospital i Trondheim for vidare behandling.

Den tredje personen som var i bilen, ein gut på 17 år, får behandling på sjukehuset på Hjelset. Vedkomande framstår som lettare skadd, melder politiet.

Alle dei involverte er heimehøyrande i Møre og Romsdal.

Trafikkulykke Julsundvegen i Molde
Krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen gjorde undersøkingar på staden. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Blir etterforska

Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulykka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen.

Det skal vere 80-sone på staden der ulykka skjedde.

Så langt tyder alt på at det berre var ein bil som var involvert i ulykka.

Hendinga blir etterforska av politiet. Dei opplyser at det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

– Bilen har kome køyrande vestover frå Molde og køyrt ut i ei svak høgre kurve. Det er for tidleg å seie noko om hastigheit, seier operasjonsleiar Kjernli Karlsen.

En svingete asfaltert vei i et skogsområde med et synlig hjulspor i veikanten.
Bilen har kome køyrande vestover frå Molde og køyrt ut i ei svak høgre kurve. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det skal ha vore store materielle skader på bilen.

– Frykteleg trist

Varaordførar i Molde, Hege Gagnat, seier at nyheita om hendinga er frykteleg trist.

– Det er sett i gang eit psykososialt kriseteam som vil ta vare på alle dei næraste pårørande. Om det er andre ting som trengst, vil vi vurdere det etter kvart som situasjonen utviklar seg.

Ho ber også andre som treng hjelp om å kontakte enten rask psykisk helsehjelp eller kyrkja.

– Vi tenker på dei som er rundt dei. Føresette, familie og venner. No er det ei tung stund for dei.

Hege Gagnat er varaordførar i Molde
Varaordførar i Molde (Ap), Hege Gagnat Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vegen var stengt i timevis

Fylkesvegen var stengt i fleire timar i etterkant av ulykka. Vegen blei opna igjen for trafikk rundt 11.50.

Både krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gjere undersøkingar.

Like før klokka 11.00 var dei ferdige på staden.

Ein entreprenør har også vore på staden for å rydde vegbana.

Trafikkulykke på Julsundvegen i Molde
Vegen var lenge stengt som følge av ulykka. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Open domkyrkje

Molde domkyrkje held ope frå klokka 19.00 torsdag kveld i samband med dødsulykka.

Kyrkja melder at dei er open for lystenning, samtalar og stille refleksjon.

Representantar frå kyrkja og Molde kommune sitt psykososiale kriseteam vil vere til stades for dei som ønskjer nokon å snakke med.

Den opne kyrkja er eit tilbod til familie, vener og andre som er råka av den tragiske ulykka.

domkyrkja molde kirke kyrkje
Molde domkyrkje held ope frå klokka 19 torsdag kveld i samband med dødsulykka. Foto: NRK