Ola Svenneby og Jon Helgheim (Frp) møttest tysdag til debatt om netthets i Politisk kvarter, der utgangspunktet var den massive hetsen mot AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø.
Nestleiaren i Høgre konstaterte syrleg at debattmotstandaren «greier å ete med kniv og gaffel», men at Framstegspartiet skuldar å ta ein meir aktiv rolle med å røkte og rydde i sitt eige omland.
Til det er det berre å seie: Lukke til.
Det er ironisk meint. Men òg ikkje.
For kampen mot netthets er ein kamp mot menneskenaturen, og kynikaren har helt rett i at netthets ikkje er noko vi kjem til å «få bukt med».
Til det er hetsen ein uunngåeleg konsekvens av algoritmedrivne plattformer der vi alle har vorte våre eigne publisistar.
Jo før vi erkjenner det, dess betre.
Å ta avstand i kioskhylla
Det finst ei historie om ein professor ved Menighetsfakultetet som vart observert mens han bladde i dei utstilte pornoblada øvst i kioskhylla.
– Ja vel? spurde dei overraska studentane.
– Eg står her og tar avstand, forklarte professoren.
Kampen mot netthets set dei same mekanismane i spel.
Han samlar «dei gode» i ein felles fordømming av «dei uanstendige».
Kvart oppgjer har sånn sett eit element av sjølvsmiger i seg: Om berre alle tok like mykje avstand som meg!
Men kampen mellom det gode og det vonde står ikkje mellom «trolla» og alle oss andre. Han går tvers gjennom kvar og ein av oss.
Derfor bør kampen mot netthets starte i ein helt annan ende enn han gjer i dag.
Ikkje med hyperventilering og ein intern konkurranse i å ta mest mogleg avstand, men med noko som liknar ei bøn:
Ro til å akseptere det vi ikkje kan forandre, mot til å forandre det vi kan, og visdom til å sjå forskjellen.
Ein dobbel erkjenning
På andre samfunnsområde gjer vi denne avveginga utan å blunke:
Vi byggjer fengsel. Ikkje fordi vi innbiller oss at vi skal kvitte oss med kriminalitet, men for å handtere han.
Vi byggjer sjukehus. Ikkje for å utrydde sjukdom og død, men for å handtere det.
På tilsvarande vis må vi både akseptere og ikkje akseptere at netthets er ein uskiljeleg del av vår digitale røyndom.
Aksepten handlar om å erkjenne trollsplinten i våre eigne augo.
Ikkje-aksepten ligg i å finne fram vår digitale «nabokjerring», markere grensa mellom rett og gale, og å stille teknologigigantane sine algoritmar til ansvar.
Idealisme utan realisme er ein naiv moralisme, mens realisme utan idealisme er kynisk kapitulering.
Svaret ligg i å halde ut i spennet mellom disse to ytterpunkta.
Det er ikkje fordi vi tek mål av oss å skape eit paradis at vi feiar framfor eiga dør.
Vi feiar fordi vi skal bu der.