Mann sitter på bakken.
Eg har erfart korleis systemet motarbeider dei tiltaka som faktisk reddar liv, skriv kronikkforfattaren. (Illustrasjonsfoto.) Foto: Shutterstock

​I juni skjedde det som ikkje skulle skje. Foreininga Tryggare Ruspolitikk måtte stengja dørene til analysetenesta si i Oslo.

Etter fire år med pionerdrift på lånte midlar, tomme lovnader og dugnad var eigenkapitalen brukt opp.

Tenesta som avslørte livsfarlege nitazener og hindra overdosar før dei skjedde, er borte.

​Dette er ikkje berre ei økonomisk krise for ein enkelt organisasjon. Det er det ferskaste symptomet på ein djup, systemisk og historisk svikt i korleis vi behandlar dei mest sårbare i samfunnet.

​Eg har 35 års erfaring frå ulike leiarstillingar innan rusfeltet i Noreg, og har arbeidd tett opp mot dei ansvarlege rus- og helsepolitiske miljøa på ministernivå og dei tilhøyrande forvaltingsmessige systema.

På nært hald har eg erfart korleis systemet motarbeider dei tiltaka som faktisk reddar liv.

​For nesten tjue år sidan uttalte dåverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen at dei mest slitne rusbrukarane ikkje berre sit nedst ved bordet i møte med det offentlege Noreg – dei ligg under bordet, og der har dei ligge lenge.

​Etter eit langt yrkesliv på dette feltet må eg spørja: Har dei eigentleg fått lov til å reisa seg?

​Kvar einaste gong fagfeltet og brukarane kjempar fram tiltak som beviseleg reddar liv, vert dei møtte av det same, arrogante systemet. Mønsteret gjentar seg med ein nærmast parodisk presisjon.

​Då utdeling av reint brukarutstyr vart foreslått, var motstanden enorm. Då sprøyterom (som i dag heiter brukarrom) skulle etablerast, vart det åtvara om at staten ville «legitimere misbruk».

Då LAR-behandling vart innført, kravde systemet ein rigiditet og ein disiplin som ekskluderte dei som trengde det mest.

Det same gjaldt matutdeling, oppsøkjande helsehjelp og bustadmodellar som Housing First.

​Kvar einaste gong har motargumentet vore det same moralistiske spøkelset: «Vi må ikkje senda feil signal til dei unge.» Men medan systemet bekymrar seg for «signal», døyr folk av uventa stoff i den illegale marknaden.

​Svaret på denne berøringsangsten finn vi i Sveits. På 1980- og 90-talet herja opne russcener i Zürich. I staden for å halda fram ein feila krig mot narkotika, snudde dei om. Dei innførte gratis, anonyme analysestasjonar, brukarrom og lågterskel helsehjelp.

Resultatet? Overdosedødsfalla sokk med over 64 prosent. Kriminaliteten stupte. Det viktigaste av alt: Evalueringar viste at ni av ti som fekk beskjed om at stoffet deira inneheldt uventa giftstoff, valde å bruka mindre eller kasta det. ​

Skadereduksjon dytter ingen ut i rus. Det held folk i live. Det er ei bru inn til eit hjelpeapparat som elles vert opplevd som lukka og arrogant.

​Det er ei skam at idealistar og brukarorganisasjonar må bera denne ryggsekken åleine på uføreseielege prosjektmidlar. Når det offentlege nektar å finansiere desse tiltaka fast, driv dei i praksis aktiv dødshjelp gjennom passivitet.

​Helse- og omsorgsdepartementet har i årevis lova å «greie ut» og «leggje planar» for ei nasjonal organising av rusmiddelanalyse. Men vi har ikkje tid til fleire utgreiingar. Vi har ikkje råd til fleire tomme ord.

​Det er på tide at helsemyndigheitene sluttar å leggja kjeppar i hjula for tiltak som verkar.

Det er på tide å trekkja dei som sit nedst – og dei som framleis ligg under – opp til bordet.

Det startar med å gje dei som reddar liv dei midlane og den tilliten dei fortener.Les også Finner livsfarlige stoffer i rusmidler – nå legges tilbudet ned