– Nå har vi fått hurtigbåtsatsinga tilbake på rett kjøl, og det er veldig bra, seier finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV.
– Dette er eit «kinderegg». Ikkje berre kuttar vi klimagassutslepp og sørger for gode kollektivtilbod langs kysten. Vi bygger også eit veldig godt, grønt og konkurransedyktig næringsliv og sikrar arbeidsplassar.
«Klimaversting»
Kamp mot hurtigbåtar som «klimaversting» langs norskekysten var eitt av krava Arbeidarpartiet på søndag måtte innfri. Då vart regjeringa og støttepartia deira einige om revidert nasjonalbudsjett.
- Det er sett av 100 millionar kroner til hurtigbåtsatsing
- Om eitt år skal regjeringa legge fram forslag til nullutsleppskrav som skal gjelde i anbodsrundar frå og med 2029.
Ifølge Hammer skal regjeringa allereie neste år komme med nullutsleppskrava som skal gjelde frå 2029.
– I to år har det vore uvisst kva nasjonale myndigheiter vil med omlegging til grøn maritim skipsfart. Det var avgjerande at vi nå har blitt samde om at det skal komme nye krav, seier Hammer.
Fylkesordførar kritisk
Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp) er ikkje like overtydd om at einigheita om hurtigbåtsatsing og nullutsleppskrav blir eit kinderegg, verken for Noreg eller Vestland.
– I det korte biletet betyr dette dessverre ingenting, for teknologien er ikkje på plass. Hurtigbåtar med nullutslepp som skal gå lange strekk får ikkje ned vekta. Då går ikkje båten så fort som ein hurtigbåt må gjere.
Han helsar likevel ambisjonane velkomne.
– Det som nå kjem på Stortinget er jo bra, for det viser ein vilje til å gå vidare. Me er nok heilt avhengig av statleg finansiering for å knekke denne teknologi-koden.
– Teknisk krevjande
Hammer står fredag morgon klokka 8 på Strandkaien i Bergen, der hurtigbåtar på rekke og rad ligg klare til avgang.
Askøybåten er allereie elektrifisert. Den turen tar 14 minutt. På Sunnhordlandsruta tar den lengste strekninga to timar. Båtane som skal til Nordfjord og Sogn brukar 5–6 timar.
– Sunnhordlandsruta er aktuell for elektrifisering, men det er avhengig av at staten set krav og er med på finansieringa. Båtrutene nordover er framleis litt teknisk krevjande, men Vestland fylke har eigentleg vore klar til å elektrifisere også desse i ganske lang tid.
Men Hammer vedgår at nullutslepp på så lange hurtigbåtstrekningar ikkje er «plankekøyring».
– Det er jo teknisk krevjande, men vi veit at vi har fått til store ting i Vestland før. Vi elektrifiserte ferjene nærast over natta.
– Uvisse har bremsa utviklinga
Maritime CleanTech har vore ein viktig aktør i lobbyarbeidet. Og policy- og prosjektleiar, Reber Roald Iversen, i selskapet har faktisk ei fortid som rådgjevar for SV på Stortinget.
– Kva har Maritime CleanTech gjort for å påverke politikken?
– Vi har sagt ifrå gjennom dialogar, møte og offentleg debatt. Vi er sjølvsagt glade for å ha fått gjennomslag.
Han avviser at vyane til politikarane overdriv kva som er teknologisk mogleg.
– Nei, i dette tilfellet stemmer ikkje det i det heile. Det er eigentleg omvendt.
– Her ligg teknologien i forkant av vyane og ambisjonane til politikarane.
Han vedgår likevel at bransjen før har hatt litt for høge ambisjonar.
– Vi må kanskje innsjå at vi gapa over litt for mykje tidlegare, så det er greitt at vi tar ned ambisjonsnivået litt. Det viktigaste er at det i det minste kjem eit krav der i horisonten.