Gult banner med portrett av en kvinne henger ved en utendørs scene med publikum i forgrunnen.
Det var mange solsikker å sjå i publikum. Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Rådhusplassen i Oslo er farga gul. Nokon held solsikker og gule blomar i henda.

Fleire hundre menneske har kledd seg i favorittfarga til Tamima Nibras Juhar for å heidre 34-åringen.

Tre unge menn står på en scene foran mikrofoner og holder solsikker.
Tamima budde saman med sin bror og hans barn. Tre av nevøane snakka frå scena på markeringa. Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

To av appellantane var nevøane til Tamima. Gutane på 16 og 17 år skildra ei tante full av kjærleik og varme.

– Det er ein sorg som er så tung å bere at det nesten er umogleg å skildre med ord, sa Bilal frå scena.

Han fortel at det som skjedde ikkje berre har tatt frå dei tanta.

– Det har også gjort oss redde på ein måte vi aldri trudde vi skulle bli, seier 17-åringen.

To unge menn står ved sida av kvarandre og held kvar sin solsikke. Dei ser mot kameraet.
Isak og Bilal sa at det framleis er vanskeleg å forstå at tanta er borte. Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Når rasismen går frå å vere noko ein les eller høyrer om på nyheitene, til å ramme din eigen familie, forandrar det noko inni deg. Ein forstår at tryggleik ikkje kan takast for gitt, fortset broren, Isak.

Brørne uttrykker takksemd for det store oppmøtet.

– Vi har følt at folket har ryggen vår. Det er viktig å stå saman om å seie at det som skjedde med ho aldri skal bli gløymd. Det er ein kamp vi alle må kjempe kvar einaste dag, seier Isak.

– Vi elskar deg tante, du skal aldri bli gløymd, avslutar han.

Drepen på jobb

I dag er det nøyaktig eitt år sidan 34 år gamle Tamima Nibras Juhar vart drepen på jobb på eit butreningstiltak på Kampen i Oslo.

Tamima Nibras Juhar
Smilande, varm og omtenksam. Slik skildrar familie og vennar Tamima. Foto: Privat

Drapsmannen var 18 år gamle Djordje Wilms, som var bebuar på tiltaket.

Han stadfesta at han at han drap Tamima fordi ho var muslim, og at han mellom anna var inspirert av Anders Behring Breivik.

I juni vart han dømd til 19 års forvaring med minstetid på 12 år og 8 månadar.

En mengde mennesker i en gate
Like etter drapet samla titusenvis seg til rosetog i Oslo. Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Drapet vekte kraftige reaksjonar og fleire titals tusen møtte opp til rosetog for å minnest Tamima.

Også den gong kledd i gult.

Ber om permanent minnesmerke

Umar Ashraf er leiar i Antirasistisk Senter, som er arrangør av markeringa. Han skildrar drapet som eit ferskt sår.

– Der er viktig for oss å skape arenaer der folk kan sørge og kjenne på samhald og fellesskap.

En kvinne i mønstret jakke omfavner en mann i lys dress og stripete slips.
Antirasistisk senter var hovudarrangør. No ønskjer leiaren seg permanent minnesmerke for Tamima. Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

Frå scena tok han til orde for eit permanent minnesmerke for Tamima.

– Eg er ein 85-er frå Holmlia, og er oppvaksen med Benjamin Hermansen friskt i minnet.

Han trur eit minnesmerke kan halde minnet i livet.

– Eg ønskjer, både for familien og for andre antirasistar, ein plass der ein kan minnest og halde minnet hennar levande i tida framover.

Kvinner ekstra utsett

– At ho var på jobb, på ein plass ho skulle vere trygg, det gjorde noko med folk. At ein faktisk ikkje er trygg nokon plassar.

Det seier Khansa Ali. Ho er leiar for Mira-senteret, som er ein møteplass for minoritetskvinner, og fortel at drapet skapte stor frykt hos deira brukarar.

Kvinne med mørkt hår kledd i gult foran ei scene og eit gult banner.
Khansa Ali fortel at drapet på Tamima spreidde frykt i hennar organisasjon. Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK

– Vi har sett over lang tid at normaliseringa av rasisme og muslimhat har gjort at sårbare minoritetar blir meir utsett. Kvinner, fordi dei er i skjeringspunktet mellom kvinnehat og rasisme, er ekstra utsett.

– Tamima er eit bevis på akkurat det.

Ali seier at det er viktig for hennar organisasjon å delta, og at det betyr mykje å sjå at så mange har møtt opp.

– Det betyr at dette hatet ikkje har grobotn blant folket.