Minst 180 menneske er døde og nær 1000 sakna etter flaumkatastrofen i Nepal onsdag.

Flaumen blei utløyst av enorme mengder med is og stein som raste ned i Bhotekoshi-elva på grensa mellom Nepal og Tibet.

Arnkjell Løkke er seksjonsleiar og fagekspert innan geoteknikk hos NGI, Norges geotekniske institutt. Han meiner det kan vere fleire årsaker til det som skjedde.

– Det er nok ein kombinasjon av mange faktorar. Det vil truleg ta dagar og veker før ein har studert satellittbilete og gjort undersøkingar som kan gje svar på kva som har skjedd, seier Løkke.

Ustabile isbrear

Han peikar på klimaendringane som ei av fleire mogelege forklaringar.

– På grunn av global oppvarming blir isbreane meir ustabile, permafrosten tinar og det blir meir vatn tilgjengeleg. Ein kombinasjon av desse faktorane kan føre til at slike hendingar inntreffer oftare og blir større.

Portrett av en lyshåret mann i mørk jakke med NGI- og Rab-logo, foran en grønn hekk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Arnkjell Løkke, seksjonsleiar, NGI. Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Løkke fortel at Himalaya blir varma opp raskare enn mange andre område.

To tredelar av isbreane i Himalaya kan smelte innan 2100 dersom ikkje klimagassutsleppa blir kutta, ifølgje ein rapport som kom i 2019.

– Snø og is reflekterer varme og sollys godt. Når isbreane smeltar, blir overflata gråare, med stein og andre ting. Desse massane held meir på varmen, og då får ein automatisk meir oppvarming av områda her, seier han.

Det same området i Nepal blei også utsett for eit skred i juli i fjor.

En kvinne ble reddet ut av flommassene. Video: Reuters
En kvinne ble reddet ut av flommassene. Video: Reuters

– Området er kjent for liknande naturkatastrofar, men i mindre omfang. Det er uvanleg at det går så store skred som dette. Når det skjer i eit område med såpass tronge dalføre og krevjande topografi, så blir det også store øydeleggingar, seier Løkke.

Slukt av vatnet

NRK snakka onsdag med Basanta Raj Adhikari, som er direktør ved Senter for katastrofestudiar innan sub-ingeniørfag ved det nepalske toppuniversitetet Tribhuvan.

– Store mengder is og snø kollapsa inn i elva. Dette blokkerte elva før det brast, sa han.

Dermed begynte enorme mengder vatn og gjørme å fløyme nedover dalføra i stor fart. Hus, vegar, bruer og vasskraftanlegg blei slukte av vatnet.

Styresmaktene i både Nepal og Kina fryktar at dødstalet vil stige kraftig.