Det meste gjekk gale for Brann-kvinnene i Wien tysdag kveld.
Raudtrøyene hadde eit godt utgangspunkt etter 2–1-sigeren i Bergen, men i returoppgjeret mot Austria Wien blei det raudt kort, sjølvmål og fire baklengsmål.
Til slutt tapte Brann 5–2 samanlagt.
Stort nivåforskjell
Brann sitt kvinnelag har etablert seg heilt i noregstoppen etter at Sandviken sitt kvinnelag gjekk inn i Brann før 2022-sesongen.
I år leder raudtrøyene ligaen klart etter 14 rundar utan eit einaste tap, og til helga skal dei spele cupfinale.
Likevel var dei aldri i nærleiken av å vinne kampen i Wien i går, og kvalifisere seg til Meisterligaen.
Eit temposjokk
Fredrik Haugen, tidlegare Brann-spelar og no fotballekspert i Bergens Tidende, meiner det blei tydeleg i Wien at nivået på norsk toppserie ikkje er godt nok.
– Brann-kvinnene fekk rett og slett litt temposjokk.
Ekspertane seier også på at lågare nivå i Toppserien gjer at dei norske laga ikkje får trent seg på å møte hardare motstandarar.
Peikar på økonomi
Ei av forklaringane på at nivået i Toppserien er lågare enn før, er ifølge Torp at både Brann og fleire av dei andre laga i serien har seld for mange gode spelarar.
– Det har vore eksportert kraftig mange spelarar ut, og mange av dei store profilane har tatt steget ut av Toppserien. Det er kanskje hovudgrunnen til at toppnivået no er så svakt.
– I tillegg blir det jobba for dårleg med spelarutvikling av unge spelarar. Nokre klubbar er flinke, men totalen er for liten og for dårleg, seier Torp.
NRK sin fotballekspert meiner dette er eit problem for fleire klubbar i Toppserien, og er uroa for utviklinga av norsk kvinnefotball.
– Kva kan løysinga vere?
– Ein må ta skikkeleg grep. Men i botn og grunn handlar det om økonomi, seier Torp.
Vil ha skandinavisk liga
NRK sin fotballekspert meiner det må jobbast for å få opp – og halde ved like – interessa for kvinnefotball.
– Kvinnefotball har ikkje det privilegiet at det er stor interesse for det i utgangspunktet. Det er interesse når det skjer store ting, men ein må prøve å få den generelle interessa opp.
Torp tar også til orde for ein eigen skandinavisk liga.
– Svenske og danske klubbar har delvis dei same problema som norske lag. Det vil kanskje vere det beste for kvinnefotballen i Skandinavia om ein lager ein skandinavisk liga av eit slag.
I staden for Meisterligaen skal Brann no ut i Europa Cup. Der må dei vinne eit dobbeltoppgjer for å kome vidare.
Torp er spent på korleis det går for raudtrøyene framover.
– Dei står i ein slags spagat, der noko er veldig bra og noko er dårleg, avsluttar Torp.