Taleekspert og kommunikasjonsvegleiar, Trond Albert Skjelbred, ser smilande mot kamera. Han er skalla, har runde briller og har på seg ein mørkeblå dressjakke. Han står med begge hendene strekt ut framfor seg, og i venstre hand held han ein mobiltelefon. I bakgrunnen kan vi sjå eit kvitt NHH-bygg med fleire vidauge.
SKRIVESPERRE?: Taleekspert Trond Albert Skjelbred oppfordrar talarane til å skrive talene sine sjølve. Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

«Kjære konfirmant, familie og vener.

I dag er ein stor dag. Ein slik dag som får ein til å stoppe litt opp og lure på kor tida eigentleg blei av.»

Slik lyder opningsorda i ein konfirmasjonstale generert av KI.

Ved første augekast kan talen verke heilt normal. Men etter kvart kan ein likevel byrje å stusse.

– Du merkar med ein gong om ein person snakkar som seg sjølv, eller om det er KI-generert. Dei KI-genererte talene er altfor generelle.

Det seier kommunikasjonsekspert Trond Albert Skjelbred, som mellom anna har hjelpt toppleiarar med taleskriving i seksten år.

No trur han at vi vil oppleve fleire og fleire KI-genererte taler framover.

Eit nærbilete av handa til taleekspert Trond Albert Skjelbred. Han held ein mobiltelefon, og peikar med peikefingeren på skjermen. Mobiltelefonen står open på appen Open AI, som viser eit KI-generert forslag til ein konfirmasjonstale.
Trond Albert Skjelbred har fått hjelp av Chat GPT til å generere ein konfirmasjonstale. Han er ikkje imponert. Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

– Dette er ikkje dine eigne ord

Sjølv har Skjelbred vore vitne til fleire tilfelle av selskapstaler som har vist seg å vere skrivne av kunstig intelligens.

– Eg hugsar at eg tenkte over det i ettertid, og spurte meg sjølv kva som eigentleg blei sagt i den talen. Og eg hugsa ingenting! Orda var jo fine, men dei var ikkje talaren sine.

Skjelbred er ikkje den einaste som har reagert på kunstige selskapstaler. Han har høyrd fleire historier om talarar som har blitt «KI-frelst.»

Taleekspert Trond Albert Skjelbred står til venstre i biletet. Han held ein telefon i handa, og smiler. Til høgre for han står tre kvinnelege studentar. Dei står vendt mot han, og ler.
Skjelbred er partnar i kommunikasjonsselskapet Apriil PR, og er ofte innom NHH der han sjølv har vore student. Her testar han studentane sin respons på ein KI-generert tale. Foto: Ingeborg Børve Skjold / NRK

– Eg høyrte òg om nokon som hadde ein tale i eit jubileum som var hundre prosent KI-generert. Midt i talen stoppa han seg sjølv, beklaga, og sa at det var for dårleg til å fortsette, ler han.

Han legg til:

– Då talaren fortsette talen med sine eigne ord, gjekk det jo bra. Det perfekte er jo uinteressant. Vi vil høyre det uperfekte.

Folk er redde for at talene ikkje er gode nok

Professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen, trur at fleire vil bruke KI som eit verktøy i taleskriving.

Biletet viser retorikkprofessor ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen. Han har kort, brunt hår og blå dress. Han smiler mot kamera, og er i sentrum av biletet.
– Det er betre at talen ikkje blei heilt perfekt, enn noko som er generert av ei maskin, seier retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen. Foto: Tove K. Breistein

– Kvifor trur du folk tyr til KI når dei skal skrive og framføre talar?

– Folk er utruleg redde for å bli vurderte når dei held talar, og tenker kanskje at maskina kan hjelpe dei til å få det til å lyde meir profesjonelt, understrekar han.

Han trur likevel at vi mistar mykje dersom vi lar ei maskin skrive talen for oss.

– I prosessen med å skrive talen, så tenker vi jo over kven denne personen er for oss, og kjem gjerne på fleire personlege historier og hendingar. Maskina veit ingenting om kven denne unge konfirmanten er.

Fleire NRK har snakka med på gata, hadde blitt skuffa dersom ein tale til dei var skrive av KI.

– Ein god tale seier det viktigaste

Som tidlegare rådgivar for Erna Solberg og partnar i kommunikasjonsselskapet First House, har Odd Hoen-Sevje skrive fleire taler for den dåverande statsministeren, og toppleiarar i næringslivet.

Han meiner ei felle fleire går i, er å snakke for lenge.

– Du skal vere ein ganske god talar for å ikkje kjede publikum om du held på i meir enn sju-åtte minutt. At du morar deg, betyr ikkje at publikum gjer det.

Oppskrifta hans er enkel. God planlegging er nøkkelen til ein vellukka tale.

– Bruk god tid på å førebu talen, skriv ned det du skal seie og øv på det på førehand. Noko av det verste som skjer er viss talaren ikkje har tenkt igjennom dette, og berre snakkar heilt fritt, fastslår Hoen-Sevje.