Ved Akademiet vidaregåande skule i Drammen var spenninga til å ta og føle på. Nokre var fornøgd med det dei kom opp i til eksamen, andre fekk det dei frykta mest.
Marius Grundstrøm kom opp i engelsk som éin av fem i klassen sin. Det gjekk eit djupt sukk i han då han fekk beskjed.
– Det var ein ting eg håpa å ikkje få, og så er det nettopp det eg får, sa Marius og tok seg til hovudet.
Sånn passe fornøgd
Tidlegare har elevane fått vite kva fag dei kjem opp i 48 timar før munnleg eksamen, kring ei veke før skriftleg eksamen. No får dei fleire veker på å førebu seg.
Dette heng saman med at eksamen skjøve fram i tid, slik at russefeiringa først skjer etter at eksamen er ferdig. Det har vore ei viktig sak for kunnskapsminister Kari Nessa Nortun.
– Det er heilt klart at no er det eksamen som står i fokus, og det er målet for regjeringa at mai månad skal vere ein månad for læring, øving og førebuing til viktige eksamenar, seier kunnskapsministeren.
– Kan det vere ein fare for at elevane tar det med ro resten av året når dei veit at dei får vite kva fag dei kjem opp i?
– Det vil vere ein risiko for det, men målet er at dei skal bruke tida på å førebu seg til eksamen.
Dei skriftlege eksamenane skal no bli avvikla i perioden 4.–21. mai.
Klokka 9 tysdag fekk dei svaret. Elevane fekk vite det på ein app via mobiltetelefonen eller PC. Dei fekk vite faga, men ikkje kva tema dei kjem opp i.
Elida Walderhaug som går på Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund, var veldig skuffa etter å fått vite kva ho kjem opp i.
– Eg kom opp i to skriftleg norskfag. Det er ikkje heilt mine fag. Så kom eg opp i det munnlege faget eg ikkje ville ha. Så eg er veldig skuffa.
– Kva gjer du no då?
– Nei, no blir eg nøydd til å jobbe hardt i dei faga eg har kome opp i.
Også ved Skien vidaregåande skule var det blanda kjensler blant elevane. Tredjeklassingen Bendik Thomassen kom opp i fleire krevjande fag.
– Eg kom opp i norsk hovudmål, norsk sidemål, matematikk R2 og fysikk 2 munnleg. Aller helst ville eg sleppe matte, men det får gå.
Delte meiningar
Ifølge høyringsforslaget frå Utdanningsdirektoratet vil ein felles dato for offentleggjering av eksamen gjere det lettare å administrere eksamen og planleggje undervisninga.
Det har vore delte meiningar blant lærarane, ifølgje Utdanningsnytt. Nokre lærarar fryktar at elevane berre vil konsentrere seg om eksamensfaget i mai månad. Andre peikar på at elevane får betre tid til å øve.
Ulemper
Avdelingsleiar ved Spjelkavik vidaregåande skule, Linn Lervik Haugsmoen, seier dette er noko heilt nytt. Og Haugsmoen meiner dette har sine ulemper.
– Eg fryktar jo litt at elevane ikkje har fokus på dei faga dei ikkje kjem opp i til eksamen. Det er viktig at elevane får med seg undervisninga i alle fag i tida framover.
Men direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, fryktar ikkje at det blir eit problem.
– Det vil framleis lønne seg for elevane å jobbe med alle faga. Standpunktkarakterane blir sett etter at skriftleg eksamen er gjennomført. Det gir rom for undervisning også etter eksamen og kan gi elevane eit insentiv til å prestere i andre fag.
– Rekker elevane å lære det dei treng å lære når eksamen er så tidleg som det blir no?
– Eksamen startar ei dryg veke tidlegare i 2026 enn i 2025. Skulen har visst om eksamensdatoane sidan før sommaren 2025 og har god tid til å planleggje skuleåret. Vi har tiltru til at skulane gir elevane den opplæringa dei har krav på.