– Eg visste at Oslo er ein «fucked up» stad. Dette har skjedd altfor mange gonger, seier ein elev ved Kuben vidaregåande skule.
Ho ønsker å vere anonym.
– Eg kjenner meg utrygg. Det er skummelt, seier eleven.
Blant anna vart det i januar avfyrt fleire skot på utsida av skulen, og for nokre år sidan vart fem ungdommar sikta for medverknad til forsøk på drap etter ei anna knivstikking.
Fleire elevar NRK har snakka med seier det same.
At dei er redde.
Tysdag i storefri blei ein 16 år gamal gut angripen og knivstukken i overkroppen av ein 17 år gamal medelev.
Politiet har sikta han for forsøk på drap.
Det er ikkje første gong medeleven er i politiet sitt søkelys.
NRK har vore i kontakt med gutens forsvarar, Marie Solberg, som ikkje ynskjer å kommentere saka.
Guten samtykka til varetektsfengsling.
Mange såg knivstikkinga
Eleven fortel at ho var i kantina då ho såg fleire som reiste seg opp og gjekk mot vindauget.
– Eg tenkte at det kanskje var slåstkamp, så eg gjekk bort eg òg.
Då såg ho ein gut liggande på bakken, med masse blod rundt seg. Ho reagerer på at ikkje fleire greip inn.
– Nokre av gutane som var utanfor, gjekk bort for å hjelpe. Dei prøvde å halde han borte. Men det var også folk som stod rundt med hendene i lomma og berre såg på, seier ho.
Ho har ikkje snakka med politiet om kva ho har sett. Ho ønsker heller ikkje å snakke med politiet. Ho trur fleire har det slik.
– Folk kan gå etter deg om du snakkar. Det er så mange vitne, men ingen vil fortelje i ei rettssak, seier ho.
Også elev Saad blei vitne til knivstikkinga.
– Eg blei ganske sjokkert då eg såg det. Det var veldig skummelt. Eg trudde det skulle vere ein normal slåstkamp. Så såg eg kniven, seier han.
Lærar ønsker konsekvensar
Ein lærar NRK har snakka med, reagerer på at rektor skildra hendinga som heilt uventa i eit møte for personalet.
Læraren ønskjer at episoden ikkje blir dyssa ned, men følgd opp politisk.
For å hindre slike hendingar etterspør ho konkrete tryggleikstiltak, som sikkerheitssjekk og fleire miljøarbeidarar og vektarar på skulen.
Læraren NRK har snakket med, visste ikkje om den 17 år gamle guten si historie med knivbruk.
Utdanningsforbundet Oslo og sosialbyråd Julianne Ferskaug (V) peiker på at det må bli lettare å dele informasjon om potensielt farlege ungdommar.
– Det vi ser er at politiet kan dele informasjon i krimførebyggande føremål, mens resten av det offentlege berre kan dele når det er snakk om naudsituasjonar.
Ferskaug fortel at dei i dag må be om samtykke for å innhente opplysningar. Mange gjev det, men ho meiner dei ikkje bør vere avhengige av det i saker kor det kan oppstå farlege situasjonar.
– No treng vi at lovverket kjem på plass.
NRK har gjentatte gonger forsøkt å få rektor ved Kuben, Kjell Ove Hauge, til å stille til intervju torsdag. Han har ikkje ønskt å stille til intervju.
Tillitsvalt: – Det er mange ting som kan bli betre
Tillitsvalt for Utdanningsforbundet på Kuben vgs, Melisa Lee Bonvik, opplever at dei har blitt godt ivaretatt av leiinga og kriseleiinga på skulen.
Ho kan ikkje seie om tilsette visste om den sikta eleven sin bakgrunn på grunn av tausheitsplikt.
– Eg veit at leiinga slit med å finne balansen mellom elevanes rettar og lærarane sine. Informasjonsflyten kan bli avgrensa på grunn av teieplikta, seier ho.
Bonvik er oppteken at diskusjonen blir løfta opp på eit høgare nivå, slik at slike ting ikkje skjer igjen på skuler i Noreg.
– Det er mange ting som kan bli betre. Politikarar må kome på banen for å finne ein betre måte å balansere barn sine rettar til privatliv, men også ivareta behovet til tilsette å vere forberedt på ein elev som har ein historikk, seier ho.
Vil ha meir informasjon
Leiar i Utdanningsforbundet Oslo, Marianne Lange Krogh, seier ho er bekymra for dei tilsette og elevane på skulen.
– Me opplever ein generell aukande kjensle av utryggleik frå våre medlemmar. Me får rapportar om at dei er bekymra for eigen og elevane sin tryggleik, seier ho.
Ho meiner tilsette ved skular må få informasjon om kva for risiko elevar kan utgjere.
– Det kan ikkje vere slik at dei tilsette ved skulen ikkje veit om kva risiko den sikta eleven utgjer. Me må ha informasjon slik at me kan gjere ei vurdering og sette inn tiltak der det trengst.
For sjølv om politiet gir skulen informasjon om slike elevar, så kan ikkje skulen gi denne informasjonen vidare om eleven bytt skule midt i skuleåret.
Ho understrekar at læraren ansvar er å undervise elevane.
– Me kan ikkje gå inn mellom to elevar som har våpen på seg. Då risikerer me og å bli skada.