– Det er utilgiveleg frå Hans Erik Ødegaard sine menn. Snakk om å gi bort ei skåring. Kva i all verda er det dei held på med på eige gras? orda kjem frå TV2s Jesper Mathisen.
Han snakkar om det andre målet i kampen mellom Lillestrøm og Bodø/Glimt.
Glimt dobla leiinga på Åråsen då LSK-målvakt Pontus Dahlberg spelte ballen rett i beina til Blomberg, som sende ballen vidare til Kasper Høgh.
– Det er Lillestrøm som prøver å frispele. Då endar det opp med at dei berre gir bort eit mål rett etter pause. Kasper Høgh får ei enkel oppgåve, seier Mathisen.
LSK-trenar Hans Erik Ødegaard avdramatiserer 2–0-målet og seier at det er slikt som kan skje.
– Det kan du berre drite i
Ruben Gabrielsen er klar i talen når han pratar med NRK om 2-0-målet etter kampen:
– Det har ikkje ein skitt å seie.
Kapteinen fortel at Dahlberg prøvde å seie unnskyld til resten av laget i garderoben etter kampen, men at den unnskyldninga ikkje blei godt motteke.
– Han har redda ti poeng for oss. Han prøvde å seie unnskyld, men me sa: det kan du berre drite i, seier Gabrielsen og held fram:
– Me skal fortsette med å spele slik. Han har redda ti poeng for oss. Han er den beste keeperen i ligaen. Pontus er me veldig glad for at er her. Han skal få lov til å gjere fleire tabbar. Han har redda 10 poeng for oss allereie, avsluttar han.
Stoppa draumerekkje
I første omgang var det ikkje mange sjansane for nokon av laga. Før Glimts Håkon Evjen tok imot eit innlegg på hovudet, for så og vri seg rundt og skåre for bortelaget.
– Det er Meisterliga-klasse over det han gjer der, sa TV2s kommentator Morten Langli.
Med 2-0-siger stoppa Glimt Lillestrøm si lange rekkje utan tap. Ikkje på 511 dagar har LSK gått på eit ligatap.
– Fin rekord å ha hatt (511 dagar), men det er ikkje så farleg. I dag kunne me ha fått med oss noko, men me møter eit lag som straffar oss. Me er bra på mykje, men må bli smartare i periodar der me slit med ball. Det er altfor mange situasjonar der me gir han bort og må springe etter, seier LSK-trenar Hans Erik Ødegaard
Det er likevel over ti år sidan Lillestrøm har slått Bodø/Glimt i ein seriekamp på Åråsen.
Kanskje på sitt beste
Glimt-trenar Kjetil Knutsen var ikkje sikker på at det skulle bli siger i Lillestrøm.
– Dei (LSK) begynte klart best. Me måtte verkeleg kjempe oss inn i kampen, seier Knutsen til NRK etter kampen.
Han forklarar at laget klarte å ta seg enda meir til saman etter pausen.
– Me set saman ein utruleg bra, trygg og fin andre omgang, der me kjenner igjen Glimt kanskje på sitt beste, forklarar han.
– Sesongane rullar og går. Og når ein skal jobbe seg ut av periodar der ein ikkje får det heilt til, med nesten ingen mellomrom mellom kampane, så kan du prøve sjølv. Det er ikkje enkelt altså, seier Knutsen og held fram:
– Utifrå der me har vore, så er eg faktisk imponert.