– Det er viktig kamp. Og når det er viktig kamp bruser det litt i blodet til nokon og ein kvar, seier KFUM-trenar Jørgen Isnes til NRK.

Den vonde rekka utan siger fortsette for Sandefjord då dei tapte mot KFUM i Eliteserien.

Og etter kampen vart det dårleg stemning både blant trenarar og spelarar.

– Noko av det er kanskje unødvendig, men ein trykkar på nokre knappar og sørger for at det blir litt eufori både på og utanfor bana, fortsette Isnes og la til:

– Eg synest det var mange reaksjonar frå Sandefjordbenken, noko eg synest det ofte er.

Trenere og støtteapparat i treningsklær feirer med klemmer ved spillertunnelen på en fotballstadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
UNDERVEGS: Var det også mykje fyring frå begge lag. her høyrer Isnes på ropa frå fansen. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Etter kampen jubla han opp mot tribunen i retning Sandefjord sine supportarar og måtta bli halden unna frå ein tydeleg frustrert Sandefjord-trenar Andreas Tegström.

– Det er det at trenaren (Isnes) står og melder mot publikum etterpå. Det er så lågt nivå at det er heilt sjukt, sa ein irritert Tegström etter kampslutt.

– Korleis opplevde du dei tumultane etter kampen, det er fleire som blir involvert etter kampen?

– Det er dei (KFUM) som skapar dei. Det er veldig unødvendig. Det er ikkje den beste vinnarmentaliteten, fortsette trenaren og la til:

– Eg kjem alltid til å stå opp for publikum, det kan eg love.

En fotballtrener snakker engasjert til en dommer ved sidelinjen mens lagkamerater ser på. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
IRRITERT: Ein tydeleg misfornøgd Andreas Tegström. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Isnes melde sjølv at han fekk mange kommentarar frå tribunen undervegs i kampen.

– Dei sa eg var tynn i håret, at eg startar å miste håret. Og det er heilt riktig det, sa han til TV 2 etter kampen.

Og at det var grunnen til at han vende seg mot Sandefjord sine supportarar etter kamp.

– Eg berre viste at eg framleis er tynn i håret men at det blei tre poeng. Og det er berre god humor og så stod dei og klappa her etterpå. Så då var det god stemning, avslutta han intervjuet med TV 2.

Fotballtrener med armene hevet i jubel på en fotballstadion. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
JUBEL: Ein glad Jørgen Isnes etter sigeren mot Sandefjord. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Sjå video av hendinga mellom trenarane øvst i saka.

Raudt kort i første omgang

Heimelaget opna kampen best. Men etter 30 minutt var Sandefjords Jakob Vester sein inn i ein duell og sette knottane i kneet til Robin Rasch. Det enda i direkte raudt kort. Det var Vester sitt andre raude kort på tre kampar og Sandefjord måtte spele med ein mann mindre.

RAUDT: Her skjønar Jakob Vester at han får raudt kort. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Deretter tok KFUM meir over. På overtida i første omgang nytta bortelaget eit dårleg oppspel. Eikrem fann Håkon Hoseth, som lurte bort Walle Egeli før han bøygde ballen bort i det lengste hjørnet. 1–0 til bortelaget.

KFUM var det førande laget i den andre omgangen, men Sandefjord heldt seg inne i kampen. På tampen opna det seg rom i begge boksar og heimelaget trefte stolpen på overtid.

Fotballspillere fra Tromsø IL feirer en scoring med en klem på fotballbanen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SIGER: Håkon Hoseth vart matchvinnar for KFUM. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Men laget frå kvalfangarbyen klarte ikkje å utlikne og forlengde rekka utan siger i Eliteserien til åtte kampar.

KFUM vann 1–0 og klatra til 11. plass, medan Sandefjord blir liggande på 13. plass i Eliteserien.