Elon Musk er sett i profil i en dress. Ved siden av ham er en NTB-logo. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
TAPTE: Elon Musk vann ikkje fram med søksmålet mot OpenAI. Foto: Manuel Orbegozo / REUTERS,NTB

Bakgrunnen for søksmålet var at Elon Musk meinte han blei lurt då OpenAI gjekk i ei meir kommersiell retning.

Opphaveleg var OpenAI ein ideell organisasjon i 2015 av blant andre Sam Altmann. Målet med organisasjonen var å utvikle kunstig intelligens på ein trygg måte som skulle komme alle menneske til gode.

OpenAI står blant anna bak ChatGPT.

En mann i dress ser til siden. Bak ham står en annen mann. Omgivelsene er lyse og moderne. Bildet er en seremoniell fotografering. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Direktør Sam Altman i OpenAI på veg gjennom sikkerheitskontrollen under rettssaka i Oakland. Foto: BENJAMIN FANJOY / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Musk bidrog med 38 millionar dollar til prosjektet dei første åra.

– Det er ingen tvil om at dette er to gigantiske ego som forsøker å gjere opp ein hanekamp.

Det seier teknologiekspert Magnus Brøyn, som står bak podkasten «Alt som går på strøm», til NRK.

Då OpenAI starta opp, var Altman og Musk bestevennar og skulle redde verda frå alt det farlege KI representerte. Gjennom rettssaka har dei to vore gjennom eit bittert oppgjer, seier Brøyn.

– Det er som eit skilsmisseoppgjer.

Sett på som avgjerande

Avgjerda kom etter elleve dagar med vitneforklaringar og prosedyrar, der truverdet til både Musk og Altmann blei angripe.

Juryen brukte to timar på å samrøystes komme fram til at søksmålet måtte bli avvist. Dei meiner selskapet ikkje er erstatningspliktige fordi Musk leverte søksmålet for seint.

Dei meiner Musk hadde tre år på seg til å saksøke, utan at han gjorde det.

Avgjerda fekk støtte frå dommaren i saka, Yvonne Gonzales Rogers.

– Det er omfattande bevis som underbygger avgjerda til juryen, og det var difor eg var klar til å avvise saka på staden, sa ho, ifølge Reuters.

Ny konge på haugen

Avgjerda i den amerikanske domstolen er ei styrking av den kommersielle KI-modellen, medan den opphavelege visjonen til OpenAI er svekka, seier professor Morten Goodwin ved Universitetet i Agder.

– Det trenger ikkje vere noko farleg at det kommersielle blir styrka. Men dei kommersielle aktørane har jo eitt formål, og det er å tene pengar for eigarane sine.

En mann i blå blazer og briller står i et rom og lener seg mot en vegg av servere.
Professor i kunstig intelligens Morten Goodwin ved Universitetet i Agder i serverrommet til universitetet. Foto: Leif Hallgeir Dalen / NRK

Tidlegare var Elon Musk synonymt med kunstig intelligens. Men no har det skjedd eit maktskifte, seier Goodwin.

– No er det Sam Altman som er kongen på haugen, og Elon Musk som har falle ned.

Positivt med rettssaker

Den seinare tida har det vore fleire rettssaker i USA der tekgigantane har måtte forklare seg.

Tidlegare i år måtte toppsjef Mark Zuckerberg i Meta vitne i ei sak der nettgigantar blei skulda for å gjere barn avhengige.

Og i saka mot OpenAI måtte Musk i vitneboksen.

Brøyn meiner dette viser at tekoligarkane ikkje har eit særleg vern i det amerikanske rettssystemet lenger.

– Silkehanskane er av, og no vil ein la rettssystemet prøve fleire aspekt knytt til korleis teknologi påverkar liva våre og kva det vil seie. Og det er på mange måtar bra, seier han.

Musk vil anke

Søksmålet blei sett på som avgjerande for framtida til OpenAI.

Selskapet avviste skuldingane frå Musk, og hevda milliardæren prøvde å stikke kjeppar i hjula for ein konkurrent.

Musk oppretta eit eige KI-selskap i 2023, xAI, som blant anna står bak samtaleroboten Grok.

Musk seier han vil anke avgjerda.

– Dommaren og juryen har ikkje vurdert innhaldet i saka. Berre ein formell detalj, seier han, ifølge Reuters.

Advokatane til OpenAI seier dei kjenner seg sikre på at dei har ei god sak dersom det skulle komme ein anke.

Gjer seg klar til børsnotering

I dag blir KI brukt til ei rekke formål, som utdanning, forsking, journalistikk og til å stille medisinske diagnosar.

Mange er uroa for at teknologien skal erstatte menneske i arbeidslivet.

– Når det er eit så kraftig verktøy, er det litt skremmande at det er nokre veldig få aktørar som styrer dette, seier Goodwin.

Demonstranter holder skilt foran en bygning merket United States Courthouse. En kvinne holder et skilt med teksten "AMERICA IS IN DANGER!". Et annet skilt har teksten "Musk + Altman =". (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Det har vore demonstrasjonar utanfor rettsbygninga medan rettssaka har gått føre seg i Oakland. Foto: JOSH EDELSON / AFP,NTB

Teknologiselskap har investert milliardar av dollar i selskap som driv med kunstig intelligens.

I rettssaka vitna ein direktør i Microsoft at dei hadde brukt over 100 milliardar dollar på eit partnarskap med OpenAI.

OpenAI forbereder seg no på ei mogeleg børsnotering som kan verdsette selskapet til 1000 milliardar dollar, skriv Reuters.

Brøyn meiner dette er ein viktig grunn til at Musk gjekk til sak mot OpenAI.

– Dette handlar eigentleg om at OpenAI skal bli børsnotert til ein svimlande sum, og at Elon Musk, som driv den konkurrerande KI-satsinga xAI og Grok, ønsker å avgrense mogelegheitene OpenAI har til å hente meir pengar på børsen.

Få meir utanriksstoff i NRKs podkast: