Utøver utfører et sleggekast i en konkurranse. Utøveren er iført en fargerik treningstrøye. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STERK UTAN KJØT: Veganaren Merlin Hummel viste musklar i EM. Foto: Matthias Schrader / AP,NTB

– Det er utradisjonelt å vere veganar i desse kastemiljøa. Det er ein tradisjon for kjøttrike diettar for nok protein.

Det seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal om 24 år gamle Merlin Hummel, og legg til:

– Men det går an å hente protein frå planteriket også.

Og det har Hummel verkeleg gjort.

Tysdag kveld tok veganaren frå Tyskland sølv under EM i friidrett, i den fysisk krevjande øvinga slegge.

– Kjærasten min introduserte meg for idéen om å bli vegetarianar for tre år sidan. Eg fann ut at det var veldig godt for helsa, og ja, eigentleg alt. Og så vart eg veganar i år, fortel han til NRK.

En utøver kaster slegge på en idrettsarena. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

Etter fjorårssesongen kom han fram til at å prestere i idretten ikkje berre handlar om styrke og konkurransar. No bøttar han nedpå med soya, tofu og havregryn.

Les ekspertens råd nedst i saka.

– Det er heilt fantastisk

Merlin Hummel fekk sitt store gjennombrot med sølv i VM i fjor haust. For å halde nivået ved like har tyskaren gjort fleire livsgrep gjennom vinteren.

Ein av endringane var å bli veganar.

– Eg merkar at det hjelper, og alt er berre bra. Når du skjønner at du kan oppnå så mykje bra med eit vegansk og plantebasert kosthald, er det heilt fantastisk, seier han til NRK.

Medaljevinnere i friidrett med nasjonalflagg fra Ukraina, Ungarn og Tyskland etter en seremoni. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
KNALLSTERK TRIO: Bence Halasz (i midten) vart europameister i slegge, mens Merlin Hummel (t.h.) tok sølv og Mykhaylo Kokha bronse. Foto: Matthias Schrader / AP,NTB

– Korleis er det for å bygge musklar?

– Det er ikkje overlegent, men det er på same nivå som alle andre kosthald. Du må fokusere på dei riktige tinga og næringsstoffa. Du må kanskje sette deg inn i litt meir, men viss du får til det, ligg du veldig godt an.

Det betyr ikkje at sleggekastaren er småspist.

Til den tyske nettstaden Kicker fortel Hummel at dagen kan starte med 150 til 200 gram havregryn, 100 gram dadlar, 50 gram soyaprotein og 150 til 250 gram bær.

– Eg et definitivt ein kilo frukt og grønsaker om dagen, ein halv kilo ris om dagen, og ein annan halv kilo totalt frå tofu og soyagranulat, sa han vidare til avisa.

Hummel anbefaler alle å prøve ut ein vegansk diett. Det er ikkje eksperten einig i.

45697649 Vegan Nutrition
EIN KILO OM DAGEN: Merlin Hummel et ein kilo frukt og grønt kvar einaste dag. Foto: NTB scanpix

Vanskeleg med nok tilgang

– Det er ikkje for alle, og det er krevjande å få til.

Det seier ernæringsfysiolog ved Noregs idrettshøgskole, Kristin Lundanes Jonvik.

– Det er jo proteina ein må vere litt ekstra obs på, i tillegg jern, vitamin D, kalsium og kanskje også vitamin B-12. Alt som finst av kjøt, fisk, egg og meieriprodukt, vert utelukka ved ein vegansk diett, legg Jonvik til.

Likevel trur ho at sleggekastaren Hummel klarar å balansere inntaket riktig, og fastslår at dietten han et er eit teikn på at han veit kva han driv med.

– Det er jo ofte sånn at toppidrettsutøvarar, og særleg ein kar som er så robust, et mykje mat. Så dei fleste toppidrettsutøvarar får i seg nok av så å seie alle næringsstoff, uansett kva dei et, visst ein skal sette det veldig på spissen.

En dame som smiler
GIR RÅD: Ernæringsfysiolog Kristin Lundanes Jonvik meiner det er krevjande å ete vegansk. Foto: Norges idrettshøgskole

Rådet: Snakk med lege

Men den vanlege personen i gata vil slite meir, og treng streng disiplin og god kunnskap for å kunne følge ein vegansk diett og samstundes ha god helse og prestasjon, fortel eksperten.

– Ein bregrenser seg jo i sosiale settingar. Det er ikkje alltid det er så lett å ha tilgang på rein vegansk mat. Og så kan det også vere vanskeleg å få i seg nok jern og vitamin D, som begge kan gjere at ein blir veldig slapp og sliten. Og for dei som trenar mykje kan det vere krevjande å ete nok energi.

Sjølv om det ikkje er helsefarleg oppmodar ho å sjekke med lege om ein vil halde på ein vegansk diett.

– Visst ein skal bli veganar, så er det eigentleg eit eige ansvar å sørge for at kroppen får i seg det han treng av dei næringsstoffa som ein då utelukkar frå kosthaldet sitt. Anten at ein har peiling sjølv, eller at ein oppsøker ein fagekspert, og gjerne også tar blodprøve hos fastlegen, berre for å sjekke at alt er i orden.