Embla Njerve, stavhopper
TILBAKE: Embla Matilde Njerve (19) innrømmer at det er stort å vere tilbake i NM etter meir enn eit år ute med utmatting. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Det var ein veldig stor kontrast, frå å vere i full trening til å ikkje gjere noko som helst.

Det seier stavhoppar Embla Matilde Njerve (19) då ho møter NRK i Trondheim på den første dagen av NM.

Etter å ha vore borte frå friidrettsbanen i over eit år på grunn av sjukdom, skal 19-åringen endeleg plukke opp staven igjen under noregsmeisterskapen.

– Det er veldig herleg å kjenne at eg har fått tatt eit steg inn i friidretten igjen. Det er veldig stort, seier ho.

Under NM torsdag kveld hamna Njerve på ein delt fjerdeplass, med eit hopp på 3,84 meter, noko bak hennar personlege rekord på 4,30.

Livet blei sett på vent

I oktober 2024 fekk Njerve kyssesjuka. Ho trudde først at det berre var ei vanleg forkjøling, og trena som normalt gjennom vinteren.

Men i februar 2025 gjekk ho på ein skikkeleg smell og kjente på total utmatting.

– Du føler at du mistar kontroll på kroppen din, du blir sliten av ingenting. Eg var sensitiv for lyd og lys. Heile livet blei eigentleg sett på pause, seier Njerve.

En ung kvinne med langt blondt hår står utendørs i en lys grønn langermet trøye. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SJUKDOM: Det som starta som ei tilsynelatande ufarleg forkjøling, viste seg å vere langt meir alvorleg for stavhopparen. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Stavhopparen gjekk til legen for å finne ut kvifor ho blei så sliten, men blodprøvene viste ingenting. Då prøvde ho å finne ein annan veg.

– Ein kan seie at eg brukte meditasjon, men heller ein sånn «mind-body attachment». At ein kan regulere seg sjølv.

– Hadde det effekt på deg?

– Veldig! Det var noko eg prøvde i mars – april (2026) og då hadde det allereie gått eit år der eg hadde fått lite progresjon i treninga mi på grunn av kyssesjuka. Eg begynte med å roe ned kroppen, og då gjekk eg frå å ikkje kunne trene i mars til å vere i full trening i juni, fortel ho.

Kvinne i et stavspranghopp over listen i en skog. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
UTMATTA: Frå å vere i toppform og trene for fullt, blei kvardagen snudd på hovudet – plutseleg blei ho heilt utmatta berre av å gå på skulen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Fann trøyst i moteverda

Likevel trur stavtalentet at den tøffe sjukdomsperioden har ført til noko positivt.

– Det var ein veldig kjip periode, men eg trur faktisk det kom veldig mykje godt ut av det. Eg har lært veldig mykje om meg sjølv og kroppen min, så det var ikkje forgjeves. Alle får ein liten smell, og eg trur dette er den største smellen eg kjem til å gå på, seier ho.

Kvinne i rød kjole foran en bakgrunn med Elle-gallaen 2025-logoer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
GALLA: Mote er ei stor interesse for Embla Matilde Njerve. Her er ho på raud løpar før Elle-gallaen 2025 på Theatercaféen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sidan ho ikkje kunne trene, begynte ho å utforske andre interesser – som mote og modellbransjen.

– Då eg måtte legge treninga til side, blei dagane litt lite innhaldsrike. Eg ville finne noko anna å halde på med, og prøvde litt modelloppdrag på sida. Eg var blant anna i Paris og gjorde eit oppdrag for Balenciaga.

– Kor viktig blei den hobbyen i den perioden?

– Eg trur det blei ein fin type underhaldning eller distraksjon, forklarer Njerve.

Eksploderte på internett

I 2024 opplevde idrettsutøvaren sitt store gjennombrot. Ho sikra NM-gull innandørs og sette personleg rekord med 4,30 meter på seinsommaren.

Men det var under U18-EM, der ho tok sølv med eit hopp på 4,15 meter, at det verkeleg tok av.

Eit klipp av sølvhoppet spreidde seg som eld i tørt gras, og videoen passerte raskt 100 millionar visningar fordelte på ulike plattformer.

To år seinare hender det at videoklippet dukkar opp i feeden til Njerve.

– Eg ser den framleis, men det er ingenting i forhold til då. Eg hugsar at mediepresset var litt stort på den tida.

– Det var litt rart i starten at eg blei sett på så mange ulike plattformer og av så mange folk, men eg trur eg berre blei vand til det, deler ho.

Ung kvinne med langt blondt hår smiler i et restaurantlokale. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
VIRAL VIDEO: Sjølv om det blei mykje merksemd rundt stavhopparen i 2024, tok 19-åringen det på strak arm – ho innrømmer at ho trivst i rampelyset. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Sjølv om trykket blei stort, har 19-åringen lært seg å omfamne rampelyset.

– Det har gitt meg mange moglegheiter. Eg er eigentleg veldig takksam for at det skjedde. Så er eg glad i merksemd. Eg har aldri hatt noko problem med å stå i rampelyset, seier ein smilande Njerve.

Sikra VM-billett

Den førre konkurransen 19-åringen deltok i, var då ho gjekk til topps i Full Moon Jump i Göteborg i januar 2025 – med eit hopp på 4,28 meter.

– Eg hadde veldig høge ambisjonar og mange forventningar til sesongen (2025), og rett før så kom smellet med kyssesjuka. Eg måtte legge alt til side, seier Njerve.

Trass inga trening i eit år, fekk 19-åringen ein enorm opptur i juli – då ho sikra billetten til junior-VM i USA.

– Eg tok kravet førre veke med den tredje stavøkta eg har hatt, så treningsgrunnlaget er ikkje der, men eg kan framleis hoppe stav og har mentaliteten til å gå inn i konkurranse uansett, fortel stavhopparen.

Embla Njerve
STAVHOPP: I 2023 enda Njerve på fjerdeplass i NM etter eit hopp på 3,61 meter. Foto: BILDBYRÅN NORWAY

Målet for både NM og den kommande verdsmeisterskapen er først og fremst å ha det gøy, men ambisjonane er der for VM:

– Det er eit ønske og moglegheit for finale, men eg tar det som det kjem, seier Njerve.

Kvinne med blondt hår står utendørs på en gangsti i en lysegrønn langermet genser og jeans. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
NM: Ho smiler breitt då ho møter NRK i Trondheim. No er 19-åringen endeleg klar til å ta opp konkurransen igjen. Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK