Emile Voe Nereng poserer mot kamera under TV 2s høstlansering
FANT PÅ UNNSKYLDNINGAR: Emilie Voe Nereng har ikkje alltid vore like glad i aktivitet. Det avslørte ho da ho gjesta podkasten «Skiklubben». Foto: Paul S. Amundsen / NTB

– Eg veit ikkje heilt korleis. Det har skjedd gradvis, seier Emilie Voe Nereng i podkasten «Skiklubben».

Ho har nettopp fått spørsmål frå programleiar Silje Nordnes om korleis ho gjekk frå ein person som hoppa unna gymtimar til å ta maraton-utfordringar på strak arm.

Anders Aukland, Sindre Reinholdt, Silje Nordnes, Emilie Voe Nereng Hanson
GJESTA SKIKLUBBEN: Emilie Voe Nereng. Foto: Pia Rivelsrud Christiansen / NRK

Den spreke matpåverkaren deler då ærleg rundt fortida si:

– Eg har aldri kjent meg god i klassiske idrettar. Eg hadde veldig låg sjølvtillit på det fysiske i heile oppveksten, men heldigvis fann eg cheerdance. Der fann eg for første gong litt meistring på det fysiske, seier ho.

Lytt til siste episode av «Skiklubben» her:

– Kjente meg klønete og svak

Nereng skreiv sjølv i sosiale medium og trauma frå ungdomstida i etterkant av innspelinga av «Helvetesuka» på Viaplay.

«Eg kjente meg alltid klønete, svak og som ei byrde for kven enn som fekk meg på laget sitt», skreiv ho.

Silje Nordnes
BLEI RØRT: Silje Nordnes. Foto: Robert Rønning / NRK

– Eg blei nesten litt rørt då eg las det der, innrømmer Nordnes.

Før Nereng utbroderer:

– Om vi skulle springe ein test på skulen, så grua eg meg heilt ekstremt. Eg hadde heile tida ein «mensen-unnskyldning» for ikkje å vere med. Eg synest det var veldig sårt, alt det med gymtimar, seier Voe Nereng.

Slik fekk treninga meining

Etter at ho gjekk ut av vidaregåande, var det også slutt på dansinga.

Det skapte eit vakuum i kvardagen hennar. Tomrommet prøvde ho først å erstatte med armhevingar.

Det fungerte dårleg.

Tq7P5OlrtiQ
PÅ TUR MED RAMM: Ingen har vel gløymt duellen mot Nicolay Ramm under vinmaratonen i Bordeaux. Foto: NTB

Først då ho begynte å studere ernæring, og las meir om helsegevinstane som trening gir kroppen – byrja brikkene å falle på plass.

– Det skil ut mykje lykkehormon, og eg kjente etter då eg trena sjølv. Då fekk eg ein litt anna meining med trening enn det eg hadde vakse opp med, som var meir prestasjons- eller utsjånadsfokusert. Eg opplevde at eg kjente meg skikkeleg bra då eg trena, fortel ho.

Det har ho igjen kombinert med konkurranseinstinkt.

– Det er også gøy å ha noko å jobbe imot. Eg begynte med det då eg var 23-24 år, og har eigentleg kost meg med det sidan. For kvar nye ting eg klarer, får eg meir meistring, seier ho i podkasten.

Halde på å øydelegge maraton

I podkasten snakkar ho blant anna om hennar opplevingar frå Eco-trail, New York Marathon, vinmaratonen i «Heilt Ramme sportar» og opptredenen i «Helvetesuka», der Skiklubbens Anders Aukland også var med.

Det er ikkje sjeldan at Nereng pressar seg såpass langt at ho endar opp med å dra med seg skavankar frå dei ekstreme prosjekta ho hoppar på.

I «Heilt Ramme Sporter» gjekk det utover både kne og tennene. I «Helvetesuka» trakka ho kraftig over.

– Vi bar 40 kilo på ryggen, og då gjorde foten min så vondt. Eg likar ikkje når eg driv og øydelegg meg fysisk. Eg skulle springe New York Marathon i november, og dette var vel i august/september.

Etter intens behandling av ankelen, enda det opp med at ho kunne springe éi veke før maratonet. Då sprang ho inn på tida 4 timar, 13 minutt og 14 sekund (altså godt unna den personlege rekorden hennar på 3 timar og 38 minutt).

Emilie Voe Nereng tok utfordringen på strak arm, og hadde det etter forholdene bra dagen derpå.
SKADAR: Nereng skadde seg i både «Heilt Ramme Sporter» og «Helvetesuka». Her frå førstnemnde innspeling. Foto: Skjermdump fra "Helt Ramme Sporter"

– Kan ikkje fatte at ho klarte det

At Nereng i det heile stod løpet såpass bra under TV-serien, lét med-deltakar Aukland seg imponere veldig over:

– Eg kan i dag ikkje fatte og forstå at Emilie klarte å gjennomføre det her. Både fysisk og mentalt, fordi det var like tung sekk for gutar og jenter. Vi gjekk, og gjekk, og gjekk og gjekk. Vi gjorde jo ikkje noko anna. Og så kom den «båtnatta» med marinejegerane, og det må eigentleg berre opplevast. Der blir ein køyrd hardt. Banka, og slått og sparka på – dytta hovudet under vatn og kjefte på ein måte som gjer at det er vanskeleg å stå i det.

Nereng fullførte den krevjande natta – sjølv om ho måtte grave djupt:

– Det vanskelegaste er å kjenne seg svak og dårleg. Det er den verste kjensla eg kan ha. På den båtnatta kjente eg at musklane mine var heilt tomme. Då vi skulle springe fram og tilbake på stranda der, så klarte eg det ikkje, seier ho.

Så kva blir det neste?

Nereng avslører at ho er påmeld til København halvmaraton i september. Noko ho framleis håpar å rekke etter ho pådrog seg ein betennelse i foten under Oslo Eco-Trail i sommar.

– Eg melde meg på 50 kilometer, som eg ikkje var klar for. Så no er eg på fjerde veka med betennelse i foten, plantar fascitt trur eg det heiter. Eg håpar det løyser seg, seier ho.

  • Vil du høyre meir, må du nesten finne fram til siste episode av «Skiklubben»!

Meiner unge lyttar meir til klokka enn sin eigen kropp: – Alt treng ikkje å vere på Strava