Erling Braut Haaland i Manchester City-drakt på fotballbane med publikum i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
SLÅR TILBAKE: Erling Braut Haaland slår tilbake mot dei som har tvilt på forma hans etter tett kampprogram. Foto: Morgan Harlow / AP,NTB

Erling Braut Haaland held fram med skåringsforma for Manchester City. Då han prata med Viaplay etter kampen mot Aston Villa, sende han stikk til dei som har tvilt på forma hans.

– Eg føler meg fin etter VM. Det var eit par som snakka om eg kom til å slite litt med å kome tilbake etter VM, men det ser greitt ut så langt, seier Haaland til Viaplay etter kampen mot Aston Villa.

Det er ikkje mange vekene sidan Haaland spelte fire kampar for Noreg i Nasjonsligaen. Det tette kampprogrammet har vore mykje diskutert, og fleire meinte det blei for mykje slitasje på spelarane.

Haaland meiner ikkje at slitasje har vore noko problem for han.

– Eg fekk ei pause for tre dagar sidan. Då var det ei veke frå førre kamp, så det var fint. Me får sjå korleis det blir neste kamp om fire dagar. Me får sjå korleis planen er, seier Haaland og held fram:

– Enzo (Maresca) er ein smart mann som forstår korleis det fungerer, så me får sjå.

Julian Alvarez og Erling Braut Haaland i Manchester City-drakter på en fotballbane. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Paul Childs / REUTERS,NTB

Har skåra i ni kampar på rad

Manchester City gjekk på sitt første tap i Premier League denne sesongen, då Aston Villa vann 2-1 laurdag.

Men undervegs i kampen tente Haaland eit håp for City-fansen då han utlikna. Han har no gått ni kampar på rad med skåring for klubben. Rekorden hans er ti.

Før kampen mot Aston Villa, stod City utan tap i Premier League denne sesongen.

Etter kampen mot Danmark i landslagspausen tidlegare i haust, publiserte Haaland på sosiale medium:

«Så sliten. Ny kamp om 70 timar» etterfølgt av ein tommel opp-emoji.

Erling Braut Haaland på Snapchat der han sier han er sliten etter kampen mot Danmark
Faksimile: Erling Braut Haaland sin snapchat

Bekymra for det tette kampprogrammet

Landslagspausen kom eit par månadar etter Noregs suksess i fotball-VM. Der tok Noreg seg til ein historisk kvartfinale. Programmet var tett, med fire kampar på elleve dagar. Haaland starta alle kampane for Noreg.

– Det er ikkje mengda i denne landslagssamlinga isolert som er problemet, for den toler spelarane. Men det er den totale belastninga som er eit poeng.

Det sa Niso-sjef Kristoffer Vatshaug til NRK tidlegare i oktober. Han var berre ein av mange som uttrykte bekymring rundt det tette kampprogrammet.

Etter VM-exiten fekk spelarane ei kort pause før klubbsesongen var i gang att.

Under eit Uefa-møte tidleg i oktober, var det hektiske landslagsprogrammet eit sentralt tema.

Ifølge fotballpresident Lise Klaveness, var alle land einige i at kampprogrammet i Nasjonsligaen er for hektisk.

– Me ønskte å seie det. Me visste ikkje om alle var med, men det var alle misfornøgde med – både store og små land. Så det er ei stor greie for oss å få endra det, sa Klaveness til NRK.