I eit formelt varselbrev til Klima- og miljødepartementet, datert 23. april, meiner ESA at Noreg har brote vassrammedirektivet.
Brota gjeld deponering i både Førdefjorden og Repparfjorden.
I brevet skriv Esa at dei meiner Noreg ikkje har dokumentert at det finst tvingande grunnar som kan forsvara at miljøet i fjordane vert forringa.
Varselbrevet er det første steget i ein formell prosess om traktatbrot mot den norske staten.
Naturvernforbundet: – Viser at vi hadde rett
Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner dette er den endelege stadfestinga av at norske styresmakter har vore på villspor.
– Dette styrkjer saka vår ytterlegare og viser at vi har hatt rett heile tida. Dumpinga, som no går føre seg i Førdefjorden, er ulovleg og må stansast, seier Gulowsen.
Han meiner at regjeringa bør trekke sin anke etter at ESA kom på bana med eit formelt brev.
– ESA seier, no er vi lei av å diskutere dette med Noreg, no startar vi ei formell sak om brot på EØS-avtalen. Det er jo veldig sterkt og tydeleg, seier Gulowsen.
Får kritikk
EU sitt vassrammedirektiv (forkorta «vassdirektivet») pålegg EØS-landa å hindre at miljøtilstanden i vatn (ferskvatn, grunnvatn og kystvatn) blir dårlegare.
ESA kritiserer korleis Noreg har handtert miljøregelverket. Dei meiner Noreg ikkje har innført delar av vassdirektivet korrekt i norsk rett.
ESA meiner også at løyva i både Førdefjorden og Repparfjorden er gjevne utan at dei strenge krava til unntak er oppfylte.
Sidan unntaka er ugyldige, vert dumpinga oppretthalden utan lovleg heimel.
Høgsterett neste
Måndag startar Høgsterett si behandling av søksmålet frå miljøorganisasjonane mot staten.
At overvakingsorganet i Brussel no formelt opnar sak, kan få stor tyding for den rettslege prosessen i Noreg, meiner Naturvernforbundet.
– No bør Staten trekke anken sin, seier Gulowsen.
Noreg har ein frist på to månader til å svare på varselet frå ESA. Dersom svaret ikkje er tilfredsstillande, kan saka ende i EFTA-domstolen.
– No ventar vi på svar frå Noreg før vi eventuelt tek neste skritt, seier kommunikasjonssjef Jarle Hetland i Esa til NTB.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) skriv torsdag kveld til NRK at regjeringa skal svare ESA og gi sitt syn på gjennomføringa av vassdirektivet.
– Vi meiner at norsk praksis er i tråd med direktivet. Gjennom denne dialogen med ESA får vi også eit godt høve til å klargjere korleis unntaksreglane blir forstått og handheva, og konkret om løyva i dei to prosjekta Engebø og Nussir, skriv Eriksen.
Nordic Mining skriv til NRK at drifta deira i Førdefjorden fortset som normalt.
– Dette er ei sak mellom ESA og norske styresmakter, skriv kommunikasjonsansvarleg Tone Løtuft.