Espen Eskås har vore med på noko få andre norske dommarar opplever i løpet av livet.

Han var kampleiar i VM og stod i sentrum da to av dei beste fotballspelarane i verda dei siste åra var på banen samtidig.

Og da han skulle gjennomføre det obligatoriske myntkastet med Cristiano Ronaldo og Luka Modric, kom han til å tenkje på noko.

– Det var veldig herleg da du hadde Portugal mot Kroatia, og så stod du der på myntkast med Luka Modric og Cristiano Ronaldo, seier Espen Eskås i NRK-podkasten Bakrommet.

Han held fram:

– Og det her blei jo ein sånn «reel», for vi har jo kamera, og det fangar opp lyden.

– Så lo alle saman

For etter at spelarane hadde gitt kvarandre ein god klem og utveksla vimplar, kom det eit lite stikk frå Eskås mot dei to superstjernene.

– Endeleg er eg med to fyrar som er eldre enn meg.

Ronaldo, Modric og Eskås
STJERNEMØTE: Cristiano Ronaldo og Luka Modric møttest til dyst i sommar. Da gjekk førstnemnde sigrande ut av duellen. Her med Espen Eskås i bakgrunnen. Foto: DAN MULLAN / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Det heile fekk Ronaldo til å bryte ut i latter, og Eskås beskriv det som ein av dei betre augeblinkane frå fotball-VM, der han dømde ei rekkje kampar.

– Og så lo alle saman. Og så blei det ein sånn «reel». Så det er eit godt minne eg har, fortel 38-åringen.

– Det blei eit godt minne, om eg skal trekke fram éin situasjon, seier toppdommaren vidare.

Toppdommaren frå Noreg er tre år yngre enn Ronaldo (41) og to år yngre enn Modric (40).

Han innrømmer at han byrjar å merkje at han er i ferd med å bli ein dommarveteran.

– Det har over natta, kjenner eg, skjedd at eg har følt at eg var ganske ung på banen og liksom jamaldrande med gutane, til at eg plutseleg har blitt eldst. Og det har vore litt vanskeleg å kjenne på, faktisk, seier Eskås.

Nemnde Ronaldo får nye høve til å smile med nordmenn når Portugal møter Noreg i Nasjonsligaen søndag.

Espen Eskås i Bakrommet
GJEST: Toppdommar Espen Eskås var gjest i podkasten Bakrommet onsdag. Foto: Skjermdump / NRK

Omstridd annullering

Kampen mellom dei to nasjonane enda med ein 2-1-siger til Portugal i 16.-delsfinalen. Der stod Eskås i sentrum i ein mykje omtalt situasjon, der «heile» Kroatia trudde dei hadde utlikna til 2–2.

Men VM-ballen ville det annleis, og den innebygde sensoren i ballen plukka opp at Kroatia-spelaren Igor Matanovic var borti ballen, noko som gjorde at Mario Pasalic blei plassert i ein offsideposisjon i forkant av målet til Manchester City-stjerna Josko Gvardiol.

– Dette var på ein måte første gong i VM-historia at ein sånn type situasjon skjedde, seier Eskås.

Dersom du vil mimre tilbake til VM-dramaet, kan du lese meir om kampen her:

Sjølve VM-opplevinga beskriv han likevel som «fabelaktig og surrealistisk». Dommarane budde samla i Miami, der treninga og butilhøva baud på ekstrem fysisk påkjenning under heitebølgja og den høge luftfukta.

– Den første kampen min i Miami, Uruguay mot Kapp Verde, var den kampen i gruppespelet med høgast temperatur og høgast luftfukt. Som nordmann med dårlegast føresetnader til å operere i dei temperaturane, fekk du verkeleg kjenne på kroppen korleis det var, fortel Eskås.

– Men vi var veldig godt førebudde, så det gjekk bra. Les også Jubler etter regel-endring: – Et gigantisk steg mot EM for Norge

Dømte fleire kampar

Fleire spelarar sleit også i varmen. Haaland var blant dei som tidvis blei bytt ut tidleg fordi han var sliten.

Likevel understrekar han at stemninga blant dommarane i USA var svært god.

– Vi budde jo alle dommarane saman. Vi hadde camp i Miami. Dess lengre tid det gjekk og dess betre Noreg gjorde det, dess fleire var det som sat i frukostsalen hjå oss og rodde, fortel Eskås.

Nordmannen dømte altså den nemnde kampen mellom Portugal og Kroatia. I tillegg leia han oppgjeret mellom Uruguay og Kapp Verde. Eskås var også fjerdedommar i kampen mellom Brasil og Skottland.