– Det at han kom rundt og såg på det som hadde skjedd og møtte folka var ein stor ting av han – i boblejakka si, seier Roni Ervik (46).
Laurdag morgon held folk fram med å legge ned blomster på Slottsplassen.
Ervik seier han besøker Slottsplassen på vegner av familien sin, som er frå Vestlandet.
Dei gløymer aldri då kong Harald kom på besøk etter orkanen på Nord-Vestlandet i 1992.
– Det er spesielt, nært og fint. Høgre hand på brystet i takksemd for han og kongefamilien.
Ervik var ein av fleire tusen som fredag kveld møtte opp for å ta eit siste farvel med kong Harald då båra hans vart frakta frå Rikshospitalet til Slottet.
– Det var rart å stå berre ein meter frå. Då eg vakna levde han og seinare ser eg kista så nær.
– Ein konge for oss alle
Sigrid (8) og Frida (5) har begge laga teikningar til kong Harald.
De er på Slottsplassen saman med mamma Stine (39) og pappa Morten (40).
– Det er fint å vere her, og litt spesielt, synest Sigrid.
Thorbjørn Togstad (83) og Patricia Togstad (82) er på veg for å leggje ein gul blomsterbukett framfor Slottet.
– Han har vore ein fantastisk konge, ein konge for oss alle, seier Thorbjørn.
Fabia (21) var på Slottsplassen i går, og har komme tilbake i dag saman med mor si og veslebror Kevin (12).
Ho måtte stoppe innom butikken for å kjøpe lommetørkle, fortel ho.
– Eg trudde ikkje det skulle bli så trist, men det er fint å vise respekt.
– Har betydd veldig mykje for meg
Fredag formiddag var køen lang utanfor Oslo Domkirke. Mange ville skriva i kondolanseprotokollen.
Jan Rolf Bjerved (79) står tolmodig og ventar for å skrive ei siste helsing til den avdøde kongen.
– Han har betydd veldig mykje for meg. Han var ein av gutta, seier Bjerved i det ei tåre trillar nedover kinnet hans.
Bjerved byrja dagen med å legge ned blomster framfor Slottet, før han tok turen ned til domkyrkja.
79-åringen er tydeleg prega, men står i køen med glede for å få tenne eit lys for kongen.
– Det synest eg er veldig fint, for kongen har betydd veldig mykje for mange menneske, seier han.
– Tidlegare i dag var eg på Slottsplassen og la ned blomster, og det synest eg var veldig fint, legg han til.
Tusenvis tenner lys for kongen
Etter kong Olavs død samla folk seg på Slottsplassen for å tenne lys og legge ned blomster. Lyshavet framfor Slottet var eit nytt fenomen i historia om norsk landesorg.
79-åringen har vitna alle dei tre tronskifta Noreg har hatt sidan landet blei eit sjølvstendig kongedømme i 1905.
– Det var også veldig trist då kong Olav V døydde. Eg var og såg på gravferda i Karl Johans gate. Eg opplevde også kong Haakon VII, men då var eg ikkje så veldig gamal, seier Bjerved.
Sorgmarkeringa lev vidare for kong Harald.
Gjennom fredagen samla 20.000 menneske seg på Slottsplassen for å sørgja, leggja ned blomstrar og tenna lys, ifølgje førebelse tal frå politiet.
Over heile landet har folk kome saman:
Folket sørger
– Ver i augneblinken
Utover dagen opna himmelen seg over folket i Oslo.
– Det er meldt regn i dag. Det er himmelen som græt for kongen, seier ein taxisjåfør til NRK.
Ute i regnet står Thelma Engene Gøranson (22) med to hundar og ventar på søstera si.
Dei byter på å stå ute med hundane, og å gå inn i kyrkja for å skrive i kondolanseprotokollen og tenne eit lys.
– Det går fint at det er lange køar og at ting tar litt tid. Det betyr at folk faktisk bryr seg og tar det innover seg, og at dette ikkje er ein vanleg daglegdags ting.
– Kongen var eit samlingspunkt for alle.
Også ho har vore innom Slottsplassen for å legge ned ein blomsterbukett. 22-åringen synest det er fint at folk minnast kongen i person.
– Alle seier det, han var Noregs bestefar, seier ho.
Det norske folket har også uttrykt sorga på sosiale medium, men Gøranson oppfordrar alle til ta blikket opp frå mobilskjermen.
– Ver i augneblinken og føl på det, seier ho om landesorga.
Eit dikt av Trygve Skau har blitt delt av tusenvis det siste døgnet.
Du kan lese diktet med bilete av kong Harald her:
Dikt: «Kongen min kaster hodet bakover og ler»
Høyr podkast-episoden til Oppdatert om kong Harald sitt liv:
Kongen er død – dette skjer nå