Krimteknikere gjør undersøkelser rundt Lille Lungegårdsvann
ETTERFORSKAR: Politiet leitte etter biologiske spor då dei sperra av eit område ved Bystasjonen måndag. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ein for politiet ukjend mann er mistenkt etter at ein mann i 20-åra skal ha blitt valdteken i buskene ved Bystasjonen i halv fem-tida natt til søndag.

BA omtala saka først.

– Dersom nokon har sett eller høyrt noko mistenkeleg i området ved Lille Lungegårdsvann rundt det tidspunktet, så vil vi gjerne at de fortel om dette til politiet, seier politiadvokat Kristina Munkejord.

Oppsøkt på Bystasjonen

Politiet ynskjer på noverande tidspunkt ikkje å gå inn på kva den fornærma har forklart til politiet. Dei har sikra seg biologiske spor på fornærma, og har i tillegg ein overvakingsvideo frå Bystasjonen.

Fornærma var då på veg heim frå byen.

– Videoen viser at mistenkte går bort til fornærma kring klokka ti på halv fem. Så ser vi at dei snakkar saman heilt kort, og at dei går saman frå Bystasjonen i retning Lille Lungegårdsvann, fortel Munkejord.

Politietterforskning ved Lille Lungegårdsvann
Politihundar og krimteknikara søkte måndag etter biologiske spor ved Bystasjonen. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Etterlyser ung mann

Politiet er spesielt interesserte i å kome i kontakt med ein annan ung mann som var på Bystasjonen.

– Vi ser på overvakingsvideoen at mistenkte tek kontakt med ein annan ung mann nokre få minuttar før han får kontakt med fornærma. Vi vil gjerne kome i kontakt med den personen, seier Munkejord.

Rosar politiet

Politiet sperra måndag av det aktuelle området mellom Lille Lungegårdsvann og Strømgaten. Både krimteknikararar og politihundar deltok i jakta på bevis.

– Vi leitte etter biologiske spor, men gjorde ingen funn på staden, seier Munkejord.

Hilde Cecilie Matre er bistandsadvokat for den unge mannen. Utover å stadfeste at ho representerer mannen ynskjer ho ikkje å kommentere saka.

– Det er tidleg i etterforskinga, men eg har inntrykk av at politiet prioriterer saka og jobbar godt med den, seier ho.