Skal Noreg kunne drive med olje- og gassutvinning i dette området med EU si velsigning? Eller vil EU setje foten ned?
Det spørsmålet blir avklart til hausten. EU-byråkratar sit no i ein intens innspurt i møteromma i Brussel.
– Vi ser korleis klimaet går fullstendig amok akkurat no. Eg meiner at EU ikkje må forlate sitt nei til olje- og gassverksemd i Arktis, seier Villy Søvndal, medlem av Europaparlamentet og tidlegare utanriksminister i Danmark.
– Men treng ikkje Europa meir olje og gass i ei uroleg verd?
– Eg synest ikkje vi skal la hendingar her og no diktere ei utvikling som går baklengs, svarar Søvndal.
I september skal ein oppdatert versjon av EUs Arktis-strategi vere klar.
Førre oppdatering kom i 2021. Her vedtok EU å jobbe for ein mellombels stans for olje- og gassutvinning i Arktis, eit såkalla «moratorium».
– Ikkje EU som avgjer
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har tidlegare bede EU revurdere sitt nei. Torsdag landa Støre i Brussel, og først på planen stod møte med Jyrki Katainen, EUs spesialrådgjevar for Arktis, og Jozef Sikela, EU-kommissær for internasjonale partnarskap.
EU sin strategi står i skarp kontrast til håpet regjeringa har om å utvinne gass i Barentshavet og frakte gassen i røyr til det europeiske kontinentet.
Dette har blitt eit høgaktuelt tema etter at etterspurnaden frå EU har auka som følgje av Russland sin angrepskrig mot Ukraina og stenginga av Hormuzsundet.
– Kvifor ønskjer du at EU legg bort sitt nei til olje- og gassverksemd i Arktis?
– Eg ønskjer at EU har eit regelverk som stemmer med den verda EU er ein del av. EU får i dag betydelege mengder med energi frå Arktis. Vi er dei første til å seie at vi må ha ei berekraftig miljøinnretning på alt vi gjer i Arktis, for det er eit sårbart miljø. Men i framtida vil energi frå Noreg i betydeleg grad komme frå Arktis. Eg opplever at europeiske leiarar forstår det, seier Støre.
– Har du fått nokon løfte om at EU seier ja til olje og gass i Arktis?
– Det er ikkje EU som avgjer kvar vi utviklar olje- og gassverksemda vår. Eg har respekt arbeidet med strategien. Og eg bidreg med kunnskap om kva Noreg representerer, og om kva som er Arktis. Vi samarbeider i dag på mange område med EU i klimapolitikken.
– Viktig for klimaet
Rasmus Andresen representerer partiet Dei grøne i Europaparlamentet. Han meiner det vil vere ein stor feil å halde fram med olje- og gassaktivitet i Arktis.
– Både freden og klimaet vi tene på eit nei. Eg vil gjerne snakke med den norske statsministeren og dei store energiselskapa om korleis dei kan finne alternative løysingar, seier han.
Etter at Støre hadde møtt EUs utanrikssjef Kaja Kallas i februar, sa han følgjande til NRK:
– Eg har mint Kallas på at den auka energitransporten frå Noreg til EU kjem frå Arktis. Den kjem frå Melkøya, frå Hammerfest. Så EU må tenkje gjennom dette når dei no seier at dei vil ha eit moratorium, dei vil ikkje ha energi frå Arktis. Då kjem dei i ein skvis. Det trur eg dei ser, at dei treng den gassen for sin eigen stabilitet og tryggleik.
Statens egne eksperter advarte over 200 ganger – rådene ble ikke fulgt
– Ikkje eit svar på energikrisa
Men det er ikkje berre blant EU-politikarane at regjeringa og energiselskapa møter motstand.
I mai sende over 120 samfunnsaktørar eit ope brev, der dei bad EU halde døra stengd for ny olje og gass frå Arktis. Nordisk senter for bærekraftig finans og danske Sampension tok initiativ til brevet.
Det er skrive under av ei lang rekkje bedrifter, fagforeiningar, forskarar, organisasjonar og tankesmier, inkludert 12 finansinstitusjonar.
Her finn vi også kjende namn som Jens Ulltveit-Moe, Eva Joly og Connie Hedegaard.
KLP er blant dei som skreiv under.
– Som pensjonsselskap er vi opptekne av langsiktig verdiskaping. Og med dette brevet ønskjer vi å peike på at det er høg risiko når det gjeld utvinning av olje og gass. Det er høg finansiell risiko og det er høge investeringskostnader. Dessutan kjem det ikkje ny energi derifrå ut i marknadene før på 2040-talet, så dette er heller ikkje eit effektivt svar på den energikrisa som vi står i akkurat no.
Det seier Heidi Finskas, direktør for berekraft i KLP.Les også Støre om EU-strategi: Et Arktis‑forbud vil ramme Melkøya
– Stor klimarisiko
Noreg har allereie lyst ut store areal for leiting i Barentshavet, mot miljøfaglege åtvaringar. Området blir av mange sett på som framtida for norsk olje og gass, men forskarane seier tydeleg at Arktis blir varma opp rundt fire gonger raskare enn resten av verda, og at bruk av fossil energi ei viktig årsak til den globale oppvarminga.
Heidi Finskas understrekar at Arktis er eit veldig sårbart område.
– Vi vurderer klimarisikoen som stor. Som langsiktig global investor er det i vår interesse at global oppvarming blir avgrensa så mykje som mogleg, fordi den vil svekke avkastninga på sikt. Og nye prosjekt i Arktis dreg i motsett retning, fordi dei bidreg til høge utslepp over tid, framfor ei omstilling til alternative energikjelder.Taras ferd mot isfritt hav
Også ei rekkje miljøorganisasjonar har engasjert seg i spørsmålet om EUs strategi for Arktis.
Blant dei er WWF Verdas naturfond, som også skreiv under på brevet til EU.
– Det er eit veldig stort engasjement, med rette, fordi dette vil jo avgjere framtida til Arktis, rett og slett.
Det seier generalsekretær Karoline Andaur. Ho er klar på at det ikkje må setjast i gang ny leiting etter olje og gass i Arktis.
– Både på grunn av klimaendringar og det sårbare marine miljøet, samtidig som Noreg altså ønskjer å låse norske skattebetalarar sine pengar til ulønnsame prosjekt for framtida, seier Andaur.Les også Åpnet landets nordligste oljefelt – nå kan det komme flere i nord
Barentshavet i fokus
Den oppdaterte EU-strategien skal blant anna fokusere på tryggleik, tilgang på kritisk viktige råvarer, klima og miljø.
EU-kommisjonen har fått 1.640 innspel i arbeidet med strategien.
Den norske regjeringa sende innspela sine til strategiarbeidet i slutten av mars.
Dei åtte arktiske statane er Noreg, Russland, USA, Canada, Island, Danmark (med Grønland), Sverige og Finland. EU definerer Arktis som områda nord for polarsirkelen.
Barentshavet og områda nord i Norskehavet er dermed ein del av norsk Arktis.