SISTE: Evakueringsradiusen var fyrst sett til ein kilometer, men tidleg fredag morgon endre politiet den til 300 meter kring brannstaden.

Brannen i verkstadbygget på Sortland har roa seg, og faren for spreiing til nabobygg er betydeleg mindre, opplyser Nordland politidistrikt i natt til NTB.

Brannvesenet lèt verkstadbygningen brenne ned til grunnen. Det stadfestar Nordland politidistrikt til NRK i 3-tida natt til fredag.

Sortland kommune har opna kulturhuset for dei som er ramma av brannen seint torsdag ettermiddag.

Naudetatane fekk melding om brannen ved Rise klokka 16.46. Det brann kraftig på staden og brannvesenet har over lengre tid ikkje kontroll på brannen. Svart tjukk røyk velta ut av bygget.

Det vart sendt ut naudvarsel til alle mobiltelefonar i området, melder Stig Østbø ved politiet i Nordland.

Det skal vere gassflasker og giftige kjemikaliar i bygget, og naudetatane fryktar eksplosjonsfare.

Skjermdump av melding.
Denne meldinga fekk ordføraren på telefonen.Faksimile: Grete Ellingsen / Grete Ellingsen

Så langt er kring 21 personar som bur i nærleiken evakuert. Fleire hadde sjølv evakuert før politiet kom på døra.

Ordførar i Sortland kommune, Grete Ellingsen ber innbyggarane følgje med i medium og politiet sine kanalar. Ho fortel at dei set krisestab i kommunen.

– Det er ikkje alle som har telefonen i nærleiken, men eg ber alle følgje med på situasjonen, seier Ellingsen.

Seint torsdag kveld melder Sortland kommunen at deira psykososiale kriseteam er kopla på for å ivareta personar som har behov for oppfølging.

– Dette er ei hending som råkar mange, men fyrst og fremst alle som er direkte råka av brannen. Eg vil rose naudetatane for den store innsatsen dei gjere, seier ordførar Grete Ellingsen, i ei pressemelding frå kommunen.

–Det var berre å kome seg vekk

Inger Dåvøy er nabo til bygget, og er ei av dei som måtte evakuere frå den vesle bygda Rise.

– Det er ei lita bygd med ein god del hus innanfor ein radius på éin kilometer. Både barnefamiliar og eldre folk har evakuert.

Ho fortel at dei fyrst høyrde sirener, så såg dei røyk og opne flammar.

– Me fekk ikkje noka melding på telefonen. Brannvesenet kom på døra og gav beskjed om at me måtte evakuere på grunn av fare for eksplosjon og giftig røyk, seier Dåvøy.

Brannvesenet hadde rigga til bilane i ein nærliggande bekk for å fylle vatn, fortel ho.

– Kva tenke du då de måtte evakuere?

– Eg tenkte vel ikkje så mykje. Eg såg brannen, og eg såg at det var ein stor brann. Opne flammar såg eg ganske tidleg, faktisk før brannbilen kom. Så det var berre å kome seg vekk, seier Dåvøy.

Kulturfabrikken i Sortland
Kulturfabrikken er eit kulturhus i Sortland. No har kommunen oppretta krisestab og brukar huset til samlingsstad. Bilete er tatt i ein annan samanheng. Foto: NRK

Opnar kulturhuset for dei evakuerte

Sortland kommune opnar Kulturfabrikken i Sortland sentrum for dei evakuerte, melder politiet sin operasjonssentral.

Inger Dåvøy fortel ho at dei ikkje veit når dei får kome heim att og har ikkje fått meir informasjon enno. Men at ho har ein plan om det blir langvarig.

– Me har familie me kan overnatte hos, så me køyrde til Sortland og det går berre bra med oss, fortel ho.

Røyk stiger opp fra et område ved en fjord med fjell i bakgrunnen under en overskyet himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Ordførar i Sortland kommune Grete Ellingsen tok dette bilete frå andre sida av fjorden. Foto: Grete Ellingsen / privat

Har ikkje kontroll på brannen

Verkstadbygg tilhøyrer selskapet Power Farming som sel og reparerer landbruksutstyr.

– Det er brann i ein sveiseverkstad. Me har ikkje kontroll på brannen. Hadsel og Sortland brann og redning er på staden og driv sløkkearbeid, seier Finn Viggo Dreyer i Salten Brann IKS.

Dreyer har ikkje oversikt over kor mange som er evakuert.

Ifølgje politiet skal det ikkje vere nokon personar i bygningen som brenn. Det er enno ikkje kjend kva som er årsaka til brannen.

En bygning i brann (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Bygningen som står i brann, tilhøyrer selskapet Power Farming. Foto: Jens André M. Birkeland