August Tveide ved NTNU
STUDENT: August Tveide har akkurat starta på utdanninga si ved NTNU. Foto: Henning Levold / NRK

– Eg er ikkje veldig bekymra for jobbmoglegheitene, fortel August Tveide.

Han har akkurat begynt på IT-studia ved NTNU i Trondheim. Der skal han studere dei neste fem åra.

Men dei siste åra har søkartala til denne og tilsvarande utdanningar falle kraftig.

På same tid har talet på arbeidsledige i bransjen dobla seg, viser tal frå Nav.

Likevel er ikkje Tveide bekymra for framtida etter studia.

– Eg trur at dersom ein står på, likar det ein gjer og lagar masse kule ting som folk kan bruke, så vil ein få jobb.

August Tvide på NTNU i Trondheim
Når NRK treff Tveide har han vore student ved NTNU i ei og ei halv veke. Foto: Henning Levold / NRK

– Vi treng at folk vel teknologi

– Draumejobben er å vere med på å pushe grenser og lage heilt nye ting.

– Det er litt corny, men draumen er å gjere verda til ein betre stad. Lage noko nytt som er viktig for folk.

Ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse peiker på at behovet for spesialistar innan IT sannsynlegvis vil auke med 12.000 fram mot 2030.

Aukar det meir er det fare for at behovet ikkje blir dekt, slår rapporten fast.

– Vi treng at folk vel teknologi, informatikk og anna type teknologi.

Det sa forskings- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland (Ap), til Khrono i forkant av søknadsfristen for årets opptak til høgare utdanning.

– Vi må vere med å definere korleis vi utviklar og brukar teknologien, for den vil ha stor betydning for heile samfunnet vårt, sa Aasland i april.

Portrettbilder av Sigrun Aasland (Ap) Forsknings- og høyere utdanningsminister.
Sigrun Aasland oppfordra unge til å velje utdanning innan IT før årets opptak. Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

25 prosent færre søkarar

5440 søkarar hadde ei IT-utdanning på førsteval da dei søkte opptak til høgare utdanning før sommaren.

Det er nesten 25 prosent færre samanlikna med for to år sidan.

At utviklinga i KI skal gjere at jobbane forsvinn, er ikkje Tveide bekymra for.

– Eg er i utgangspunktet positiv til AI så lenge det blir brukt riktig og etisk forsvarleg.

Han meiner det gir moglegheit til å bli ein dyktig utviklar for dei som startar på studia no.

– Kanskje stiller ein betre fordi ein er det dei kallar «AI-native», altså at ein har vakse opp med AI.

August Tvide på NTNU i Trondheim
Tveide fortel at han begynte å lære seg koding allereie i tiårsalderen. Foto: Henning Levold / NRK

Også poenggrensene for å få opptak til studia har falle markant dei siste åra.

For nokre år sidan var Datateknologi ved NTNU blant dei vanskelegaste studia i landet å kome inn på.

Sidan opptaket i 2023 har poenggrensa falle med over elleve poeng.

– Eg synest det er synd for oss som samfunn, seier Tveide.

– Der vi er no er eit kjempeviktig augeblikk i menneskeslekta sin historie. Da burde vi ha dei beste folka til det som eg tenker er dei viktigaste tinga.

August Tvide på NTNU i Trondheim
– Det er jo ingen som veit korleis verda er når eg er ferdigutdanna om fem år. Men det er jo noko av det som er spennande også, seier Tveide. Foto: Henning Levold / NRK

– Bekymra for dei fallande søkartala

– Vi heng etter våre nordiske naboar når det gjeld tilgang på framtidsretta kompetanse og bruk og utvikling av teknologi, seier Øystein Eriksen Søreide.

Han er administrerande direktør i NHO-organisasjonen Abelia.

– Abelia er derfor bekymra for dei fallande søkartala dei siste åra.

Søreide fortel at det enno er mykje usikkerheit knytt til korleis kompetansebehovet innan IT vil sjå ut i framtida, mellom anna på grunn av effekten KI vil ha.

– Det siste året har vi sett at fleire nyutdanna innan IT har møtt utfordringar med å kome inn i arbeidsmarknaden, samtidig som etterspørselen etter erfarne ekspertar er veldig stor.

Han seier det er forståeleg at unge er oppteken av jobbtryggleik når dei vel utdanning.

– Samstundes er etterspørselen etter digital kompetanse stor.

– Derfor er det viktig å jobbe for at overgangen mellom utdanning og arbeid blir betre enn mange opplever no. Her må både næringslivet og det offentlege bidra.

Sara (21) søkjer lukka til sjøs: – Lett å få jobb

Søreide peiker på at søkartala til realfag går ned på alle utdanningsnivå.

– Det er derfor viktig at regjeringa raskt leverer ein ny realfags- og teknologistrategi som lova.

– Vi samarbeider tett med medlemmane og NHO-fellesskapet om innspel, og forventar at strategien blir følgt opp med ressursar som gjer at den kan gjere ein faktisk forskjell.

Fasaden til NTNU Gløshaugen i Trondheim
Linja «Datateknologi» ved NTNU er ei av utdanningane som har hatt eit markant fall i søkartal og poenggrenser for å få opptak. Foto: Morten Andersen

Regjeringa vil legge fram ny strategi

– For å løyse framtidas utfordringar og sikre Noregs konkurranseevne er vi heilt avhengige av folk med kunnskap i realfag og teknologi.

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland (Ap).

Ho fortel at regjeringa vil legge fram sin realfags- og teknologistrategi neste år.

– Strategien skal innehalde tiltak for heile utdanningsløpet, og dette er noko av det viktigaste kunnskapsministeren og eg samarbeider om no.

Portrettbilder av Sigrun Aasland (Ap) Forsknings- og høyere utdanningsminister.
Sigrun Aasland fortel at regjeringa vil legge fram sin nye strategi for realfag og teknologi neste år. Foto: Siri Kvehaugen Saugstad / NRK

Aasland seier det er viktig å utdanne fleire innan fagområde arbeidslivet treng mest.

– Det følgjer vi no opp i dialog med universitet og høgskolar, og gjennom eit nytt kompetansebudsjett som vil bli eit nyttig verktøy i dette arbeidet framover.

Ministeren meiner overgangen frå høgare utdanning til arbeidslivet må bli enklare.

– Fleire praksisplassar og eit tettare samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningsinstitusjonane vil gagne både dei unge og arbeidsgivarane.

– Eg er glad for at NHO no ønsker eit tettare samarbeid – for å lykkes må vi jobbe saman.