– Vi er i neste fase av kampanjen, som er å fokusere på det faktumet at Infantino ikkje har lov til å stille til attval som Fifa-president, seier Nick McGeehan, til NRK.
Han er grunnleggar og direktør i FairSquare, ein organisasjon som blant anna jobbar for godt styresett i internasjonal idrett.
NRK møter han i ei leilegheit han har leigd seg midt i Oslo sentrum. Her har han kort veg til alle møta han har på programmet dei neste dagane.
Han skal møte stortingspolitikarar, organisasjonar og Noregs Fotballforbund. Nå ber han nemleg nordmenn om hjelp. Og med seg på laget har han fått ein tidlegare Fifa-topp med sterke meiningar.
– Eit klart brot
McGeehan og FairSquare har engasjert seg meir og meir i kva som skjer i Fifa. I september sende dei, på vegner av 100.000 menneske, ei klage til etisk komité i den mektige fotballorganisasjonen.
Den gongen gjekk det på åtte ulike hendingar der Infantino har brote med Fifa sitt regelverk.
Nå meiner dei å ha funne ein nøkkel til å få Infantino avsett.
– Dette blir Infantinos fjerde periode som president. Det er eit klart brot på Fifas regelverk, meiner McGeehan.
I regelverket står det at ein president ikkje kan sitte i meir enn tre periodar (12 år). Men Fifa sine advokatar kom i 2022 fram til at Infantino sin første periode ikkje skulle telje fordi Infantino overtok etter Sepp Blatter midt i ein valperiode.
Det er den tolkinga av regelverket McGeehan peikar på. Han snakkar ikkje lenger om Infantino sitt brot på regelverket, men tolkinga til organisasjonen av reglane.
Vil presse Noregs Fotballforbund
Og det er derfor han er i Noreg. Han ønsker at Noregs Fotballforbund skal gå føre og løfte saka før neste Fifa-val i mars 2027.
– Forbundet som har snakka mest om desse tinga og som har vore mest frampå når det gjeld problem med styresettet i fotballen, er det norske. Vi ønsker at dei skal ta leiinga også her – og vise eit eksempel til andre forbund, seier McGeehan.
I den nye kampanjen deira har dei også lagt inn ein funksjon der kven som helst kan gå inn og skrive namnet sitt. Viss nordmenn gjer det, blir det sendt automatisk ein e-post til det norske fotballforbundet med eit krav om at dei skal jobbe for å erklære at Infantino ikkje kan stille til attval.
På den måten håpar McGeehan å presse fotballforbunda til å ta saka vidare.
– Det har vore mange eksempel på påståtte brot på Fifas regelverk og har vore mykje kritikk mot Infantino dei siste månadene. Men ingenting har skjedd. Kva får deg til å tru at dette skal lykkast?
– Dei andre sakene mot Infantino har vore like tydelege brot på regelverket. Det som skil denne saka frå dei andre er at vi ikkje snakkar om politiske saker, men går på regelverket om avgrensingar i talet på periodar. Nå har vi ein situasjon der det allereie er eit enormt press på Infantino. Mange forbund er misfornøgde. Og vi gir dei forbunda eit høve til å presse han ut, seier McGeehan.
– Ingen juridisk verdi
McGeehan har fått med seg tidlegare leiar av styresett-komiteen i Fifa, Miguel Maduro, på kampanjen.
Maduro hadde altså ansvaret for at Fifas regelverk blei følgd da Infantino blei vald. Nå er han ikkje i tvil om at denne fjerde presidentperioden til Infantino strir mot regelverket.
– Ingen har fram til nå sett spørsmålsteikn ved det eg meiner er den mest openberre måten å halde Infantino unna eit attval, seier Maduro.
Tysdag heldt dei ein pressekonferanse saman for å fortelje om kva dei meiner er Fifas store utfordring. Han peikar på at det var Infantinos eige styre som i 2022 gav tommel opp for ein fjerde presidentperiode. Det har dei ikkje myndigheit til, hevdar Maduro.
– Det er berre Fifa-kongressen som kan endre reglane som gjer han valbar. Styreavgjerda har ingen juridisk verdi. Regelverket seier tre periodar, same kor lange dei periodane er, meiner Maduro.
NRK har lagt fram kritikken for Fifa og spurt om grunngjevinga for kvifor Infantino igjen kan stille til val. Fifa svarer ikkje på grunngivinga, men viser til ei pressemelding etter styremøtet i 2022. Der står det:
– Fifa-styret blei einstemmig einig med styresett-komiteen i at perioden mellom 2016 og 2019 ikkje tel som ein periode for Fifa-presidenten. Han er difor i ferd med å ende sin første periode.
– Ikkje sikkert NFF skal ta alle kampane
Onsdag møtte McGeehan Noregs Fotballforbund. Der overleverte han utfordringa.
– Det er ingen knapp ein kan trykke på, innleier fotballpresident Lise Klaveness og siktar til at det ikkje finst nokon enkel løysing.
– Fifa-styret har einstemmig vedtatt, via ei juridisk vurdering, at den første halve perioden ikkje skal teljast. Det er ein rettsleg uklar situasjon. Infantino har større problem enn den saka der, men vi har sett på den mange gonger og er einige i dei vurderingane der (til McGeehan og Maduro, red.mrk.). Men det éin ting å ha rett, og ein annan ting er å få rett, seier Klaveness.
Ho peikar på at ein eventuell rettsleg prosess om det spørsmålet vil ta lengre tid enn til Fifa-valet i mars.
– Sjølv om han skulle vinne valet i mars, så vil vurderinga at det er eit ugyldig val gjelde etter mars. Er det ein kamp de er villige til å ta?
– Ja, det kan godt hende. Det er viktigare ting å ta han på. Det er ein prosess, risikoen er større i den saka. Om du går inn i regelverket så ser du at det er ein uklarheit der. Så du kan lande begge stader. og du kan få to strekar under svaret at han er valbar. Men det er viktig at den saka blir prøvd, seier Klaveness og fortset:
– Det er mange som kan ta den kampen, det er ikkje sikkert at NFF skal ta alle. Vi tar mange, men det går ikkje på manglande vilje. Det går i så fall på at det er taktisk lurare at det er nokre andre enn NFF som tar han. I alle fall aleine.
Utfordrer Infantino for fjerde gang: – Jeg har snakket om dette i over ti år