Fjell med snø.
Ulukka skjedde på Gjertvasstind i Hurrungane. Dette biletet er tatt i mai. Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet fekk melding om ulukka rundt klokka 07.00 søndag morgon. Den amerikanske kvinna skal ha falle i samband med klatring eller rappellering.

Den norske kvinna, som var den andre personen i turfølgjet, varsla naudetatane.

Gjertvasstind ligg i Luster kommune og i fjellområdet Hurrungane vest i Jotunheimen.

Både redningshelikopter og luftambulanse vart sende til området. Mannskap frå Norske Alpine Redningsgrupper (NARG) vart også kalla ut for å hjelpe til i det krevjande terrenget.

– Dette er svært krevjande terreng som krev spesialkompetanse, sa operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.

Den amerikanske kvinna vart henta ut med redningshelikopter og stadfesta omkomen. Dei pårørande hennar er varsla.

Den norske kvinna vart seinare også henta ut frå fjellet. Begge kvinnene er skildra som erfarne klatrarar.

Politiet og redningsmannskapa er ferdige i området. Ulukka skal etterforskast vidare ved Sogndal politistasjon.