Klokka 12:50 melde politiet at dei hadde fått melding om ei fallulukke på Frekhaug i Alver kommune.
Alle naudetatar rykte ut til staden.
Ein person skal ha falle frå eit stillas.
– Det framstår som ei alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.
– Det tyder ikkje på at det er ei arbeidsulukke, men at det har skjedd på ei privat adresse
Luftambulanse er også på staden.